Referat frå møte i samarbeidsnemnda i norrøn filologi 16.02.2002

Referat frå arbeidsmøte om norrønt-faget

Til stades: Marit Christoffersen (Høgskolen i Agder), Jan Ragnar Hagland (Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet), Odd Einar Haugen (Universitetet i Bergen), Jon Gunnar Jørgensen (Universitetet i Oslo), Roger Lockertsen (Høgskolen i Stavanger), Else Mundal (Universitetet i Bergen), Endre Mørck (Universitetet i Tromsø), Inge Særheim (Høgskolen i Stavanger).

Ordstyrar: Jon Gunnar Jørgensen
Referent: Odd Einar Haugen

Sak 4 vart flytta etter sak 5.

1. Orientering om studieplanar ved dei ulike lærestadene (kort presentasjon ved kvar av deltakarane)

Sak: Studiet av norrønt språk og litteratur er no under til dels radikal omforming ved fleire lærestader. Etter den nye studieplanen for nordisk grunnfag i Bergen er ikkje norrønt (og heller ikkje talemål) nokon obligatorisk del av grunnfaget, utanom ein heilt summarisk omtale i ein felleskomponent, bygd på lærebøker for det gamle gymnaset. Vidare vil det skje ei omlegging frå vekttal til studiepoeng (ECTS) som truleg vil føre med seg ei justering av omfanget på alle kurs under 5 vekttal, slik at det blir "runde" studiepoeng. Kurs på 2 vekttal vil truleg bli reduserte til 1,67 vekttal = 5 studiepoeng, medan kurs på 3 vekttal vil bli auka til 3,33 vekttal = 10 studiepoeng. I denne situasjonen vil det vera tenleg å drøfte om ein kan opprette nokre nasjonale normer, og vidare om det finst noko naturleg minimumsomfang for ein modul i norrønt språk.

Drøfting: Det vart rapportert frå kvar av institusjonane. I debatten vart det framheva at den nye studieordninga for lågare grad i realiteten opphevar dei gamle kategoriane "grunnfag" og "mellomfag" til fordel for ulike samansetjingar av nye studiepoeng, "40-poengsgruppe", "80-poengsgruppe" o.l. Av praktiske grunnar kjem dei tradisjonelle termane likevel til å bli brukte i denne delen av referatet.

Ved Universitetet i Bergen er det no gjennomført ein fullt modulisert studieplan, som inneber at norrønt ikkje lenger er ein obligatorisk del av nordisk grunnfag (vedteke med 10 mot 8 røyster i instituttstyret våren 2001), og islandsk er heller ikkje obligatorisk på mellomfagstillegget (vedteke i same møte med 9 mot 9 røyster; styrars dobbeltrøyst avgjorde saka). Grunnfaget i norrøn filologi er delt i tre modular og det nyoppretta hovudfaget (formelt ei studieretning i nordisk hovudfag) i tre modular + hovudfagsavhandling. I tillegg er det oppretta ein innføringsmodul på 3 vekttal, som vil vera tilpassa den valfrie delen av språkdelen av nordisk grunnfag, og to fordjupingsmodular på 5 vekttal kvar, som m.a. kan brukast som såkalla fordjupingsmodular på nordisk mellomfag. Innføringsmodulen på 3 vekttal, NOFI 111, har same pensum som norrønt språk hadde i den gamle grunnfagsplanen, dvs. ein relativt stor norrøn grammatikk + eit tekstpensum på om lag 30 sider. Innføringskurset går no intensivt over eitt semester med eit undervisningstilbod på totalt 38 timar + tilbod om studentleidde kollokvium. Kurset går kvart semester.

