Følelsar i arkivet: Følelseshistoriske teoriar som verktøy i historieforskinga

Kva kan eit fokus på følelser tilføya historieskrivinga? Korleis kan ein identifisera og fortolka følelser i fortida? I løpet av denne workshopen vil me undersøka kva for nye perspektiv på fortida som kan opna seg om ein har eit blikk for følelser, og me vil diskutera korleis ein kan gå metodisk fram for å finna og forska på følelsene i arkivet.

Maleri av en sti i skogen

Utsnitt av The Bend in the Road (1900/1906) av Paul Cézanne. National Gallery of Art, Washington DC.

Kursskildring

I løpet av dei siste tiåra har følelseshistorie blitt eit fagfelt med sine eigne omgrep og metodar. Gjennom innflytelsesrike omgrep som emotiv, emosjonelle regime (William N. Reddy) og emosjonelle fellesskap (Barbara N. Rosenwein) har feltet opna for nye måtar å forstå historia på. Den stadig større forskingslitteraturen om følelseshistorie blir nytta på tvers av fagdisiplinar, og i denne workshopen skal me drøfta nokon av dei mange innfallsvinklane til feltet. 

Forelesarane Karen Vallgårda (Universitetet i København) og Karina Hestad Skeie (Høgskulen på Vestlandet) kjem til å prata om korleis ulike grep frå følelseshistorie har vore viktige verktøy i forskinga deira, og dei vil ta utgangspunkt i arbeidet deira med misjonshistorie.

Målet med kurset er å skapa ein tverrfagleg møtestad for følelseshistoriske teoriar og metodar. Vallgårda og Skeie arbeider med følelseshistorie, som dei kombinerer med perspektiv frå kjønnsforsking, barndomshistorie og postkolonialisme. Kurset gir anledning til å fordjupa seg i følelseshistorie i seg sjølv, men òg i korleis det kan vera fruktbart å arbeida med det saman med andre teoretiske innfallsvinklar. Gjennom samtalar på tvers av disiplinar og forskingsinteresser vil kurset opna for nye måtar å forstå følelseshistorie som eit verktøy i historieskrivinga.

Kurset vil vera relevant for PhD- og masterstudentar og andre som arbeider innanfor felta følelseshistorie, misjonshistorie og barndomshistorie. Det kan òg vera aktuelt om ein arbeider meir overordna historisk med tema som kolonialisme, religion, kjønn og kulturmøte, eller om ein forskar på ulike former for emosjonelle og lesande fellesskap. Me ønsker å samla deltakarar frå ulike fagfelt, som religionsvitskap, litteraturvitskap, historie, psykologi, teologi m.m.

Forelesarar

  • Karen Vallgårda, professor i historie ved Universitetet i København, forskar på politisk familie- og barndomshistorie på 18- og 1900-talet. Ho er interessert i maktforhold i ulike relasjonar og korleis desse relasjonane blir forma av skiftande sosiale, økonomiske, politiske og juridiske forhold. I arbeidet sitt trekk Vallgårda på teoriar og metodar knytt til postkolonialisme og følelseshistorie, og ho har arbeidd særleg med dansk misjon i India. Nå for tida arbeider Vallgårda bl.a. med eit prosjekt om familiehemmelegheiter, der ho undersøker maktdynamikkar mellom individ, familiar, samfunnet og staten.
  • Karina Hestad Skeie, professor i RLE ved Høgskulen på Vestlandet, arbeider med emosjon, religion og kjønn i transnasjonalt perspektiv. Skeie sine forskingsinteresser omfattar religion i kulturmøte, transnasjonale religiøse nettverk og protestantisk misjon, religion, kjønn, makt og religiøs leiarskap. Ho har m.a. forska på norsk misjon på Madagaskar og i Kina, kristendom på Madagaskar, og kristne vekkingsbevegelsar si religiøse og politiske rolle på Madagaskar og i Kina. Teoretisk er ho influert av postkolonial teori, interseksjonell kjønnsforsking, transnasjonale studiar, migrasjonsforskning og følelseshistorie.

Format og arbeidskrav

  • Kurset vil bli organisert som ein workshop over ein dag. Vallgårda og Skeie kjem til å halda hovudinnlegga sine etterfølgt av innlegg frå kursdeltakararane i to omgangar. Det blir sett av tid til respons og kommentarar etter kvart innlegg. Dagen vil bli runda av med gruppediskusjonar, der ein gjennom å trekka på pensumlitteraturen, eiga forsking og innlegga frå dagen vil diskutera spørsmål som kjem opp i kurset.
  • Ei pensumliste knytt til kurset vil bli sendt ut til deltakarane. Det er forventa at ein har lese pensumet på forhand.
  • Kursdeltakarane skal i løpet av dagen halda eit innlegg på 15-20 minuttar og delta aktivt i dei faglege diskusjonane.

Praktisk informasjon

  • Godkjent kurs (deltaking på workshopen med framlegg og lesing av pensumlitteraturen i forkant) gir 1 ECTS. Om ein i etterkant i tillegg skriv eit essay (1500-2000 ord) om eit tema relatert til workshopen og ein kommentar (500-1000 ord) til essayet til ein annan kursdeltakar, kan ein få totalt 2 ECTS. Fristen for å senda inn essayet er 15. november og kommentaren 1. desember.
  • Pensumliste og detaljert program for dagen vil bli sendt til deltakarane i god tid før workshopen.
  • Framlegga kan vera på eit skandinavisk språk eller engelsk.
  • Det er gratis å delta på kurset, og det blir servert gratis lønsj (sei ifrå i påmeldinga om du har allergiar eller matpreferansar). Transport, overnatting og andre måltid må deltakarane betala sjølv.

Påmelding

  • Påmeldingsfristen for deltaking med innlegg er 1. april. Om ein vil delta utan å halda innlegg, er påmeldingsfristen 1. oktober
  • Påmeldinga skal innehalda ei kort skildring av søkaren og forskingsinteressene hens, samt ei kort skisse/abstract (opp til 300 ord) med tittel på innlegget.
  • Det kjem til å vera eit avgrensa antal deltakarplassar på kurset. Om det blir fleire søkarar enn plassar, kjem PhD-studentar til å bli prioriterte.
  • Send påmeldinga via e-post til Idunn Victoria Rostøl, som kan kontaktast for spørsmål om kurset.

 

Publisert 8. feb. 2024 14:44 - Sist endret 10. juni 2024 10:04