Idunn Victoria Rostøl - Stipendiat i idéhistorie

Idunn begynte hos IFIKK i september 2022. Hun har en mastergrad i Europeisk kultur fra UiO.

Bildet kan inneholde: person, panne, nese, hår, ansikt.

Hva skal du jobbe med i din stilling ved IFIKK?

Eg skal arbeida med Maaltrosten (1903-1942), eit barneblad som blei gitt ut av Norsk misjon blant hjemløse (Misjonen). Organisasjonen var aktiv frå 1897 til 1987, og Maaltrosten var eit viktig verktøy for å engasjera ungar i prosjektet deira: å assimilera taterar/romanifolk i Noreg. Lesarar av bladet blei oppfordra til å samla inn pengar til Misjonen, og i bladet finn me spor av engasjementet til lesarane i innsendte brev og bilde. Gjennom Maaltrosten får me eit unikt innblikk både i korleis taterar/romanifolk blei framstilte for ungar i den norske offentlegheita og korleis desse framstillingane blei forstått av ungane. Bladet var eit av mange misjonsbarneblad i samtida, og eg vil sjå på det i ein transnasjonal kontekst der det å lesa religiøse barneblad og dei filantropiske aktivitetane dei inspirerte blei sett på som essensielle i å forma unge lesarar til engasjerte borgarar.

Kan du fortelle oss litt om dine forskningsinteresser?

Spørsmål om kven som har fått vera ein del av det større nasjonale fellesskapet engasjerer meg, og eg er interessert i tenking knyta til nasjonalstaten og ulike minoritetar. Noko eg har arbeida spesielt med tidlegare er diskusjonar om arv og miljø i relasjon til taterar/romanifolk i perioden 1890-1915. I denne perioden blir trua på ei omskapande frelse for alle menneske utfordra av den gryande "vitskapen" eugenikk, og eg er veldig interessert i dette spennet som oppstod i perioden og som prega diskusjonar om tema fleire år seinare.

Hva liker du å gjøre på fritida?

Når eg har fri er eg helst i ute i naturen med ein god venn eller på sofaen med ei god bok. Eg er veldig glad i Marka og byferja, og tar gjerne med meg kikkerten for å kikka på fugl. Elles er eg ofte på stadion eller pub for å sjå Viking spela fotball, noko som faktisk har vore ein nærast udelt glede denne sesongen.

Publisert 25. okt. 2023 15:23