«Islamske statar» – vanlegare enn du trur

Den sjølvtitulerte «Islamske staten» har prega nyhendestraumen frå Midtausten dei siste åra. Men jihadistane i Den islamske staten er ikkje så unike som ein kan få inntrykk av.

DOKUMENTERER og skryter av eigen brutalitet: Dette bildet blei publisert på ein militant nettstad i januar 2014, og viser krigarar frå den såkalla islamske staten i Raqqa i Syria. Foto: NTB Scanpix

En artikkel fra Apollon, UiOs populærvitenskapelige forskningsmagasin

For oss som sit trygt i Noreg, er det ikkje lett å vite korleis vi skal tolke episodane av sjokkerande vald som finn vegen frå den såkalla Islamske staten (IS) og inn i vår daglege mediestraum. Kven er IS eigentleg? Ikkje har dei grenser, ikkje har dei noka form for internasjonal aksept – kort sagt manglar IS dei fleste trekka vi tillegg ein stat. Professor Brynjar Lia kallar dei ein «protostat».

‒ Dei ønskjer kontroll over eit territorium der dei kan innføre islamsk lov – sharia. Dei marknadsfører seg som ein stat, seier han.

Protostatane blir fleire

Lia forska lenge på jihadisme ved Forsvarets forskingsinstitutt før han kom til UiO og vart fagleg leiar for Senter for islam- og midtaustenstudiar.

I ein fersk artikkel har han kartlagt kor mange slike protostatar som har eksistert sidan den moderne jihad-rørsla vaks fram i slutten av 80-åra. Han har funne om lag 20 slike statar, og etableringstakta har auka etter den arabiske våren i 2011.

‒ Dette er ein førebels studie, for det er ikkje lett å definere desse statane. Men IS er eit svært eksplisitt uttrykk for kva slike grupper prøver å gjere. IS gjer mange ting som statar gjer. Dei utferdar myntar, dei har eit byråkrati og eige flagg, dei tilbyr offentlege tenester, og dei er opptekne av – rett nok svært brutal – rettshandheving, illustrerer han.

Medan IS no har makt i eit område større enn Storbritannia, og som inkluderer om lag åtte millionar menneske, har andre protostatar vore kortliva tiltak med knapt nokon territoriell kontroll. Fatah al-Islam eksisterte til dømes nokre korte månader i ein flyktningeleir i Libanon, medan Jund Ansar Allah i Rafah i Gaza ikkje hadde kontroll over noko territorium og mest var å rekne som ei protesterklæring mot Hamas. Dei fleste protostatane har oppstått i Midtausten og Nord-Afrika, men det finst også døme frå Kaukasus, Afghanistan og Somalia.

Treng ikkje territorium

Men kvar kjem denne hangen til å erklære seg for ein stat frå, sjølv der jihadistane ikkje kontrollerer noko territorium? Lia peikar på at islamistiske protostatar meir enn noko anna er ideologiske prosjekt, basert på ideen om at den muslimske verda må frigjerast frå vestleg okkupasjon – i bokstavleg eller overført tyding – slik at sharia kan innførast. Å kontrollere eit bestemt territorium blir i den samanhengen mindre viktig.

‒ Det er ikkje slik at territoriet er likegyldig for jihadistane, men synet deira på territorium er heilt annleis enn hjå til dømes etniske opprørsgrupper, der territoriet dei slåst for, er heilt sentralt. For militante islamistar vil det å slåst i Kurdistan, Afghanistan eller Syria vere likeverdig, ideologisk sett. Men nokre territorium er likevel viktigare enn andre. Jihadistane legg vekt på område som har spelt ei sentral rolle i islamsk historie, som Andalus i vest, Sham-området i Midtausten til Khorasan i aust. Dei har stor symbolsk verdi, men aller viktigast er dei tre heilage stadene i islam: Jerusalem, Mekka og Medina. Dess nærare ein kjem desse områda, dess betre, seier han.

Samstundes peikar han på at det ikkje nødvendigvis er noko spesielt islamsk over protostaten som fenomen. Også andre former for opprør har det same målet om å overføre lojalitet frå staten til opprørarane, og dermed erstatte staten med ein ny stat.

‒ IRA la til dømes stor vekt på å drive ein type «politiverksemd» i arbeidarklassestroka der dei hadde størst kontroll.

Konkurrerer om framandkrigarar

Eit kjenneteikn ved dei islamistiske protostatane er at dei er svært internasjonalt orienterte. Den aggressive framferda deira er eit ledd i ein strategi for å trekkje til seg krigarar, pengar og materiell frå eit internasjonalt nettverk av støttespelarar. Samstundes har den same aggressiviteten vist seg å vere kimen til undergang for fleire av protostatane. Kompromisslaus ideologi kan vise internasjonale støttespelarar at ein meiner alvor, men er ikkje alltid den beste garantien for å byggje ein velfungerande stat som har støtte i lokalbefolkninga, noko fleire av dei islamistiske statsprosjekta har fått merke.

‒ Dei lokale innbyggjarane er gjerne mindre ideologisk ivrige enn framandkrigarane, som kjem nettopp for å gje uttrykk for den ideologiske overtydinga si. Nokre grupper har oppdaga at det ikkje er lurt å gå for raskt fram med å innføre sharia mellom innbyggjarane. Eg trur at behovet for å demonstrere ideologisk reinleik for omverda, ofte kan overkøyre andre omsyn, seier Lia.

IS i vekst

Av dei 19 protostatane på lista er nær halvparten blitt etablerte etter den arabiske våren i 2011. Borgarkrigen i Syria har mykje skuld i dette, saman med svekkinga av statsstrukturane i regionen. I tillegg vart store mengder våpen som tidlegare var eigde av diktatoren Muammar al-Gaddafi, spreidde til andre regionale konfliktsoner etter samanbrotet i Libya. Lia ser ingen teikn til at fenomenet vil avta med det første, sjølv om protostatane kanskje vil bli færre som følgje av at dei større sluker dei små.

‒ IS har vakse på mange måtar, fordi dei allereie var store då borgarkrigen i Syria tok til. Dei hadde pengar og eit internasjonalt nettverk som gjorde dei i stand til å utnytte situasjonen, og dei overtok område som allereie var velutvikla og hadde ei rekkje institusjonar. IS er opptekne av å vise at dei kan drive desse offentlege tenestene vel så bra som det korrupte regimet dei har erstatta.

Når vi i Noreg høyrer mest om dei brutale handlingane IS står bak, og mindre om statsbygginga, har det å gjere med kva vestlege media finn det interessant å formidle, ifølgje Lia.

‒ I borgarkrigar er dessverre ekstrem brutalitet på alle sider nokså vanleg. Det spesielle med IS er at dei dokumenterer det og skryter av det, på ein måte Assad-regimet, som står bak dei aller fleste drapa, ikkje gjer. Eg trur IS er så nøye med å dokumentere kva dei gjer fordi dei meiner det gjev dei kredibilitet hos støttespelarar og potensielle sympatisørar. Men handlingane deira står alltid i ein kontekst, som ikkje alltid kjem fram i vestlege media, seier Brynjar Lia.

Av Kjerstin Gjengedal, Apollon
Publisert 14. des. 2015 13:34