Sigvald Tveit

Tveit var sentral i utviklinga av satslærefaget, og ein viktig person i IMV sin historie. Han var tilknytt instituttet i meir enn 30 år.

Sigvald Tveit (1945–2019) tok utdanninga si ved Institutt for musikkvitskap, Noregs musikkhøgskule og Grove School of Music i USA. Han vart tilsett som universitetslektor ved IMV i 1972, og vart førsteamanuensis i 1984. Han var ein lang periode hovudlærar i satslære og musikkteori, og var ein sentral aktør i utforminga av satslærefaget. Boka Harmonilære fra en ny innfallsvinkel, som kom ut første gang i 1984, har blitt eit hovudverk for musikkutdanningar i heile landet, og kom i ny utgåve i 2008. Tveit hadde ei brei fagleg interesse, og var i arbeidet sitt oppteken av både populærmusikk, synthar, sampling og ny teknologi i tillegg til den tradisjonelle satslæra og musikkvitskapen. 

Tveit var også kjent som komponist og ein viktig aktør i norsk musikkliv. Han jobba med eit breitt spekter av musikk i mange stilartar, frå musikk for born til kyrkjemusikk. Av komposisjonane hans finn vi over to tusen verk, mellom desse er ei rekke musikkspel og musikk til fjernsynsseriane Portveien 2og Sesam stasjon. Tveit komponerte og harmoniserte ei rekke salmar i salmeboka, til dømes Tenn lys.

Les meir om Sigvald Tveit i Store norske leksikon.

 

Publisert 2. apr. 2014 17:51 - Sist endret 29. nov. 2019 22:54