Referat frå møte i samarbeidsnemnda i norrøn filologi 21.01.2005

Referat frå 2. ordinære møte, 21.01.2005

Til stades: prof. Marit Christoffersen (Høgskolen i Agder), prof. Jan Ragnar Hagland (Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet), prof. Odd Einar Haugen (Universitetet i Bergen), 1.aman. Karl G. Johansson (Universitetet i Oslo), prof. Jon Gunnar Jørgensen (Universitetet i Oslo), prof. Else Mundal (Universitetet i Bergen), prof. Endre Mørck (Universitetet i Tromsø), prof. Kjartan Ottosson (Universitetet i Oslo), 1.aman. Erik Simensen (Universitetet i Oslo).

Kjartan Ottosson gjekk etter sak 5.

Forfall: prof. Inge Særheim (Universitetet i Stavanger).

Ordstyrar: Else Mundal
Referent: Odd Einar Haugen

1. Status for faget

Sak: På grunnlag av rapportar frå dei seks lærestadene (Tromsø, Trondheim, Oslo, Kristiansand, Stavanger og Bergen) ser det ut til at i Tromsø og Trondheim har norrønt om lag den same posisjonen som tidlegare (før kvalitetsreforma). I Oslo er stillinga mykje den same, bortsett frå at faget er kraftig redusert i det mest populære programmet, det nye Lektor- og adjunktprogrammet (LAP). I Kristiansand er stillinga nokolunde som før, bortsett frå at programma i språk og litteratur er i ferd med å tape terreng for programmet i kommunikasjon. Etter ei kortvarig svekking i Stavanger, er det no innført ein ny plan som langt på veg restituerer faget. I Bergen er norrønt så godt som utradert i morsmålsfaget. I det einaste obligatoriske kurset i faget har norrøn tekst og grammatikk helst mindre omfang enn i vidaregåande skole.

Generelt ser det ut til at utvekslinga av studentar mellom lærestadene har falle markant. Inntil nyleg skifte mange studentar lærestad når dei tok til på hovudfaget, men no ser det ut til at dei blir verande ved lærestaden også gjennom masterstudiet. Programma har til dels svært ulike utforming ved lærestadene, omfanget av kursa skifter (10 og 20 stp. vs. 7,5 og 15 stp.), og informasjonen om studietilboda er kompleks og til dels uoversiktleg på nettsidene ved dei ulike lærestadene.

Referatet byggjer på korte rapportar frå møtedeltakarane, supplert i ettertid med opplysningar om studietilbodet i Stavanger. Så langt mogleg er det gjeve nettadresser til presentasjonen av dei enkelte kursa som er gyldige i vårsemesteret 2005. Ein skal vere merksam på at desse kan skifte over tid eller falle ut. Oversynet omfattar berre tilboda på bachelor-nivå. Dei fleste programma har eit rikt tilbod av valfrie kurs, men fokuset i oppsummeringa nedanfor er lagd på dei kursa som er obligatoriske.

Universitetet i Tromsø (rapport ved Endre Mørck). Dei norrøne emna har jamt over same plass og omfang som før, og ved faggruppa for nordisk er det semje om at morsmålsfaget skal omfatte eldre språk og litteratur i tilnærma same omfang som før. I språkdelen av faget er NOR 1010 Nordisk språkvitenskap: Eldre språk og språkutvikling (10 stp.) obligatorisk, og det har eit godt innslag av norrønt språk (ein større grammatikk og 5 sider tekstpensum). Norrøn litteratur inngår på same vis i NOR 1110 Nordisk litteraturvitenskap: Nordisk litteratur fra eddadikt til 1870 (10 stp.). Det er også etter dei noverande studieplanane tilbod om eit emne på 2000-nivå med vekt på unormaliserte tekstar (10 stp.) og eit emne på 3000-nivå om skiftande tema innanfor eldre språk (10 stp.). Men ettersom dette er valfrie emne og det ofte er få studentar på desse nivåa, er det i prakis få som tek desse emna.

