Langhus i jarnalderen blei brende og gravlagde

Gravhaugar kan like gjerne markere grava til eit hus som til eit menneske, meiner arkeolog Marianne Hem Eriksen.

Langhus i Lofoten. Foto: Marianne Hem Eriksen

Heilt frå bronsealder til vikingtid kunne gravhaugar bli plasserte oppå restane av treskipa langhus. Først fjerna dei somme tider stolpane inne i huset, som fungerte som berebjelkar. Så sette dei eld på huset. Etter at huset hadde brunne ned, plasserte dei ein eller fleire gravhaugar oppå restane av det nedbrende huset.

Marianne Hem Eriksen er førsteamanuensis ved Institutt for arkeologi, konservering og historie. I ein artikkel i European Journal of Archaeology ser ho nærare på årsaka til den nemnde praksisen.

– Eg studerer sju ulike gravlagde hus frå jarnalderen i Skandinavia, på fem forskjellige stader: Högom i Sverige, Ullandhaug i Rogaland, Brista i Uppland, Sverige, Jarlsberg i Vestfold og Engelaug i Hedmark, fortel Eriksen.

Skikken med å setje hus i brann for så å leggje gravhaugar oppå, kan minne om ein kremasjon. Eriksen meiner at gravhaugane like gjerne kan markere at det er eit hus som er kremert og gravlagt – det treng ikkje vere eit menneske.

– I fleire tilfelle har det ikkje vore råd å finne leivningar av menneske, sjølv ikkje der vi ville venta at slike leivningar var bevart. Ein har likevel, meir eller mindre implisitt, gått ut frå at det – ein eller annan stad – må vere eit daudt individ.

– Mange av dei norrøne orda som handlar om hus, er henta frå menneskekroppen, seier forskar Marianne Hem Eriksen. Foto: UiO

Store omveltingar

Ifølgje forskaren er det slåande at det treskipa langhuset overlevde i nesten 3000 år i skandinavisk forhistorie – særleg med tanke på dei enorme omveltingane som skjedde i denne perioden.

– Mange har trekt fram arkitektur som eit grunnleggjande uttrykk for ideologien i ein spesifikk kultur. Særleg i samfunn som ikkje har noko skriftspråk, vert arkitekturen svært viktig og eit kollektivt uttrykk for ein bestemt kulturs organisering og tenkjemåte, peikar ho på.

Tida frå eldre bronsealder til mellomalderen var prega av enorme, djuptgripande sosiale, politiske og religiøse omveltingar. Mot slutten av bronse- alderen hadde dei hovdingdømme, så kollapsa bronsenettverka. Hundreåra før Kristi fødsel seiest å ha vore prega av likskap og egalitet. Deretter kom Romarrikets vekst og fall, og folkevandringstida med heilt enorme migrasjonar – då kunne ein verkeleg snakke om «Europe on the move». I tillegg har vi vikingane sine raid og kolonisering.

– Gjennom heile denne perioden heldt folk i Skandinavia fram med å byggje husa sine på meir eller mindre akkurat same måte. Det er svært interessant, meiner arkeologen.

Husets livssyklus

Og kva er så forklaringa på at det treskipa langhuset kunne overleve så lenge? Marianne Hem Eriksen har gått til antropologien for å lære om ulike kulturar sitt forhold til husa dei bur i.

Les heile saka i forskningsmagasinet Apollon.

Av Toril Haugen
Publisert 20. mars 2017 15:57 - Sist endret 5. juli 2018 14:02