Faglege interesser
- Barndomshistorie
- Misjonshistorie
- Antisiganisme
- Metaforteori
- Følelseshistorie
- Bokhistorie
- Barnelitteratur
Pågåande prosjekt
24. oktober arrangerer eg eit PhD-kurs om følelseshistorie. Det er ope for alle som er interesserte i tematikken, òg studentar.
Eg arbeider med ei doktorgradsavhandling om Maaltrosten (1903-1942), eit barneblad som blei gitt ut av Norsk misjon blant hjemløse. Bladet var eit viktig verktøy for å spreia Misjonens bodskap til ungar av majoritetsbefolkninga og samla støtte til prosjekta deira. I bladet finn me spor av engasjementet til lesarane i innsendte brev og bilde, og gjennom Maaltrosten får me eit unikt innblikk i både korleis taterar/romanifolk blei framstilte for ungar i den norske offentlegheita og korleis desse framstillingane blei forstått av ungane. Bladet var eit av mange misjonsbarneblad i samtida, og eg vil sjå på det i ein transnasjonal kontekst der det å lesa religiøse barneblad og dei filantropiske aktivitetane dei inspirerte blei sett på som essensielle i å forma unge lesarar til engasjerte borgarar.
Bakgrunn
Eg har tidlegare arbeida med formidling og i arkiv, m.a. ved Kulturhistorisk museum, Norsk folkeminnesamling og Norsk folkemuseum.
Master i idéhistorie ved Universitetet i Oslo, 2022: Frå landevegen til himmelstigen: Ein metaforteoretisk analyse av framstillingane av ungane i Misjonens månadsblad Fra landeveien. Vintersemesteret 2021/2022 var eg på utveksling ved Humboldt-Universität zu Berlin.
Bachelor i idéhistorie ved Universitetet i Oslo, 2019: Å venda omstreifarlivet ryggen og vinna menneskeverdet: Ein analyse av Martin J. Mathiassen Schou si bok Paa Fantestien.
Verv
Redaksjonsmedlem i Arr idéhistorisk tidsskrift (2019-2023).