Referat frå møte i samarbeidsnemnda i norrøn filologi 23.05.2003

Referat frå møte i samarbeidsnemnda i norrøn filologi

Til stades: Marit Christoffersen (Høgskolen i Agder), Jan Ragnar Hagland (Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet), Odd Einar Haugen (Universitetet i Bergen), Jon Gunnar Jørgensen (Universitetet i Oslo), Else Mundal (Universitetet i Bergen), Endre Mørck (Universitetet i Tromsø), Gudlaug Nedrelid (Høgskolen i Agder), Karin Fjellhammer Seim (Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet), Inge Særheim (Høgskolen i Stavanger).

Ordstyrar: Marit Christoffersen
Referent: Odd Einar Haugen

Sak 7 vart handsama på etterskot, laurdag 24.05.2003 kl. 12.45-13.00.

1. Konstituering av møtet

Dei samarbeidande institusjonane har no oppnemnt sine representantar, og på grunnlag av dei innkomne oppnemningsbreva frå institusjonane konstituerte møtet seg med desse representantane:

Universitetet i Tromsø: Endre Mørck
Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet: Jan Ragnar Hagland (fast), Karin Fjellhammer Seim (vara)
Universitetet i Oslo: Jon Gunnar Jørgensen
Universitetet i Bergen: Odd Einar Haugen (fast), Else Mundal (fast)
Høgskolen i Agder: Marit Christoffersen (fast), Gudlaug Nedrelid (vara)
Høgskolen i Stavanger: Inge Særheim

Vedtektene § 4 opnar for at ved institusjonar med to eller fleire stillingar i norrøn filologi kan det oppnemnast to faste representantar. Dette er tilfellet ved Universitetet i Bergen, og er motivert av at Odd Einar Haugen framleis er knytt til Nordisk institutt, medan Else Mundal er knytt til det nyoppretta Senter for mellomalderstudiar (frå og med 01.01.2003).

Møtet vedtok vidare at vararepresentantane skulle delta på møtet. Det vart understreka at hovudføremålet med samarbeidsnemdna er fagleg utveksling og nettverksbygging.

Marit Christoffersen hadde opna møtet i eigenskap av lokal arrangør. Ho vart deretter vald til ordstyrar, og Odd Einar Haugen til referent.

2. Rapport frå lærestadene, med vekt på utviklinga av nye studietilbod i norrønt for bachelor- og masternivå

Sak: Studiet av norrønt språk og litteratur er stadig under omlegging. No arbeider alle institusjonane med tilpassing til programma på det nye bachelor- og masterstudiet.

Representantane rapportere frå sine institusjonar. Situasjonen for faget er uendra eller til dels styrkt i Trondheim, Oslo og Tromsø. I Kristiansand (Agder), Stavanger og Bergen er situasjonen mindre lys, men på desse stadene kan det kome nye planar i relativt nær framtid.

Det er slåande at institusjonane har valt så ulike minsteeiningar målt i studiepoeng (stp.): Ved NTNU er dei minste kursa på 7,5 stp., i Bergen kan dei ikkje vere mindre enn 15 stp., og berre unntaksvis større; i Oslo og Stavanger er 10 og i nokre tilfelle 20 stp. standard, medan Kristiansand har både 10 og 15 stp. Tromsø har 10 stp. som standard.

På det førre møtet kom det fram at alle institusjonane utanom Oslo rekna med at det gjekk 3 studiepoeng på kvart gammalt vekttal. Det er framleis uklart korleis Oslo har valt å praktisere denne konverteringa. Det kan i praksis berre målast ved at ein jamfører emne frå dei ulike institusjonane for å sjå om dei held om lag same nivå, eller om pensumkrava er vesentleg høgare ved nokon av institusjonane.

Universitetet i Tromsø: Endre Mørck rapporterte at det var semje om at norrønt framleis skal vere ein integrert del av nordiskfaget. Norrønt språk inngår i den nye studieordninga som ein del av eit obligatorisk kurs på 10 stp., NOR-1010, om eldre språk og språkutvikling. Der er det framleis eit tekstpensum i norrønt, men det er redusert til 5 sider. Vidare studier i norrøn filologi kan studentane få i valemnet NOR-2010, der det inngår både normaliserte og unormaliserte tekstar. I prinsippet (men sjeldan i praksis) kan det også gjevast tilbod i norrønt på masternivå. Alt i alt er situasjonen for norrøntfaget nokså uendra. Administrativt vil det derimot skje store endringar, ettersom institutta skal omorganiserast; personalet på Nordisk institutt blir fordelt på eitt felles språkinstitutt (herunder Endre Mørck) og eit felles litteraturinstitutt.

