Innkalling til møte i samarbeidsnemnda i norrøn filologi 16.02.2002

Innkalling til arbeidsmøte om norrønt-faget

Universitetet i Bergen, Nordisk institutt,
HF-bygget, rom 400
16.02.2002, kl. 9.00-16.00

1. Orientering om studieplanar ved dei ulike lærestadene (kort presentasjon ved kvar av deltakarane)

Sak: Studiet av norrønt språk og litteratur er no under til dels radikal omforming ved fleire lærestader. Etter den nye studieplanen for nordisk grunnfag i Bergen er ikkje norrønt (og heller ikkje talemål) nokon obligatorisk del av grunnfaget, utanom ein heilt summarisk omtale i ein felleskomponent, bygd på lærebøker for det gamle gymnaset. Vidare vil det skje ei omlegging frå vekttal til studiepoeng (ECTS) som truleg vil føre med seg ei justering av omfanget på alle kurs under 5 vekttal, slik at det blir "runde" studiepoeng. Kurs på 2 vekttal vil truleg bli reduserte til 1,67 vekttal = 5 studiepoeng, medan kurs på 3 vekttal vil bli auka til 3,33 vekttal = 10 studiepoeng. I denne situasjonen vil det vera tenleg å drøfte om ein kan opprette nokre nasjonale normer, og vidare om det finst noko naturleg minimumsomfang for ein modul i norrønt språk.

2. Modulisering av faget - krav til undervisningskompetanse

Sak: Etter at norrønt no er falle ut grunnfaget ved Universitetet i Bergen, og noko liknande kan skje ved andre lærestader, bør det reisast ein debatt om kva for krav som skal stillast til undervisningskompetanse i faget norsk på dei ulike skulestega, og kven som skal avgjera dette. I dag krevst det ikkje meir enn grunnfag (20 vekttal) for å få undervisninsgkompetanse i den vidaregåande skulen.

3. Samarbeidstiltak - student og/eller lærarutveksling, nettbaserte tilbod (nettportal for norrøne studiar)?

Sak: Finst det tenlege fellestiltak for undervisning og forskarutdanning i norrøn filologi, og er det lærarane og/eller studentane ein skal prøve å flytta på - eller bør ein satse på nettbaserte løysingar? Konkret kunne ein tenkje seg ein nettportal for norrønt med ein viss kvalitetssikring av tilboda. Det finst fleire slike portalar drivne av personar utanfor eller i randsona av det akademiske miljøet, med varierande kvalitet, t.d. det som er lagt ut av foreininga Forn Sed her til lands, eller i USA på sider som The World of the Vikings o.l.

4. Utgjevingsplanar - "Handbok i norrøn filologi", omsetjingar

Sak: Studieplanen for norrøn filologi grunnfag (i sine ulike modular) har vist oss at det er mangel på eigna lærebokstoff i "mellomstort" format for fleire emne - altså større enn artiklar i Kulturhistorisk Leksikon for Nordisk Middelalder, men mindre enn fulle monografiar om emnet. Her tenkjer vi på m.a. emne som (a) gammalnorsk språk, (b) gammalislandsk språk, (c) mellomnorsk språk, (d) paleografi, (e) runologi, (f) norrøne person- og stadnamn, (g) poetisk språk og metrikk. Er det ønskeleg med ei handbok i norrøn filologi, som kan supplere innføringsverka i norrøn grammatikk og norrøn litteraturhistorie - og kunne dette organiserast som ein nasjonal dugnad? Om ein tenkjer seg eit samla sidetal på rundt 300 (inkl. felles bokliste) ville ein få 25-30 sider per emne i gjennomsnitt.

Omsetjingar av norrøn litteratur må vera ei permanent oppgåve, om ein ønskjer å synleggjera andre delar av den norrøne litteraturen enn Heimskringla. Bør dette arbeidet samordnast på noko vis, og er det tekster som bør prioriterast?

5. Oppretting av nasjonalt fagråd

Sak: På bakgrunn av den store omlegginga som no skjer av morsmålsstudiet, bør fagmiljøet vurdere om ein skal opprette eit nasjonalt fagråd for norrøn filologi. Dette har skjedd for norsk som andrespråk, som har ei liknande stilling i høve til morsmålsfaget.

Universitets- og høgskolerådet (UHR) har fastsett eit standardreglement for nasjonale fagråd.Dette har vore lagt til grunn for Nasjonalt fagråd for norsk som andrespråk. Elles kan det ha interesse å sjå på eit litt eldre reglement, nemleg for fagområdet informasjonsvitskap, der det er laga eit sett av utfyllande retningslinjer.

Sjå også eit samla oversyn over nasjonale fagråd, utarbeidd av UHR.

6. Eventuelt

 

Odd Einar Haugen og Else Mundal
11.02.2002

Publisert 21. mars 2019 15:47 - Sist endret 21. mars 2019 15:47