LIA Sápmi - Sámegiela hállangiellakorpus

LIA Sápmi - Sámegiela hállangiellakorpus inneheld opptak og transkripsjonar frå nordsamiske område. 

Logoen til LIA Sápmi

Korpuset har 122 informantar frå 19 stader og nesten 190 000 ord. Korpuset er ordklassetagga av Giellatekno.

Korpuset er eitt av resultata frå infrastrukturprosjektet LIA (Language Infrastructure made Accessible), eit nasjonalt samarbeidsprosjekt mellom fire universitet (UiO, UiB, UiT og NTNU), Norsk Ordbok 2014 og Nasjonalbiblioteket. Hovudmålet for prosjektet var å redde gamle talemålsopptak med norsk og samisk språk, transkribere og annotere dei og leggje dei inn i databasar slik at dei blir revitaliserte som verdifullt forskingsmateriale.

Korpuset er fritt tilgjengeleg for forsking i søkeverktøyet Glossa, som er utvikla av Tekstlaboratoriet. Logg inn med Feide eller CLARIN. (Kontakt tekstlab-post@iln.uio.no dersom du treng eit anna innloggingsalternativ.)

Les meir på heimesida til LIA.

 

Søk i korpuset

 

 

Publisert 22. juni 2023 14:12 - Sist endret 26. jan. 2024 13:52