Ved Høgskolen i Agder inngår norrønt språk stadig som ein obligatorisk komponent i nordisk grunnfag med eit tekstpensum på om lag 10 sider. Ein har nyleg gått over til ein mindre omfattande grammatikk, Erling Georg Larsen Norrøn grammatikk. Grunnfagskurset i norrønt språk og eldre språkhistorie går over eitt semester og har totalt 66 timar + 22 timar gruppearbeid. Dessutan er det ein fordjupingsmodul på grunnfaget (2 vekttal) der det frå tid til anna kjem tilbod om norrønt. I dette studieåret var det tilbod om norrøn litteratur, og meir enn halve kullet valde dette emnet. På mellomfag er det ikkje obligatorisk norrønt, men det kan gjevast tilbod om norrønt innanfor rammene av ein av modulane på 2,5 vekttal; i praksis skjer ikkje dette så ofte. - Ved omlegging til ECTS vil norrønt språk på grunnfag truleg få eit omfang på 5 studiepoeng (1,67 vekttal).

Ved Høgskolen i Stavanger har ein i lengre tid hatt uendra studieplanar på nordisk grunnfag og mellomfag. På grunnfaget legg studentane opp ein relativt stor grammatikk og eit tekspensum på 30 sider. Grunnfagskurset i norrønt språk går over to semester og undervisninga har eit omfang på om lag 84 timar (3 veketimar i snitt). Norrønt blir gjeve fast til eksamen. På mellomfag må studentane lesa unormalisert gammalnorsk og gammalislandsk, forutan litt gammaldansk og gammalsvensk; vidare to eddadikt i original. Det er også obligatorisk nyislandsk og færøysk på mellomfaget. Ved omlegging til ny struktur er det grunn til å tru at norrønt språk vil få tilnærma same omfang som før, på grunnivået omrekna til 5 studiepoeng i norrønt språk og 5 studiepoeng i norrøn litteratur. I lærarutdanninga les studentane 15 sider norrøn tekst i original i emnet Norsk 2. Det allmenne inntrykket er at studentane likar den utfordringa som ligg i at faget har ein såpass tung historisk og vestnordisk komponent.

Ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU) er nordisk-faget nettopp revidert. Grunnfaget er delt i fire modular à 15 studiepoeng, to språklege og to litterære. Norrønt språk inngår saman med dialektologi og språkhistorie i den første av dei to språkmodulane; pensumet er uendra i høve til den gamle grunnfagsplanen. Tekstpensum er på 10-15 sider, men fokuset er lagt på målet med disiplinen - nemleg at studentane skal kunne lesa og forstå ein norrøn tekst ved hjelp av ordbok. Derfor blir det alltid gjeve ukjend tekst til eksamen, og norrønt blir ofte kombinert med andre disiplinar. Grunnfagskurset i norrønt språk og eldre språkhistorie går over eitt semester og har totalt 66 timar (5 veketimar) + studentleidde kollokvium. På mellomfagsnivå er det tre emnekrinsar, kvar på 15 studiepoeng: norrønt språk, norrøn litteratur og runologi. Modulen i norrønt språk byggjer på grunnfagsmodulen i eldre språk, og representerer dermed ei fagleg påbygging. Til modulen i runologi har det ikkje vore stilt eit slikt krav, m.a. av omsyn til studentar frå andre fag (historie og arkeologi). Dette har ikkje fungert så godt som ønskeleg; det er truleg nødvendig å stille formelt krav om forkunnskapar i norrønt språk. Nytt av året er eit norrøntreiskapsfag på 15 studiepoeng. Det startar frå null, og er såleis tenkt som eit eksportemne for studentar utan forkunnskapar i faget. - Etter nye retningslinjer ved NTNU blir det ikkje tildelt ressursar til emne som har mindre enn 6 greidde eksamenar årleg, og så mykje som 60% av ressurstildelinga skjer på grunnlag av produserte eksamenseiningar. Dette kan føre til at små emne fell bort.