Universitetet i Trondheim (NTNU): Jan Ragnar Hagland rapporterte at den nye studieplanen ikkje hadde ført med seg vesentlege endringar. Det gamle grunnfaget i nordisk er no delt i fire emne kvart på 15 stp. Eitt av desse emna omfattar norrønt, språkhistorie og dialektar, og det er obligatorisk. Ved NTNU er det no oppretta rammer for timetal på kvart emne; eit emne på 15 stp. kan maksimalt ha 4 veketimar gjennom semesteret. Med ei semesterlengd på 18 veker gjev dette 72 timar, som må fordelast på dei ulike disiplinane. På 200-nivå (tidl. mellomfagsnivå) er emna på 7,5 stp., og her er maksimumsramma sett til 2-3 veketimar. På dette nivået tilbyr instituttet tre emne, alle på 7,5 stp. - (1) norrønt språk, (2) norrøn litteratur og (3) runologi. Utover dette blir det gjeve undervisning i eit såkalla norrønt redskapsfag på 15 stp. På masternivå er det rom for opne emne. NTNU krev at kvart emne skal produsere minst 6 kandidatar på årsbasis, og dette kan gjere det vanskeleg å halde oppe spesialiserte emne.

Universitetet i Oslo: Jon Gunnar Jørgensen rapporterte at det vil vere tilbod om norrønt på fire ulike program: (1) I program for vesteuropeiske mellomalderstudiar inngår norrønt som fordjupingsstudium i ei  80 stp.-gruppe. Studentane les då 4 obligatoriske emne på 10 stp. i norrønt, og i tillegg eit valfritt emne i norrønt på 10 stp (eller 2 på 5 stp), til saman 50 stp i norrønt. (2) I språkprogrammet inngår norrønt saman med eldre språkhistorie i eit emne på 10 stp. Også dette er obligatorisk. (3) I litteraturprogrammet kan studentane velje mellom norrøn litteratur og litteratur i perioden 1500 -1800. Her blir norrønt lese i omsetjing. (4) I lærarutdanningstilbodet inngår norrønt som ein liten del i eit større emne på 20 stp.

Det er god søknad til mellomalderprogrammet. Til opptaket i haust er det 27 studentar som har dette studiet som 1. prioritet, og i tillegg kjem 10 studentar som søkjer overgangsopptak, til saman 37 studentar.

På masternivå er det oppretta ei studieretning i norrøn filologi. I denne inngår eit basisemne på 20 stp. i norrønt + div. andre emne på til saman 40 stp. (som til dels kan vere henta frå andre institutt), og ei masteroppgvåe på 60 stp. For opptak på masterstudiet i norrøn filologi krevst 4 emne i norrønt på til saman 40 stp. Dei 4 emna er dei same som er obligatoriske innanfor fordjupingsstudiet i norrønt i Vesteuropeiske mellomalderstudiar - (a) norrønt og språkhistorie, (b) norrøne tekster, (c) norrøn litteratur 1, (d) norrøn litteratur 2.

Høgskolen i Agder (Kristiandsand): Marit Christoffersen rapporterte at språkfaga er delte i einingar på 10 og 15 stp. I det gamle årsstudiet er det tre språklege emne, der norrønt inngår i eit emne som no har tittelen "Lyd og ordlære". Norrønt utgjer om lag 2/3 av dette emnet. Inntil nyleg hadde ein eit tekstpensum på 10 sider, men dette er no redusert til tekstprøver, utan at det er spesifisert kor lange dei skal vere. Lyd- og ordlære er eit obligatorisk emne. Det er høve til å tilby norrønt i kurs for 200-nivå og mastergrad ("elevatorkurs"), men i praksis er det sjeldan kapasitet til det. I lærarutdanninga inngår norrønt som obligatorisk emne i Norsk 2.

Høgskolen i Stavanger: Inge Særheim rapporterte at norrønt var blitt svekkt etter at ein ny komité hadde lagt fram studieplanar, der omsynet til lærarutdanninga hadde vore bestemmande. Norrønt er med i eit emne kalla "Språkleg utvikling og variasjon" (10 stp.), og dette emnet er obligatorisk. Norrønt er også med i eit vidaregåande emne, som er fakultativt i bachelor-utdanninga, men obligatorisk i påbyggingsdelen av lærarutdanninga. Her er det også lagt vekt på norrøn attforteljing, t.d. i bøker av den typen som Tor Åge Bringsværd har gjeve ut. I prinsippet er det plass for norrønt i mastergradsstudiet i lesekunnskap, men det krev at oppgåva har ei særskilt vinkling tilpassa dette studiet.

Universitetet i Bergen: Odd Einar Haugen rapporterte at norrønt språk ikkje lenger er obligatorisk i nordisk-studiet på bachelor-nivå (anna enn heilt summarisk omtale i samband med språkhistoria i det språklege fellesemnet). Derimot er det eit breitt tilbod av norrøne emne både på 100-nivå (NOFI 111, 10 stp., NOFI 101 og 102, begge 15 stp., og NOFI 103, 30 stp.), og på 200-nivå (NOFI 211 og 212, begge 15 stp.) Dei to siste emna er opne, og kan fyllast med ulikt innhald frå gong til gong. Dette er ein praktisk konstruksjon, men det har vist seg vanskeleg å få fakultetsleiinga til å godta dette - der ønskjer dei seg klart definerte emne med prediktable turnusar.

