Eline Nygaard

Anerkjent pianist og musikkpedagog med ei sentral rolle i utviklinga av instituttet

Eline Nygaard (1913 - 2011) var pianist og musikkpedagog, og vart anerkjent som ein av landets fremste klaverpedagogar. Nygaard vart universitetslektor ved instituttet i 1971 og førsteamanuensis i 1981. Ho hadde også karriere som pianist,og gav ei rekke konsertar og var mellom anna på Amerikaturné i 1949. Nygaard var ein metodisk person, som samtidig hadde eit heilskapleg perspektiv på pianospel og musisering som inkluderte  kroppslege og andelege aspekt. Ho var ein viktig ressurs for instituttet, og var aktiv med i møte og arrangement. Ho hadde ei stor kontaktflate, blant anna med Antonio Bibalo og andre komponistar. Dette kom instituttet til gode når ho blant anna inviterte til opne seminar med Harald Sæverud og David Monrad Johansen.

Kjelder: Store norske leksikon, Arvid O. Vollsnes og personsiden til Anne Eline Riisnæs.

Publisert 2. apr. 2014 17:50 - Sist endret 21. juli 2022 10:15