Ved Universitetet i Oslo er arbeidet kome langt med utviklinga av nye studieprogram. På B.A.-graden vil det vera ei 80-poengsgruppe og to 40-poengsgrupper. Saman med 20 poeng i forprøver blir dette til saman 180 studiepoeng (3 studieår). På nordisk grunnfag er pensumet i norrønt språk ein grammatikk + ca. 10 sider tekst. Undervisninga går over eitt semester og har eit omfang på ???timar. På nordisk mellomfag er det ingen obligatoriske emne, men det er høve til å velja ein fordjupingsmodul i norrønt. Dette gjeld no berre i vårsemesteret, og undervisninga i denne blir samkjørt med tekstkurset i det såkalla semesteremnet i norrønt. Dette emnet kan byggjast ut til eit fullt grunnfag i norrøn filologi. Det er elles tilbod om norrønt på hovudfaget i nordisk, og det er ein eigen magistergrad i norrøn filologi (den einaste i landet). Ved omlegging til nye studieprogram ser det ut til at norrønt språk kan få tildelt 10 studiepoeng på det studieprogrammet der nordisk språk inngår; det vil også bli tilbod om norrønt på studieprogrammet i Middelalderstudier.

Ved Universitetet i Tromsø blir det halde eit kurs i norrønt språk for grunnfagsstudentar kvart semester. Kurset er på 2 vekttal og har eit pensum på 200 sider grammatikk + 10 sider normalisert tekst. Undervisninga går over eitt semester og har eit omfang på 2 t/u. I mellomfagstillegget inngår eit obligatorisk fellesemne med 10 sider unormalisert tekst frå gammalnorsk og mellomnorsk tid + ca. 100 sider teori som pensum. Undervisninga blir ger også gitt i eit kurs med 2 t/u. Ved omlegging til ny studiestruktur går fagmilljøet inn for at nordisk-faget framleis skal vera eit språk- og litteraturfag, og legg opp til eit parallelt løp gjennom heile B.A.-graden. Fagmiljøet blir no delt på to institutt, eitt språkinstitutt og eitt litteraturinstitutt, og det kan derfor bli vanskeleg å halde oppe den gamle einskapen i faget. Norrønt kjem truleg til å falle bort som obligatorisk emne i dei nye innføringsmodulane i nordisk språkvitskap bortsett frå som ledd i undervisninga i eldre språkhistorie, men dei noverande kursa på grunn- og mellomfag vil bli førte vidare som valmodul(ar) innafor B.A.-graden.

Samanfatning: Møtet tok runden til orientering. Det var brei semje om at ein måtte ha ei felles forståing av arbeidsomfanget i dei norrøne emna når ein no skal rekne dei om til studiepoeng, og at ein må halde seg orientert om kva som skjer ved dei andre institusjonane. Ved Universitetet i Oslo blir det i eit notat frå juni 2001 sagt at ein "langt på vei" skal gange dei gamle vekttala med 2 for å få utteljing i studiepoeng, men dette blir sterkt modifisert i eit notat frå august 2001. Ved dei andre institusjonane går ein ut frå at 1 vekttal svarar til 3 studiepoeng. Studieprogramma er ikkje ferdig utforma ved nokon lærestad, men det går i retning av at norrønt vil få plass i fleire program - språk, litteratur og mellomalderstudium. Møtet oppfatta dette som positivt, men peika på at mange uklare forhold ved studieprogramma, og fleire frykta for at sambandet mellom det språklege og det litterære studiet no kunne falle heilt bort.

2. Modulisering av faget - krav til undervisningskompetanse

Sak: Etter at norrønt no er falle ut grunnfaget ved Universitetet i Bergen, og noko liknande kan skje ved andre lærestader, bør det reisast ein debatt om kva for krav som skal stillast til undervisningskompetanse i faget norsk på dei ulike skulestega, og kven som skal avgjera dette. I dag krevst det ikkje meir enn grunnfag (20 vekttal) for å få undervisninsgkompetanse i den vidaregåande skulen.

Drøfting: Det ser no ut til at departementet vil overlate til leiinga ved dei enkelte skulane å avgjera kompetansekrava, og det er dermed blitt endå vanskelegare å få eit ord med i laget. Oppsplittinga av nordiskfaget i modular gjer det også vanskeleg å formulere eintydige kompetansekrav. I denne situasjonen må ein leggje til grunn læreplanen i norsk for den vidaregåande skulen (oktober 1993), der det klart går fram at norrønt skal ha ein plass i norskfaget. Det vart peika på at fagnemningar og eksamenskodar må vera informative, slik at det blir tydeleg kva for disiplinar som kandidat har dekt gjennom utdanninga si. Det er elles påfallande at norrønt er obligatorisk i lærarutdanninga (Norsk 2), men er i ferd med å falle ut på universitetsnivå (jf. den nye studieplanen ved UiB).

