Innkalling til møte i samarbeidsnemnda i norrøn filologi 21.01.2005

Innkalling til møte i samarbeidsnemnda i norrøn filologi

Universitetet i Oslo, Det historisk-filosofiske fakultetet
HW 542 (dvs. Henrik Wergelands hus, 5. etasje)
21.01.2005, kl. 10.15-16.00

NB! Atterhald om endring av rom og forskyving av tidspunkt!

 

1. Status for faget

Sak: Det har skjedd mykje med norrønt-faget i det siste, og ikkje berre til det gode. Dette er tenkt som ein runde om gjeldande studieplanar og studieprogram, slik at vi har førstehandskunnskap om tilhøva hos grannane.

2. Nye organisajsonsstrukturar

Sak: Det skjer også mykje når det gjeld den faglege og administrative organiseringa, særleg i Oslo, der ny instituttstruktur nettopp er vedteken. Ved HF i Bergen er ein tilsvarande debatt komen i gang (igangsett frå det adminstrativet leddet), og det same gjeld kan hende fleire andre institusjonar. Eit stadig meir aktuelt spørsmål er om norrønt-faget framleis skal sjå seg som del av nordiskfaget eller om det skal orientere seg i retning av mellomaldersenter eller andre meir filologiske miljø.

3. Samarbeid om undervisning

Sak: På vidarekomande nivå er det vanskeleg å få store nok studentgrupper mange stader. På nasjonalt nivå er saka annleis. Kan vi få til nokre enkle og ikkje altfor kostnadskrevjande ordningar for felles undervisnings- eller kurstiltak? Dette er ein invitasjon til idémyldring.

4. Utgjevingsprofil

Sak: Etter eit lengre opphald er den nye kjeldeskriftkommisjonen i Riksarkivet nedsett. Karin F. Seim representerer runologien, Jon Gunnar Jørgensen og Odd Einar Haugen den norrøne filologien; og Jon Gunnar er vald som leiar av kommisjonen. Det skal haldast eit ekstraordinært møte i kommisjonen i vårsemesteret, og til dette møtet er det ønskeleg at det norrøne fagmiljøet har gjort seg tankar om korleis utgjeving av norrøne tekster - og runeinnskrifter - skal vidareførast. Det vil gje større tyngd til "våre" representantar i kommisjonen.

5. Felles nasjonale oppgåver

Sak: Det er tradisjon for at norrønfilologar dekkjer verv i nasjonal samanheng, m.a. i Forskingsrådet og i redaksjonen av tidsskrift som Maal og Minne. Det er ønskeleg med ein debatt om korleis slike verv best kan fordelast.

6. Eventuelt

 

Else Mundal (leiar) - Odd Einar Haugen (sekretær)
07.01.2005

Publisert 21. mars 2019 15:46 - Sist endret 21. mars 2019 15:46