Innkalling til møte i samarbeidsnemnda i norrøn filologi 6.9.2019

Det blir møte i Samarbeidsnemnda fredag 6. sep. i Trondheim på NTNU Dragvoll.

Dagsorden

 

Kaffi frå kl. 10.00

kl 10.30–16: fagleg møte

  1. Korte rapportar frå lærestadene. Kva skjer?
    • fagmiljøet (tilsette inkl. stipendiatar)
    • undervisinga (fagtilbod, studenttal)
    • forskinga (sentrale prosjekt)
  2. Kjeldeskriftkommisjonen (jf. brev frå Arkivverket)
    • orientering om arbeidet v/Gudlaug
    • oppnemning av nye representantar, fire norrønfilologar og to runologar
  3. Gjennomgang av vedtektene og ev. revisjon
    • skal me gjera noko med punktet om formell oppnemning?
  4. Ny leiar for nemnda
  5. Orientering: norrøn filologi ute og heime
  6. Orientering: Altnordische Philologie, zweite Auflage
  7. Forskingssamarbeid, noverande og moglege. Open diskusjon

Matpause ca. kl. 12.30.

Sosialt program: Kl. 16.30 fortel arkeolog Øystein Ekroll oss litt om Nidarosdomen og viser oss nokre runeinnskrifter. Dei som ønskjer det, kan gå ut saman og eta middag etterpå.

Publisert 10. feb. 2020 16:29 - Sist endret 10. feb. 2020 16:29