Historieprofessor skal leie millionprosjekt om Statoil

Universitetet i Oslo skal leie arbeidet med å skrive historia til Statoil og den norske oljeindustrien. – Når ein ser på kor viktig oljen er for Noreg, er det påfallande kor lite vi veit, seier prosjektleiar Einar Lie.

Høge ambisjonar: Kommunikasjonsdirektør i Statoil, Reidar Gjærum, leiar styringsgruppa for det store historieprosjektet som professor Einar Lie skal starte opp. (Foto: Ole Jørgen Bratland - Statoil)

Statoil har valt Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH) ved Universitetet i Oslo som ansvarleg for å skrive Statoils historie, eit omfattande forskingsprosjekt med historiefagleg forankring. Selskapet finansierer prosjektet, som har ei kostnadsramme på rundt 25 millionar kroner. 

I år 2022 rundar Statoil 50 år og då skal selskapets historie vere skriven.

Prosjektleiar er historieprofessor Einar Lie ved IAKH. Han skal trekke inn forskarar både frå Universitetet i Oslo og andre institusjonar. Avtalen mellom UiO og Statoil vart underteikna 23. juni 2016.

– Dette vil føre til auka kunnskap både for forskingsinstitusjonane og samfunnet. Vi får tilgang til mykje og ny dokumentasjon, og vi får også mulegheita til å gå djupt inn i også kontroversielle sider ved Statoil si etablering og utvikling, seier Lie. 

Prosjektet «Statoils historie» skal vere fullført til selskapet sitt 50-årsjubileum i 2022. Bilete frå Osebergfeltet. (Foto: Harald Pettersen - Statoil)

Prosjektet skal skje i to fasar. Den første vil ha ein brei tematisk innfallsvinkel og mellom anna inkludere to post dok-stillingar og eitt doktorgradsprosjekt, som vil bli lyst ut.

I den andre fasen vil forskarar nedfelle historia i to bind.

Påfallande lite kunnskap

Einar Lie har tidlegare skrive historiene til fleire norske selskap. Etter at Statoil kontakta han med ein førespurnad, utarbeida Lie og kollegaer ein rapport om korleis prosjektet kan utformast. Denne har Statoil godkjent.

– Statoil har valt Institutt for arkeologi, konservering og historie ved Universitetet i Oslo som ansvarleg for prosjektet. Dei har Nordens største historikarmiljø, og god erfaring frå tidlegare omfattande og relevante historieprosjekt, seier Gjærum.

For Lie er det er viktig at prosjektet følgjer normene for uavhengig forsking. Dette er sikra på fleire punkt i avtalen.

Vi skal ha rett til å publisere resultata våre løpande i vitskapelege bøker og tidsskrift, og tematikken vi skal skrive om er breitt definert. Dette skal handle om historia til Statoil og norsk oljeverksemd, seier Lie.  

Han meiner at det er ei viktig historie å fortelje.

– Når ein ser på kor viktig oljen er for Noreg, er det påfallande kor lite vi veit. Oljen har flytta Noreg frå å ha ein velstand som er midt på treet blant vestlege land til å liggje heilt i front. Innan oljesystemet blir det også fatta store avgjerder, som får konsekvensar både for lokalsamfunn, leverandørar og nasjonal økonomi. Likevel er særtrekka ved den norske oljeverksemda, og korleis ho har utvikla seg,  relativt lite studert.

Staten har sikra seg oljeinntekter

Eitt av temaa som blir sentrale i prosjektet, er korleis staten og samfunnet har klart å sikre seg ein stor del av oljeinntektene. Dette er ikkje tilfelle i alle land, og forskarane ønskjer å sjå nærare på dei institusjonelle og politiske strukturane som har gjort det muleg.

Statoil har vore ein av dei mest sentrale aktørane i norsk oljeindustri sidan tidleg på 70-talet. No får forskarar tilgang til mykje og ny dokumentasjon. (Arkivfoto: Statoil)

Eit anna tema er dei ringverknadene oljeverksemda har hatt til andre industriar.

– I Noreg er det bygd opp ein stor leverandørindustri for oljeverksemda, og det vil vere interessant å sjå nærare på kva rolle Statoil og andre selskap har hatt for oppbygginga av desse. Mange andre land har ikkje fått det til. Ein treng sterke tiltak og vedvarande arbeid  for å kople industriar på denne måten, seier Lie.   

Frå statleg til privat selskap

Det har også skjedd store endringar i Statoil etter etableringa i 1972. Selskapet var først statleg og utøvde politikk. Det har sidan utvikla seg til eit selskap underlagt børsreglementet, der den norske staten er hovudaksjonær.

– I starten skulle Statoil vere ei motvekt til andre internasjonale selskap. Men etterkvart har det blitt meir og meir likt andre, og Statoil ekspanderer i utlandet akkurat som andre internasjonale oljeselskap. Fagleg er dette veldig fascinerande. Vi vil nok også ønske å studere måten Statoil opererer på i utlandet; om dei legg dei same prinsippa til grunn ute som her heime, seier Lie. 

Kommunikasjonsdirektør Reidar Gjærum i Statoil er fornøgd med avtalen med UiO.

– Vi har høge ambisjonar for prosjektet. Dette handlar om noko langt meir enn selskapshistorie. Det er Noregshistorie som vil bli formidla gjennom arbeidet, seier Gjærum.

  •  
Av Silje Pileberg
Publisert 24. juni 2016 13:33 - Sist endret 2. juni 2022 13:06