Innkalling til møte i samarbeidsnemnda i norrøn filologi 25.01.2008

Innkalling til møte

Universitetet i Oslo, Institutt for lingvistiske og nordiske studier
25.01.2008, kl. 10.00-15.00. Rom 389 i P.A. Munchs hus.

P.A. Munchs hus er den 4-etasjers lange blokka som knyter saman Henrik Wergelands hus med HF-høgblokka (Niels Treschows hus). Gå gjerne inn i Henrik Wergelands hus og opp i 3. etasje. Inst i gangen går de ut til høgre, gjennom trappegangen og inn i nabofløya, som er P.A. Munchs hus. Der, heilt inst, ligg rom nr 389.

1.Val av ny leiing

Valet av ny leiing vart utsett frå det førre møtet, jf. sak 6 i referatet frå møte i Bergen 25.01.2007.

2. Orienteringssaker

(aHandbok i norrøn filologi er no utgjeven på tysk. Orientering ved Odd Einar Haugen.
(b) Tidsskriftet Maal og Minne blir redigert av Jon Gunnar Jørgensen og Lars S. Vikør. Jon Gunnar Jørgensen orienterer om drifta av tidsskriftet etter at systemet med teljekantar har festna seg.

3. Statusrapportar

Sak: Eit oversyn over forskings- og undervisningsaktiviteten i faget, med ei drøfting av moglege samarbeidstiltak.

– Korte rapportar frå representantane ved dei ulike lærestadene.

4. Arbeidet i Kjeldeskriftkommisjonen

Sak: Kjeldeskriftkommisjonen har fleire norrøne tekstutgåver på blokka - og utgjeving av runeinnskrifter. Men på grunn av knappe midlar må prosjekta prioriterast strengt.

– Jon Gunnar Jørgensen innleier.

5. Ny skriftserie

Sak: Karl G. Johansson, Jon Gunnar Jørgensen og Odd Einar Haugen har teke initiativ til å opprette ein ny skriftserie, Bibliotheca Nordica. Den første boka kjem etter planen ut i 2008, og fleire andre er under arbeid eller planlegging.

– Karl G. Johansson innleier.

6. Eventuelt

Ingen saker melde førebels.

 

Else Mundal (leiar) - Odd Einar Haugen (sekretær)
16.01.2008

Publisert 21. mars 2019 15:46 - Sist endret 21. mars 2019 15:46