Arkeologifunn i Tyrkia: Brente beinrestar kan vitne om protest mot kristendom

Funn av kremerte beinrestar i oldtidsbyen Hierapolis kan tyde på ein konfliktfylt overgang til kristendomen. Heidningane i området kan ha tvihalde på gravskikkane sine.

Forskarar ved Universitetet i Oslo tok del i utgravingar frå 2007. Feltarbeidet er avslutta. (Foto: Utgravningsprosjektet, UiO)

Arkeolog Rasmus Brandt (framme til venstre) var initiativtakar og seinare leiar for den norske deltakinga i utgravingsprosjektet. Her er han saman med tyrkiske og norske medarbeidarar i 2009.

Hierapolis ved Pamukkale i dagens Tyrkia var ein gong ein viktig by i Romarrikets Lilleasia. Her budde det kunstnarar, handverkarar, bønder, jordeigarar og handelsfolk.

Det fanst politikarar og embetsmenn, tekstilarbeidarar og -fargarar. Nokre var frie borgarar, andre var slavar. Og frå fjern og nær kom folk for å pleie seg i varme kjelder.

I dag står det marmorkvite søyler, søylegangar, fontener og tempel att og minner om livet som ein gong var. I tillegg er eit teater og nokre offentlege og private bygningar godt ivaretekne.

Sidan 1957 har Hierapolis blitt graven ut av italienske arkeologar. Forskarar ved Universitetet i Oslo starta utgravingar i 2007, etter førespurnad frå italienarane.

Gravfunn syner at kremasjon heldt fram 

I åtte år har dei norske forskarane grave ut tre monumentale graver og dokumentert beinrestar frå minst 230 personar.

Gravene har blitt brukte igjen og igjen, over lang tid. Her ser vi ned i husgrava til den heilage Eutyches som levde om lag 100 år e.Kr. Beina på biletet er derimot frå kristne gravferder tusen år seinare. (Foto: Utgravningsprosjektet, UiO)

No kan eit av dei norske funna rokke ved ei lenge vedteken sanning i arkeologien, ifølgje prosjektleiaren.  

– Forskarar har lenge trudd at kremasjon ebba ut som skikk i Romarriket rundt midten av 200-tallet e. Kr. No viser våre funn at kremasjon kan ha føregått heilt fram til 500-talet. Kanskje har dette vore innbyggjarane sin stille protest mot kristninga av området. Kristne gravla sine døde som lik med tanke på at mennesket skulle stå opp igjen på dommens dag. Heidningane hadde i lang tid praktisert kremasjon, seier klassisk arkeolog Rasmus Brandt, som har leia prosjektet.

Del av ein kjeve som er svartbrent av kremasjonsbålet. (Foto: Utgravningsprosjektet, UiO)
I gravene blei det funne både ubrente og brente, eller kremerte, bein. Mellomhandsbeinet til venstre er ubrent, beinet i midten er delvis brent, og til høgre ser vi eit kvitbrent bein som har krympa som følgje av brenning. (Foto: Utgravningsprosjektet, UiO)

Overgangen til kristendomen var truleg konfliktfylt

Frå 200-tallet manifesterte kristendomen seg stadig sterkare i den romerske verda. Nokre stader var overgangen glidande og lett. Andre stader var han svært konfliktfylt. I Hierapolis har det truleg vore konfliktar, ifølgje Brandt, som mellom anna baserer seg på dei arkeologiske funna i gravene og i bysamfunnet.

Analysane av beinrestar viser at kremasjon og likgravferder vart praktisert parallelt i enkelte periodar gjennom romersk keisartid, og at den siste perioden med kremasjonar kan daterast mellom 300-talet og tidleg 500-tal.

Brandt trur at mange arkeologar som begynner å sjå nærare på dateringane sine, vil oppleve at det har vore langt fleire seine kremasjonar i Lilleasia og kanskje elles i Romarriket enn ein har rekna med.

– Viss mi tolking er rett, at kremasjon på 300-500-talet til tider er blitt brukt av familiar for å understreke deira heidenske tru, kan også framtidige kremasjonsfunn frå denne perioden fortelje om sosiale og religiøse konfliktar. Skiftet frå heidensk til kristen religion skjedde ikkje konfliktlaust over natta, seier Brandt.