Samanfatning: Læreplanen i norsk for den vidaregåande skulen er eit viktig dokument for å grunngje behovet for studiet av norrønt. Fagrådet for nordisk blir oppmoda om å arbeide vidare med denne saka. Roger Lockertsen formidlar kontakten med fagrådet.

3. Samarbeidstiltak: (a) student og/eller lærarutveksling, (b) nettbaserte tilbod

Sak: Finst det tenlege fellestiltak for undervisning og forskarutdanning i norrøn filologi, og er det lærarane og/eller studentane ein skal prøve å flytta på - eller bør ein satse på nettbaserte løysingar? Konkret kunne ein tenkje seg ein nettportal for norrønt med ein viss kvalitetssikring av tilboda. Det finst fleire slike portalar drivne av personar utanfor eller i randsona av det akademiske miljøet, med varierande kvalitet, t.d. det som er lagt ut av foreininga Forn Sed her til lands, eller i USA på sider som The World of the Vikings o.l.

Drøfting: (a) Erfaringane tyder på at det er vanskeleg å flytta på lærarar og studentar i det ordinære undervisningsopplegget, men det bør vera mogleg å halde kortare kurs på nasjonalt plan. Det nyoppretta kompetansefondet i Agder vart nemnt som ei mogleg kjelde til felles kurs, t.d. påDømmesmoen ved Grimstad. Det har også vore halde kurs på Avlsgården i tilknyting til baroniet i Rosendal. Høgskolen i Stavanger har gode røynsler med ekskursjonar til København, med opphald på Schæffergården og m.a. omvising på Det Arnamagnæanske Institut.
(b) Det vart uttrykt ønske om ei kvalitetssikring av norrønt stoff på nettet, sjølv om dette er arbeidskrevjande. Det nyoppretta Medieval Nordic Text Archive (Menota) vart nemnd som kandidat for ein nettportal.

Samanfatning: Nasjonale kurs er viktige for motivasjon og rekruttering, og kan med fordel leggjast på eit slikt nivå at dei kan fange opp interesserte studentar på lågare grad. Marit Christoffersen undersøkjer om det er mogleg med støtte til eit seminar på Dømmesmoen eller ein annan stad på Sørlandet. - Det er behov for kvalitetssikring av norrønt stoff på nettet. Odd Einar Haugen tek saka opp med interimsstyret i Menota med tanke på å knyte ressursar til nettsidene for dette arkivet.

4. Utgjevingsplanar - "Handbok i norrøn filologi", omsetjingar

Sak: Studieplanen for norrøn filologi grunnfag (i sine ulike modular) har vist oss at det er mangel på eigna lærebokstoff i "mellomstort" format for fleire emne - altså større enn artiklar iKulturhistorisk Leksikon for Nordisk Middelalder, men mindre enn fulle monografiar om emnet. Her tenkjer vi på m.a. emne som (a) gammalnorsk språk, (b) gammalislandsk språk, (c) mellomnorsk språk, (d) paleografi, (e) runologi, (f) norrøne person- og stadnamn, (g) poetisk språk og metrikk. Er det ønskeleg med ei handbok i norrøn filologi, som kan supplere innføringsverka i norrøn grammatikk og norrøn litteraturhistorie - og kunne dette organiserast som ein nasjonal dugnad? Om ein tenkjer seg eit samla sidetal på rundt 300 (inkl. felles bokliste) ville ein få 25-30 sider per emne i gjennomsnitt.

Omsetjingar av norrøn litteratur må vera ei permanent oppgåve, om ein ønskjer å synleggjera andre delar av den norrøne litteraturen enn Heimskringla. Bør dette arbeidet samordnast på noko vis, og er det tekster som bør prioriterast?

