Studentforeiningar kan søka om støtte frå IMK
Kriteria for bruk av fagleg-sosiale midlar:
- Fagleg-sosiale midlar skal nyttast til fagleg-sosiale aktivitetar for studentar på studieprogrammane på IMK.
- Arrangement som er opne for alle studentar på eit program, eller alle programma, blir prioriterte framfor arrangement som berre gjeld eit enkelt emne eller eit enkelt kull.
- Fagleg-sosiale midlar kan ikkje nyttast til kjøp av øl/vin/sprit.
- For arrangementar som går føre seg i lokala til IMK og treng kaffeservering oppfordrar vi studentane til å nytte seg av kaffetraktaren i 2. etasje.
Ekstraordinære kostnadar til masteroppgåva
Masterstudentar ved IMK kan søkje om støtte til ekstraordinære kostnader til masteroppgåva. Søknaden sendes til studieinfo@media.uio.no
Hugs stadfesting frå rettleiar!
Reglar for tildeling av midlar til masteroppgåva:
- Du må sende søknaden på førehånd.
- Masterstudentar kan søkje om inntil 1500 kr for å dekke ekstraordinære kostnader til masteroppgåva
- Kostnadene MÅ vere relaterte til arbeidet med masteroppgåva
- Du kan berre få støtte ein gong i studietida
- Rettleiar må støtte søknaden
Kva er ekstraordinære kostnader til masteroppgåva?
- Deltaking på konferansar for å presentere oppgåva eller samle data
- Feltarbeid
- Kjøpe data/lisens/aviser/materiell du treng til oppgåva
- Anna materiell direkte knytt til masteroppgåva
Dette reknas ikkje som ekstraordinære kostnader til masteroppgåva:
- Pensum
- Teknisk utstyr som PC eller liknande
Skal du delta på ein konferanse og presentere funn fra masteroppgåva di? Ta kontakt med studieinfo@media.uio.no.