Geopolitikk - Russland mot Vesten, eller Vesten mot Russland?

Nyheitsbiletet våren 2022 var prega av den russiske invasjonen av Ukraina. I samband med dette har eit breidt spekter av ekspertar gitt sine forklaringar på kvifor invasjonen fann stad. Fleire av forklaringane har fokusert på Ukraina si vestvending etter 2014, medan andre har peika på interne russiske forhold i nyare tid. Er det mogeleg å finne forklaringar som ligg lenger bakover?

Gammelt illustrert kart over Russland, Europa og Asia. På kartet fremstilles Russland som en stor blekksprut med tentakler som brer seg i ulike land. De andre landene er skissert som ulike mennesker og soldater. Det er flere segmenter med tekst på kartet som står i bokser øverst til høyre og nederst på kartet.

Kisaburō Ohara, Europe and Asia Octopus Map, 1904 Cornell, Wikimedia Commons

Dette spørsmålet prøvde vi å finne ut av ved å sjå på den historiske geopolitikken mellom Russland gjennom ein panelsamtale. Med i samtalen var Øyvind Østerud, professor i internasjonale studier ved UiO, og Kate Hansen Bundt, generalsekretær i Den norske Atlanterhavskomiteen. Østerud har skrive boka «Geopolitikk» som gir ei forklaring på korleis storpolitikk i vår samtid kan bli forstått ut geopolitiske perspektiv. Bundt har ekspertise på tysk politikk, europeisk integrasjonsprosess og NATO.

Kva er geopolitikk?

Samtalen starta med å få oppklart kva geopolitikk er. Østerud forklarte geopolitikk som ein forklaringstradisjon som vaks fram rundt 1900 der ein er opptatt av forhold som ligg mellom statsmakt og dei geografiske føresetnadane. Tradisjonen er særleg opptatt av konkurransen mellom stormaktene og deira ulike interesser. Korleis kan dette perspektivet hjelpe oss å kaste lys over konfliktene mellom stormaktene og invasjonen i Ukraina? 

Tre mennesker sitter ved et pult i et auditorium. I bakgrunn er et kart over Russland avbildet samt en tavle.
Foto: Tore Storehaug

Kva vil Russland?

Paneldeltakarane blei spurt om korleis geografi har vore ein konstant faktor i forholdet mellom Russland og Vesten. Ein grunnleggande forskjell mellom Russland og særleg Storbritannia men og Frankrike er i følgje Østerud at Russland har vore ei anna type stormakt og ikkje har hatt det same brotet med imperietradisjonen. Derimot er dei geopolitiske erspektiva i Russland prega av interesser i naboområda og særleg tilgangen til isfrie hamner. For dei andre stormakter har det vore eit geopolitisk mål å ikkje dele hegemoniet på havet.

Likevel vektla både Østerud og Hansen Bundt nokre klåre brot i nyare russisk historie. Østerud trakk fram Putin sitt utsagn om at «Den største geopolitiske katatastrofa i det 20. århundre var oppløysinga av Sovjetunionen». Putin sitt seinare presidentskap er farga av å vere ein motsats til tida som fulgte oppløysinga av Sovjetunionen. Relasjonen til Vesten har svinga frå samarbeid, som under den amerikanske invasjonen i Afghanistan, til ei aukande spenning og eskalering.

Kva vil vesten?

Spenninga med Russland har gjort at EU og særleg Tyskland har gjennomført store endringar i si geopolitiske tenking. Kjernen i invasjonen i Ukraina meinte paneldeltakarane ligg i landet si vestvending og forhandlingar om tettare band med EU, særleg frå 2013 og etter revolusjonen i 2014.  «Byråkratane i Brussel tenkte ikkje geopolitikk» (sitat kven?). Dette blei møtt med Russland si annektering av Krim og krig i mellom pro-russiske utbrytarar og ukrainske soldatar aust i landet – før invasjonen starta i februar. Konflikten og invasjonen har hatt motsatt effekt av dei russiske interessene. Den har blitt møtt med sterkare ønskje om vestvending og ei styrking av ukrainsk identitet.

I tida etter invasjonen har fleire vestlege stormakter lagt om sin russlandspolitikk. Hansen Bundt vektlegg at den tidelegare «ostpolitikken» der Tyskland har forsøkt å spele ei brubyggarrolle og har bunde energipolitikken sin til import av russisk gass snudde nærast over natta. Det omstridde Nord Stream 2-prosjektet blei skrota og for første gang sidan andre verdskrig gav den tyske regjeringa og forbundsdagen eit løfte om ei kraftig oppbygging av millitærmakt.

Er det andre grunnar til invasjonen?

Under panelsamtalen blei dei uttalte grunnane til eskaleringa av spenningsnivået og invasjonen diskutert. Særleg i synet på NATO si utviding austover kom det fram ulike perspektiv frå dei to paneldeltakarane. Østerud meinte bekymringa frå Russland var reell og at landet i aukande grad kjenner seg omringa av fientlege makter, han meinte og at forståinga ved muren sitt fall og sameininga av Tyskland var at NATO ikkje skulle utvide seg aust. Bundt Hansen på den andre sida framheva at Putin i 2002 prisa NATO og snakka om eit tettare samarbeid, ein uttale som kom like etter at fleire austlege land hadde meldt seg inn.

 

Vil du lære meir?

Å arrangere ein paneldebatt i ei konflikt som er under utvikling gjer at det gjerne er spørsmål som kjem til etter arrangementet eller der føresetnadane har forandra seg på svar som har blitt gitt. For å forstå utviklinga og meir om bakgrunnen for verdssituasjonen er dei to paneldeltakarane gode stadar å starte. Til dømes kan vi anbefale Øyvid Østerud si bok «Geopolitikk – en nøkkel til storpolitikken» og Kate Hansen Bundt seminarverksemda til Atlanterhavskomiteen

 

Av Tore Storehaug
Publisert 7. juni 2022 10:12 - Sist endret 3. juli 2024 14:15