Ei alternativ tolking er ifølgje Brandt at kremasjon ikkje var ein stille protest, men at enkelte innbyggjarar berre ønska å halde på ein eldre familietradisjon.

Apollon-tempelet vart øydelagt

Før kristninga tilbad mange i Hierapolis den greske guden Apollon. Italienske arkeologar har funne restar av Apollon-tempelet som vart øydelagt rundt år 400.

Denne øydelegginga er eit anna tydeleg teikn på religionskonfliktar i området, ifølgje Brandt.  

– På alteret framfor Apollon-tempelet vart dyr ofra og brende, slik at guden kunne kjenne lukta av brent kjøt. På den måten blei det oppretta ei kontakt mellom menneska og guden. Skikken vart forboden av keisar Teodosius i år 391, som på den måten i praksis forbaud heidningane å få kontakt med guden sin, om det var Apollon eller andre. Omtrent på same tid vart Apollon-tempelet rive. Steinblokkene det var bygd av vart knust i små bitar. Tanken var nok å radere Apollon-kulten totalt frå minnet, seier arkeologen.

Spor etter eit kristent samfunn

Kort tid etter Jesu død hadde apostelen Filip kome til Hierapolis for å forkynne evangeliet. Han skal ha blitt avretta og gravlagd her i ei vanleg romersk monumentalgrav.

Etterkvart tiltrekte grava seg eigne kulthandlingar, som dei italienske arkeologane har funne spor etter.  

Digitalt skapt rekonstrusjon av Filip-heilagdomen, med badeanlegget til venstre. Herifrå førte ei monumental trapp opp til basilikakyrkja til høgre og pilegrimssenteret til venstre. (Rekonstruksjon av Massimo Limoncelli)

Blant spora er restane av eit kristent senter, som vaks fram rundt år 400. Her stod det ei badebygning, der folk vart vaska og reinsa, og det var ei kyrkje rundt Filip si grav.

I bakken ovanfor kyrkja var det ei stor kvadratisk bygning for tilreisande pilegrimar. Bygninga hadde eit åttekanta kyrkjerom i midten, og alteret var plassert på staden der apostelen skal ha blitt krossfest med hovudet ned.  

Italienarane sine funn gjev, ifølgje Brandt, støtte til ei historie som dukka opp nettopp i denne tidlegkristne tida. Historia er eit såkalla «apokryft evangelium», som betyr at ingen vil gå god for ho som eit offentleg dokument.

Mykje jord måtte fjernast i arbeidet i gravene. Her er Irene Selsvold (til venstre) og Helene Russ i grava til Aurelio. (Foto: Utgravningsprosjektet, UiO)

Jordskjelvdrama frå Jesu tid

Hovudpersonane i det apokryfe evangeliet er den romerske guvernøren, guvernørens kone og apostelen Filip. Filip var lite populær hos guvernøren, men guvernørens kone var svært fascinert av han. Kanskje påverka dette guvernørens vedtak om å arrestere og avrette Filip.

Gravstaden til Apostelen Filip, ein av Jesus sine 12 disiplar, blei funnen i Hierapolis i 2011.

Ifølgje historia opna jorda seg etter at Filip var blitt krossfest. Inn i den enorme sprekken ramla guvernøren og alt folket som tilbad den heidenske slangeguden. Dei ropte på hjelp og vart redda av Kristus. Då forstod dei at dei hadde teke feil og skunda seg for å redde Filip. Men han ønska å døy.

– Nokon har meint at ein kan ikkje stole på denne historia. Andre har meint at ho har ei kjerne av sanning. Etter dei funna italienarane har gjort, heller eg mot det siste. Nokre år etter Filips død, i år 60 e.Kr., vart byen ramma av eit kraftig jordskjelv. Det er ikkje umuleg at denne hendinga, tydeleg i folk sitt minne, har lagt seg oppå historia om Filips martyrdød, seier Brandt.  

Hierapolis ligg i ei jordskjelvsone og ei kraftig jordskjelvforkasting går tvers gjennom byen.

– Jorda som opnar seg er truleg eit bilete på ei omvending blant folket. Det kan godt tenkast at ei verkeleg tragisk hending med mange dødsfall kan ha gitt inspirasjon til denne historia, seier Rasmus Brandt.


 

Av Silje Pileberg
Publisert 20. okt. 2016 14:32 - Sist endret 11. okt. 2019 13:47