Norsk dependenstrebank (NDT) i Glossa

Dei to trebankane NDT nynorsk og NDT bokmål inneheld omlag 300 000 token kvar (ordformer og skiljeteikn) og er søkbare i søkegrensesnittet Glossa. Du kan søke på morfologiske og syntaktiske kategoriar, og få syntaktiske tre som resultat.

Syntaktisk tre i NDT

 

Søk i NDT - nynorsk

Søk i NDT - bokmål

 

Norsk dependenstrebank (NDT) blei utvikla av Språkbanken ved Nasjonalbiblioteket i samarbeid med Tekstlaboratoriet i perioden 2011-2014.

Den morfologiske analysen følgjer Norsk referansegrammatikk, medan dependensgrammatikk er nytta for den syntaktiske analysen. Det blei laga eigne retningslinjer for annoteringa av korpuset. Annoteringa er gjort maskinelt, men begge trebankane er kvalitetssjekka og manuelt korrigerte av to lingvistar.

NDT i Glossa er utvikla for språkstudentar og språkforskarar som vil gjere enkle morfologiske og syntaktiske søk.

NDT kan også lastast ned i CoNLL-format, og har vore mykje nytta til språkteknologiske oppgåver.

 

 

 

Publisert 26. apr. 2024 13:36 - Sist endret 26. apr. 2024 14:14