Innkalling til møte i samarbeidsnemnda i norrøn filologi 23.05.2003

Dømmesmoen kurssenter, Grimstad
Hovudbygningen, 3. etasje
Fredag 23.05.2003

 

1. Konstituering av møtet

Dei samarbeidande institusjonane har no oppnemnt sine representantar, og på grunnlag av dei innkomne oppnemningsbreva frå institusjonane bør møte konstituerte seg med desse representantane:

Universitetet i Tromsø: Endre Mørck
Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet: Jan Ragnar Hagland (fast), Karin Fjellhammer Seim (vara)
Universitetet i Oslo: Jon Gunnar Jørgensen
Universitetet i Bergen: Odd Einar Haugen (fast), Else Mundal (fast)
Høgskolen i Agder: Marit Christoffersen (fast), Gudlaug Nedrelid (vara)
Høgskolen i Stavanger: Inge Særheim

2. Rapport frå lærestadene, med vekt på utviklinga av nye studietilbod i norrønt for bachelor- og masternivå

Sak: Studiet av norrønt språk og litteratur er stadig under omlegging. No arbeider alle institusjonane med tilpassing til programma på det nye bachelor- og masterstudiet. Representantane rapporterer frå sine institusjonar. 

3. Læremiddel i norrønt språk

Sak: Omlegginga av studiet av norrønt språk har fleire stader ført med seg at norrønt har fått mindre plass enn før. Nemnda bør på denne bakgrunnen drøfte om det er ønskeleg med nye og slankare læremiddel.

4. Samarbeidstiltak mellom institusjonane: undervisning

Sak: Nemnda bør drøfte om det kan opprettast samarbeidstiltak mellom institusjonane når det gjeld undervisningsprogramma.

5. Samarbeidstiltak mellom institusjonane: forskingsprosjekt

Sak: Nemnda bør drøfte om det kan opprettast samarbeidstiltak mellom institusjonane når det gjeld forskingsprosjekt.

6. Val av arbeidsutval

Sak: I samsvar med vedtektene § 6 skal det veljast arbeidsutval (leiar, nestleiar og sekretær) for samarbeidsnemnda.

7. Eventuelt

 

Bergen, 10.05.2003
Odd Einar Haugen

Publisert 21. mars 2019 15:46 - Sist endret 21. mars 2019 15:47