Arkeologifunn i Tyrkia: Oldtidsmennesket levde godt

Folk i romartida levde lenger og hadde betre helse enn folk i middelalderen, tusen år seinare. Det er ei av oppdagingane etter ni års utgravingar i oldtidsbyen Hierapolis i Tyrkia.

Arkeolog Rasmus Brandt var initiativtakar og seinare leiar for den norske deltakinga i utgravingsprosjektet. På dette gruppebiletet frå 2009 står han foran til venstre saman med tyrkiske og norske medarbeidarar ved grava til den heilage Eutyches.

I ni år har norske forskarar saman med utanlandske kollegaer undersøkt og grave ut ein av dei store gravplassane i byen Hierapolis i det vestlege Tyrkia.

Her levde og døydde titusenvis av menneske frå før Jesu tid og fram til 1300-talet, avbrote av eit par hundre år mellom 650 og 850.

– Utgravingane viser at folk som levde i romersk keisartid og tidleg middelalder hadde klart betre livskvalitet enn dei som levde i høgmiddelalderen, seier klassisk arkeolog Rasmus Brandt. 

Romersk keisartid og tidleg middelalder var perioden frå Kristi fødsel og fram til rundt år 650 e. Kr., då Hierapolis vart ramma av eit kraftig jordskjelv. Byen vart lagt aude fram til rundt år 850, og tida frå då og fram til 1300-talet reknast som høgmiddelalderen.

Har analysert beinrestar

I 2007 starta Universitetet i Oslo utgravingar etter ein førespurnad frå italienske arkeologar, som hadde arbeidd med byen sidan 1957.

Norske forskarar og studentar har, med assistanse frå utlandet, grave ut tre monumentale graver og dokumentert beinrestar frå minst 230 personar. Og av gamalt marg og bein kan ein lese mykje.

Arkeolog Eva Marie Sund grev fram tre bysantinske kranium liggjande ved sida av kvarandre i grava til Eutyches.

Beina vart sende inn til radiokarbondatering. Radiokarbon blir tatt opp av kroppen når menneske er i live, men når vi døyr, begynner karbonet sakte å forlate kroppen. Sidan dette tar veldig lang tid, er målingar ein metode som brukast for å finne ut kor lenge personen har vore død.

– Fordi gravene er blitt brukte igjen og igjen, er beina blitt rota saman. Difor får vi berre ut generelle data, vi får ikkje informasjon om kvart enkelt individ. Men noko av det vi ser, er at folk som levde dei første hundreåra etter Kristus hadde færre sjukdomar og levde lenger enn dei som kom seinare. Dette har også kome fram av andre utgravingar i Hellas og Tyrkia.

Sjølv om rundt 30 prosent av barn døydde før dei var eit år gamle, var dette relativt lågt i forhold til i høgmiddelalderen, då delen var heile 40-50 prosent.

Barna døydde av fleire årsaker: diaré, kolera, feber, infeksjon i mandlar og hals, meningitt, akutt mellomøyrebetennelse, beinbetennelse eller berre feilernæring.

Livet var tøffare i høgmiddelalderen

– Det romerske samfunnet hadde klart betre sanitære forhold enn middelaldersamfunnet. Dei hadde svære bad der ein kunne vaske seg dagleg, og byane hadde lukka kloakksystem. I middelalderen var livet tøffare. Mange sjukdomar var like i dei to periodane, men i høgmiddelalderen var det fleire som vart ramma, seier Brandt.

I beinrestane har forskarane sett at 22 prosent av innbyggjarane i høgmiddelalderen fekk anemi, medan 9 prosent vart ramma av dette i romartida. Ei muleg årsak til anemi var mangelfullt kosthald. Og medan 17 prosent har spor av arbeidsslitasje i høgmiddelalderen, gjeld dette berre 11 prosent i romartida.

Frå grava til Eutyches: Bein frå bysantinsk tid i midtgangen mellom gravbenkane. Gravene er blitt brukte igjen og igjen, og beina er difor blitt rota saman. Analysar av beinrestar frå minst 230 personar i Hierapolis fortel likevel ein god del om sjukdom, helse og levekår. I dei tre gravene som er undersøkte vart to av personane frå romartida eldre enn 60 år. Det er opp til eit par tiår meir enn levealderen i høgmiddelalderen.