Vidare er det ein mastergrad i norrøn filologi, der eitt av emna, NOFI 302 (15 stp.), er organisert slik at det kan ha felles undervisning med NOFI 212 - tilsvarande felles kurs for mellom- og hovudfag etter gammalt mønster. Norrønt-studiet er no blitt eit spesialiststudium i Bergen, og få nordiskstudentar har valt det på 100-nivå. Studieplanen er omstridd på instituttet, og det er ikkje utenkjeleg at studieplanen vil bli endra ved neste revisjon. - Else Mundal rapporterte at programmet for mellomalderstudiar var kome i gang, og at 3 av dei 12 studentane som vart tekne opp i fjor haust har valt å lese noko norrønt. Norrønt er ikkje obligatorisk på dette programmet.

Vedtak: Samarbeidsnemnda tek rapportane til orientering.

3. Læremiddel i norrønt språk

Sak: Omlegginga av studiet av norrønt språk har fleire stader ført med seg at norrønt har fått mindre plass enn før. Nemnda bør på denne bakgrunnen drøfte om det er ønskeleg med nye og slankare læremiddel.

Drøfting: Det ser ut til å vere eit allment ønske om nye læremiddel, tilpassa den nye marknaden. Det verkar som det er i ferd med å oppstå ei todeling av marknaden, mellom dei som vil studere norrønt så grundig at dei byggjer opp ein reell lesekompetanse, og dei som skal studere norrønt som ein av fleire emne i kombinerte språklege modular. For den første gruppa vil grammatikkar som Ragnvald Iversen, Norrøn grammatikk, og Odd Einar Haugen, Grunnbok i norrønt språk, framleis vere eigna. For den siste gruppa blir desse grammatikkane truleg for store (målt i sidetal) og for krevjande (vanskegraden).

Vedtak: Samarbeidsnemnda ser det som ønskeleg at det blir utarbeidd nye læremiddel i norrønt språk. Om nokon vil ta på seg dette arbeidet, kan nemnda fungere som ei referansegruppe.

4. Samarbeidstiltak mellom institusjonane: undervisning

Drøfting: Representantane var samde om at den planlagde handboka i norrøn filologi var det samarbeidstiltaket som ein no hadde kapasitet til å arbeide med. Denne handboka vil kunne dekkje pensumkrava i delar av fleire emne, både spesifikt norrøne emne og nokre allmenne nordiske emne. Handboka kan vere klar innan utgangen av året.

Vedtak: Samarbeidsnemnda tek rapportane til orientering.

5. Samarbeidstiltak mellom institusjonane: forskingsprosjekt

Drøfting: Representantane rapporterte frå side respektive lærestader. I tillegg til ei lang rekkje individuelle prosjekt vart det fortalt om nokre større prosjekt:

The Arrival of Writing ved Senter for mellomalderstudiar i Bergen.
Medieval Nordic Text Archive (Menota) ved UiB og UiO.
Medieval Unicode Font Initiative ved UiB og nokre utanlandske lærestader
Trondheim-Sofia corpus of Old Slavic ved NTNU og New Bulgarian University, Sofia.
"Norden og Europa", eit prosjekt i regi av Mellomaldersenteret i Oslo.

Vedtak: Samarbeidsnemnda tek rapportane til orientering.

6. Val av arbeidsutval

Sak: I samsvar med vedtektene § 6 skal det veljast arbeidsutval (leiar, nestleiar og sekretær) for samarbeidsnmenda.

Drøfting: Det var semje om at sekretæren for samarbeidsnemnda bør kunne drive ein nettstad for nemnda. Møtet meinte det var mest praktisk at denne funksjonen vart ivareteken av Odd Einar Haugen, særleg ettersom ingen andre melde seg til teneste. Vidare vart det framheva at det var praktisk at leiaren arbeidde ved same institusjon som sekretæren, og då peika Else Mundal seg naturleg ut. Endeleg vart det hevda at nestleiaren burde kome frå den institusjonen som låg nærmast Bergen, og etter nokre uortodokse geografiske utgreiingar kom møtet fram til at det var Kristiansand.

Vedtak: Samarbeidsnemnda vel Else Mundal som leiar, Marit Christoffersen som nestleiar, ogOdd Einar Haugen som sekretær for nemnda. Valet gjeld for ein periode på tre år, dvs. fram til det årlege møtet i samarbeidsnemnda i 2006.

7. Eventuelt

Sak: Jan Ragnar Hagland melde at han ønskjer å trekkje seg som nasjonal representant i International Board of Advisors for den internasjonale sagakongressen. Tidlegare har Else Mundal og Bjarne Fidjestøl hatt dette vervet. Ny representant blir vald på sagakongressen i Bonn 02.08.2003, men det er ønskeleg at valet avspeglar synspunkta i fagmiljøet.

Drøfting: Samarbeidsnmenda var samd i at nemnda kan gje ei tilråding i denne saka.

Vedtak: Samarbeidsnemnda innstiller på at Jon Gunnar Jørgensen kan veljast til ny, norsk representant i International Board of Advisors for den internasjonale sagakongressen.

 

Bergen, 26.05.2003
Odd Einar Haugen
referent

Publisert 21. mars 2019 14:17 - Sist endret 8. juni 2023 09:58