English version of this page

Fonologi

Fonologi er studiet av ljodsystemet i språk. Denne forskargruppa samlar dei som forskar på og er interesserte i korleis ljodsystemet i språk ter seg.

En illustrasjon av et ansikt i profil som lager lyd.

Foto: Pixabay.

Om gruppa

Språk tek i bruk eit avgrensa sett med ljodar for å målbera eit meiningsinnhald, og kvart språk har sine reglar for korleis desse ljodane kan setjast saman til ord. Både desse reglane og setta med ljodar endrar seg over tid, men det er likevel klåre tendensar på tvers av språk og tid for kva eigenskapar desse ljodsystema har.

Denne forskargruppa samlar dei som er interesserte i slike ljodsystem, korleis dei utviklar seg, korleis ein lærer dei, korleis dei vert bruka og korleis dei endrar seg.

Gruppa er sett saman av professorar, fyrsteamanuensar, universitetslektorar, postdoktorar og ph.d.-kandidatar på tvers av institutt på Humanistisk fakultet. Kvar anna veke held ho tilstellinga Fonologisk forum på Institutt for lingvistiske og nordiske studium.

Publisert 11. nov. 2022 15:24 - Sist endret 19. apr. 2023 10:04

Kontakt

Prosjektleiar: Sverre Stausland Johnsen

Deltakere

Detaljert oversikt over deltakere