Arkeologane har vidare funne at romarane hadde betre tannhelse med mindre danning av tannstein, mindre tannråte og færre tilfelle av mista tenner.  

 Det er likevel ikkje alle sjukdomar materialet kan fortelje om. Virus- og infeksjonssjukdomar set ikkje spor i skjelettet, og arkeologane veit derfor lite om førekomsten av det.

Folk vart ikkje gamle

Samanliknar vi med i dag, vart ikkje folk gamle, verken i romartida eller i høgmiddelalderen.

Eit skjelett kan ikkje fortelje nøyaktig når eit menneske vart fødd eller døydde, men tidlegare forsking har estimert at folk i antikken (frå rundt 700 f. Kr til 500 e. Kr.) kunne rekne med å bli mellom 20 og 30 år gamle. Levealderen varierte med geografisk område, økologisk sone, tidsepoke og sosial stand. 

Ei viktig årsak til den låge gjennomsnittsalderen var at mange born døydde.

– Neppe meir enn 50 prosent av folket nådde ti års alder, men gjorde ein det, var framtidsutsiktene brått betre og ein kunne fort bli 45-50 år eller meir, seier Rasmus Brandt.

I dei tre gravene Brandt og kollegaene har undersøkt vart berre to av personane frå romartida eldre enn 60 år, og i høgmiddelalderen nådde ingen ein slik alder. Kvinnene var særleg utsette, sannsynlegvis fordi dei fødde mange barn: Forskarane har ikkje funne nokon kvinner frå høgmiddelalderen som nådde ein alder av 40 år.

Kan ha hatt mangelsjukdommar

Gjennom analyser av tenner har forskarane danna seg eit bilete av kva som stod på menyen i Hierapolis, både i tidleg romersk keisartid og i høgmiddelalderen. Maten var i stor grad kjøt, mjølk og korn, som dekkjer det meste av næringsbehova til mennesket.

Likevel er det både i Hierapolis og andre stader i Lilleasia blitt gjort funn som tydar på underernæring. Sannsynlegvis heng dette saman med eit lite variert kosthald, og at korn utgjorde rundt 70 prosent av det daglege kaloriopptaket.

Dette landskapet har status som verdsarv. Frå byen Pamukkale er det utsikt til dei kjende kalkformasjonane og til ruinane av Hierapolis, som ligg like ovanfor.

– Korn har eit svært lavt protein- og kalsiuminnhald. Kornprodukt inneheld tiamin og E-vitamin, men dei er stort sett fri for A, C og D-vitaminar. Ein svært kornrik kost kan derfor gje alvorlege helseproblem, forklarer Rasmus Brandt.

Professor Rasmus Brandt har medverka til å avdekke nye sider ved Hierapolis. Oldtidsbyen var eit heidensk valfartsmål og dei varme kjeldene vart sett på som inngang til underverda.

Feilernæring kunne mellom anna gje engelsk sjuke og augesjukdomar.

Engelsk sjuke med svekka knoklar og skjørbuk kan i dag lesast ut frå skjeletta, men at augesjukdommar var utbreitt veit forskarane på grunn av innskrifter i heilagdomar som var vigd til legekunstens gud, Asklepios.

Sjømat var ikkje på menyen

Den daglege næringa var land- og ikkje sjøbasert. At folk i Hierapolis åt lite sjømat er ikkje overraskande for forskarane.

Men at sjømat heller ikkje stod på menyen i hamnebyen Efesos, 18 mil lenger vest, finn dei meir underleg.

– Vi veit ikkje kvifor folk åt lite sjømat. Ei av forklaringane kan vere ein klipperik kyst, som vanskeleggjorde fiske med nett frå land. Dette var den vanlegaste fiskemetoden. Men det kan også skuldast tabuar eller etiske idear. Av alle dei levande vesen som menneske et, er fisk det einaste som et menneskekjøt. Ein kan tenkje seg at folk ikkje ønska å ete dyr som kunne ha fødd seg på ein slektning eller ven dei miste på havet. Denne typen folketru har eksistert til alle tider, seier Brandt.


Sjå innslag på NRK TV frå 2011 Schrödingers katt: Apostelen Filips grav

Av Silje Pileberg
Publisert 19. juli 2016 16:40 - Sist endret 11. okt. 2019 13:48