Ekspedisjoner i det blå

Bli med på eit dykk ned djupet - til havekspedisjonanes verd.

Gjennom fleire hundre år har forskarar og eventyrarar samla gjenstandar og kunnskap frå arktiske strøk. Kva fortel dette oss om havet og havområda? Og korleis følgjer notidas ekspedisjonar seg inn i rekka – bryt dei eller følgjer dei tidlegare tradisjonar?

Tre forskarar med ulik kunnskap om det blå element møtast til ein samtale om havet i nord. Frå 1800-talets ekspedisjonar, til notidas forsking på eit hav og ei verd i endring.

Deltakarar

  • Ulrike Spring, professor i historie og prosjektleiar for forskargruppa «Collecting Norden» ved den tverrfaglege satsinga UiO:Norden ved Universitetet i Oslo
  • Lene Liebe Delsett, paleontolog og deltakar i forskargruppa «Collecting Norden» ved UiO:Norden
  • Gard Paulsen, teknologi- og vitskapshistorikar og deltakar i forskargruppa «Maritime moderniteter: Havets kunnskapsformater» ved Universitetet i Oslo.

Arrangementet er en del av Forskningsdagene. Gratis og åpent for alle.

Publisert 21. sep. 2022 13:32 - Sist endret 20. des. 2023 13:31