Skaldedikt frå vikingtida er ekte

Forsking på meir enn 16 000 skaldevers peikar på at den tradisjonelle dateringa av skaldedikta er til å lita på, syner avhandlinga til Klaus Johan Myrvoll.

Illustration: Vignett i Eirikssønenes saga i Heimskringla, av Gerhard Munthe

Lenge har det vore ytra tvil om skaldedikta frå vikingtida er ekte, og om dei er frå den tida dei vert gjevne ut for å vera i dei norrøne kjeldene. Klaus Johan Myrvoll ville finna ein sikrare metode for å datera skaldedikt.

Kva er det viktigaste funnet ditt?

– At det er mogeleg å stadfesta den ålmenne dateringa skaldedikta er gjevne i dei norrøne kjeldene, ved hjelp av formelle kriterium henta frå metrum, rim og språk. Tidlegare forsking, serleg i nyaste tid, har stelt seg tvilande til dette eller vore beint fram avvisande.

Avhandlinga til Klaus Johan Myrvoll har styrkt den tradisjonelle dateringa av skaldedikta.

– Forskinga mi viser dessutan at ein ved å kombinera mange nok dateringskriterium kan koma langt i å datera einskilde skaldar, kvæde og jamvel strofer. Det gjer at ein med nokso stor visse kan avgjera om t.d. kvædet om dei gamle vestfoldkongane, Ynglingatal, verkeleg vart til om lag 900, eller om Egil Skallagrimsson var den som dikta Sonatorrek («Sonetapet»).

– Kvifor ville du forska på dette?

– Eg hadde sett meg lei på den uvissa som rådde i fagmiljøet i dette spørsmålet. Det er ein tendens til at forskarar lèt magekjensla styra, eller at dei legg for stor vekt på innhaldet i dikta. Til dømes er det vondt for mange å svelgja at det finst kristne innslag i diktinga åt Gisle Sursson, men forskinga mi syner at mange av dei strofene ein har reagert på, etter alt å døma er ekte.

– Kva vonar du at forskingsresultata dine skal medverka til?

– Eg vonar avhandlinga mi kan føra til at debatten om dateringa av skaldediktinga vert meir informert, og at dei reint formelle kriteria – metrum, rim og språk – vert meir vektlagde. Etter mi meining er det dei einaste nokolunde objektive kriteria, og arbeidet mitt syner at dei er kraftfulle dateringsreidskapar som ein må bruka meir, ikkje mindre.

Av Alf Øksdal
Publisert 17. apr. 2015 11:44 - Sist endret 14. feb. 2020 12:38