Drøfting: Planane om ei handbok i norrøn filologi fekk sterk støtte, og fleire av deltakarane sa seg interesserte i å vera med på prosjektet. Kapitla om gammalnorsk og gammalislandsk kan samordnast, dessutan vart det argumentert for eit kapittel om tekstfilologi og -kritikk, eit kapittel om handskrifts- og arkivkunnskap, og eit kapittel som tek eit diakront blikk på utviklinga frå gammalnorsk via mellomnorsk til nynorsk. Det er mogleg at ein kan få støtte til eit arbeidsseminar for diskusjon av dei enkelte kapitla, anten det no blir i Noreg eller i meir eksotiske omgjevnader, t.d. på Lesbos. - Else Mundal orienterte om behovet for å halde oppe omsetjingsverksemda og delte ut eit notat frå Det Norske Samlaget. I diskusjonen vart særleg Landslova og Gulatingslova nemnde, forutan Snorre-Edda og ei ny omsetjing til nynorsk av edda-dikta.

Samanfatning: På bakgrunn av drøftinga på møtet får Odd Einar Haugen i oppdrag å utarbeide utkast til innhald for boka og finne forfattarar til dei enkelte kapitla. Else Mundal koordinerer omsetjingsplanane, slik at dei som har planar om å gå i gang, tek kontakt med henne.

5. Oppretting av nasjonalt fagråd

Sak: På bakgrunn av den store omlegginga som no skjer av morsmålsstudiet, bør fagmiljøet vurdere om ein skal opprette eit nasjonalt fagråd for norrøn filologi. Dette har skjedd for norsk som andrespråk, som har ei liknande stilling i høve til morsmålsfaget. Universitets- og høgskolerådet (UHR) har fastsett eit standardreglement for nasjonale fagråd. Dette har vore lagt til grunn forNasjonalt fagråd for norsk som andrespråk. Elles kan det ha interesse å sjå på eit litt eldre reglement, nemleg for fagområdet informasjonsvitskap, der det er laga eit sett av utfyllande retningslinjer.

Drøfting: Tanken om å opprette eit særskilt fagråd for norrøn filologi møtte velvilje, men fleire av deltakarane frykta for at eit slikt fagråd kunne føre til at norrønt vart definert ut av interessefeltet til fagrådet for nordisk. Det er også ein risiko for at berre Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen vil bli rekna for fullverdige medlemmer, ettersom det er stilt krav om at faget må vera representert med minst grunnfag/årseining ved dei deltakande institusjonane. Dette vil svekkje motivasjonen ved dei andre institusjonane, og kan dermed føre til at miljøet blir splitta snarare enn samla. Namnemiljøet hadde oppe ei tilsvarande sak for rundt 20 år sidan, og valde då å byggje opp eisamarbeidsnemnd heller enn eit fagråd. Denne nemdna har langt på veg fått same funksjon som eit fagråd, og blir m.a. brukt av departementet. Alle var samde om behovet for eit fagleg organ for norrøn filologi, men etter ei tids drøfting kom møtet fram til at dette organet - i alle fall i første omgang - bør byggjast opp etter mønster av samarbeidsnemnda for namnegransking.

Samanfatning: Møtet ønskjer å opprette ei samarbeidsnemnd for norrøn filologi. Else Mundal og Odd Einar Haugen utarbeider utkast til reglement for ei slik nemnd, etter mønster av samarbeidsnemnda for namnegransking. Utkastet blir sendt på sirkulasjon blant deltakarane på møtet, og kan seinare fremjast som sak ved dei enkelte institusjonane.

6. Eventuelt

Det var ingen saker under eventuelt.

 

Bergen, 16.02.2002
Odd Einar Haugen
referent

Merknadsfrist: 22.02.2002
Korrigert på nokre mindre punkt 27.02.2002

Publisert 21. mars 2019 14:17 - Sist endret 14. feb. 2020 15:41