Innkalling til møte i samarbeidsnemnda i norrøn filologi 25 01 2007

Innkalling 25.01.2007

Innkalling til møte i samarbeidsnemnda i norrøn filologi

Universitetet i Bergen, Senter for mellomalderstudiar (CMS)
Villavei 1A,
Seminarrrommet, grunnetasjen

25.01.2007, kl. 10.00-15.00
 

1. Orienteringssaker

(a) Status for omsetjinga av Handbok i norrøn filologi. Orientering ved Odd Einar Haugen.
(b) Oppretting av ny bokserie for norrøn filologi med førebels tittel Norrœna. Orientering ved Jon Gunnar Jørgensen.
(c) Nytt NFR-finansiert forskingsprosjekt ved UiO, “Translation, Transmission and Transformation”. Orientering ved Karl G. Johansson.

2. Statusrapportrar

Sak: Eit oversyn over forskings- og undervisningsaktiviteten i faget, med ei drøfting av moglege samarbeidstiltak.

– Korte rapportar frå representantane ved dei ulike lærestadene.

3. Nominasjon av medlemmer i Kjeldeskriftkommisjonen

Sak: Riksarkivaren har bede Samarbeidsnemnda om å nominere to kandidatar til den faste plassen som representant for fagområdet runologi, og fire kandidatar til dei to faste plassane for fagområdet norrøn filologi. Oppnemninga gjeld for fireårsperioden 1. januar 2007 - 31. desember 2010. Ein representant kan maksimalt sitje i to periodar, og Riksarkivaren oppmodar til ei viss utskifting, slik at ein ikkje får full utskifting av representantane etter denne perioden. Etter uformelle samtalar kan vi tenkje oss desse kandidatane (her oppførte i alfabetisk rekkjefølgje):

Runologi: Jan Ragnar Hagland, James E. Knirk
Norrøn filologi: Jon Gunnar Jørgensen, Else Mundal, Endre Mørck, Kjartan Ottosson

Alle har vore førespurde og sagt seg viljuge til å stille opp. Men vi understrekar at det er samarbeidsnemnda som i møtet gjer den endelege nominasjonen. Frist for nominasjonen er 1. februar 2007.

Riksarkivaren vel representantane i Kommisjonen frå lista over dei nominerte og tek då omsyn til fordeling på region, kjønn o.l.

4. Utgjevingspolitikk

Sak: Etter nokre vanskelege år ser det ut til at samarbeidet mellom Riksarkivaren og Kjeldeskriftkommisjonen er betre enn på lenge, og at møta i Kommisjonen no kan nyttast til å drøfte utgjevingsspørsmål. Det vil vere til god hjelp for medlemmene i Kommisjonen å vite kva for tankar folk gjer seg om framtidig tekstutgjeving.

– Jon Gunnar Jørgensen innleier.

5. Framtida for Ordbog over det norrøne prosasprog

Sak: Kjartan Ottosson og Jon Gunnar Jørgensen har skrive eit notat om den vanskelege situasjonen for Ordbog over det norrøne prosasprog i København. Her drøftar dei mogleg tiltak frå norsk og islandsk side:

Som dei fleste norrønfilologar veit er arbeidet med Ordbog over det norrøne prosasprog i København for tida inne i ein vanskeleg periode på visse måtar. Styret for ordboka, dvs den Arnamagnæanske kommision, har vedteke at redaksjonen førebels (vel fram til om lag 2015) skal konsentrere seg om arbeidet med setelarkivet og å gjera det elektronisk tilgjengeleg, slik at det ikkje vil komma ut fleire trykte band i den perioden. På siste sagakonferanse vart det vedteke ei erklæring der ordboksstyret og styresmaktene i Danmark blir bedne om å sjå etter nye råd, også internasjonalt, for å sikre fullføringa av prosjektet. Redaksjonen har også vendt seg til norrønfilologar i Oslo med ynske om at dei skal freiste å sikre økonomisk støtte frå norske styresmakter til prosjektet. Eit potensielt argument for ei slik støtte er at norske forskarar hadde planar om eit liknande ordboksprosjekt, men la dei til side då dei fekk veta om dei danske planane. Også Island har eit visst moralsk ansvar for dette prosjektet, i og med at det opphavleg var planlagt som eit dansk-islandsk fellesprosjekt. Det spørst likevel om det kan tenkjast at norske og islandske styresmakter er viljuge til å løyve pengar til eit så stort prosjekt som er heilt under dansk styre. Derimot er det presedens for at islendingane har løyvt pengar til eit avgrensa underprosjekt, i og med at Lýðveldissjóður betalte ei årslønn til å utarbeide ei lemmaliste for ONP omkring 1998. Islandske norrønfilologar under leiing av Vésteinn Ólason har det siste året drøfta moglege tiltak til å støtte ONP-prosjektet både kortsiktig og på lengre sikt. Det er ikkje usannsynleg at norsk støtte er avhengig av at islendingane også yter sin skerv.

Framtidsutsiktene for ONP-prosjektet etter ca. 2015 er ikkje lyse med tanke på rekruttering av redaktørar. Alle dei noverande redaktørane vil gå av med pensjon omkring den tida, og norrønmiljøet i Danmark har skrumpa inn dei siste åra. Det spørst om islendingane og nordmennene kan hjelpe til med rekrutteringa i form av stipend til potensielle eller sannsynlege kandidatar til redaktørvervet. Forskingsfaget norrønt står rimeleg sterkt i Noreg for tida, men ein må tenkje på prioritering av forskingsprosjekt ikkje berre innanfor det faget, men også innan forsking på norsk språk og litteratur meir allment. Ikkje minst lyt ein ta omsyn til storsatsinga på Norsk ordbok 2014. Her spørst det m.a. om somme av redaktørane der kunne gå over til å arbeide med ONP-materialet når det andre prosjektet er fullført. Det største spørsmålet, som ubønhøyrleg vil melde seg, er om det er naudsynt at nordmennene og islendingane til slutt kjem med i styringa av prosjektet om det skal vera mogleg å fullføre det – at prosjektet altså blir eit samarbeidsprosjekt mellom fleire nasjonar.

– Kjartan Ottosson innleier.

6. Val av nye medlemmer i Samarbeidsnemnda

Sak: Etter § 5 i vedtektene for Samarbeidsnemnda sit medlemmene no på overtid. Møtet bør drøfte korleis vi skal gå fram med nyvalet, og om det kan forenklast på nokon måte. Det kan tenkjast at valperioden skal utvidast til fire år, og vi må ta omsyn til dei endringane som no er på gang ved fleire av institusjonane.

7. Eventuelt

 

Else Mundal (leiar) - Odd Einar Haugen (sekretær)
16.01.2007

Publisert 21. mars 2019 15:46 - Sist endret 21. mars 2019 15:46