Norges teknisk-naturvitskaplege universitet, Trondheim (rapport ved Jan Ragnar Hagland). Dei norrøne emna har jamt over same plass og omfang som tidlegare, og det er semje ved instituttet om at morsmålsfaget skal omfatte eldre språk og litteratur. I språkdelen av faget inngår norrønt i det obligatoriske kurset NORD 1101 Nordisk språk - historisk (15 stp.). Til skilnad frå andre lærestader har ein i Trondheim valt å fokusere på læringsmåla heller enn på eit spesifikt grammatikk- og tekstpensum. I studieplanen for NORD 1101 heiter det m.a. "Komponenten omfatter et oversyn over utviklinga i lydverk, formverk og setningsstruktur fra urnordisk tid til 1500-tallet, samt et oversyn over språkstrukturen i norrønt, som setter en i stand til å lese en lettere ukjent tekst med bruk av ordbok og bøyingsskjema." Slik dette målet er formulert, svarar det i hovudsak til omfanget av norrønt på dei gamle grunnfaga ved dei andre lærestadene. Oppslutningen om dette og det andre språklege kurset, NORD 1102 Nordisk språk - moderne, er god (rundt 100 studentar), og tyder på at det er fullt mogleg å ta vare på ein solid historisk komponent i morsmålsfaget.

Utover dette er det ei rekkje valfrie kurs i norrønt på ulike nivå, m.a. NORD 2201 Norrønt språk (7,5 stp.), NORD 2202 Runologi (7,5 stp.) og NORD 2212 Norrøn litteratur (7,5 stp.). Kurset i runologi har fanga opp mange studentar utanfor nordiskfaget. Det er også eit kurs særleg retta mot studentar ved andre fag, m.a. historie og arkeolgoi, NORD 0020 Norrønt redskapsfag (15 stp.).

I programmet for mellomalderstudiar er NORD 0020 Norrønt redskapsfag (15 stp.) obligatorisk for dei som skal ta BA i mellomalderkunnskap. Det har ikkje vore så mange studentar på dette programmet som har valt vidare studiar i norrønt.

Universitetet i Oslo (rapport ved Jon Gunnar Jørgensen og Karl G. Johansson). Norrønt språk har om lag same posisjon som tidlegare på studieprogrammet i språk, men norrøn litteratur er gjord valfri på studieprogrammet i litteratur. På det nyoppretta Lektor- og adjunktprogrammet (LAP) er både norrønt språk og norrøn litteratur sterkt reduserte jamført med det gamle grunnfaget i nordisk. LAP-programmet har vist seg å få stor oppslutning blant studentane, og det inneber at mange studentar no går ut med vesentleg mindre kunnskapar i norrønt enn tidlegare. Norrønt inngår også på studieprogrammet i vestnordiske mellomalderstudiar, men berre som valfrie kurs. På dette programmet er eit kurs på 10 stp. i mellomalderlatin obligatorisk.

Nordisk, særleg norsk, språkvitskap er ein del av studieprogrammet i språk. Her er kursetNFI 1101 Norrøn grammatikk og eldre språkhistorie (10 stp.) obligatorisk. Dette kurset er langt på veg identisk med den tilsvarande delen på det gamle grunnfaget i nordisk. I tillegg er det høve til å ta fleire valfrie kurs i norrønt, m.a. NFI 2130 Norrøn tekst (10 stp.).

Nordisk litteratur er ein del av studieprogrammet i litteratur. Studentane må lese eitt emne med eldre litteratur, og her kan dei velje mellom NFI1320 Norrøn litteratur 1 (10 stp.) og emnet NOR 1301 Nordisk litteratur 1500-1800 (10 stp.). Kurset Norrøn litteratur 1 byggjer på omsett litteratur. Det inneheld heller meir lesestoff enn den tilsvarande delen på det gamle grunnfaget i nordisk, men er altså gjort halvvegs valfritt. I tillegg er det høve til å ta to valfrie kurs i norrøn litteratur, nemleg NFI 2320 Norrøn litteratur 2 (10 stp.) og NFI 2321 Norrøn litteratur 3 (10 stp.).

Lektor- og adjunktprogrammet (LAP) er eit nytt tilbod. For dei som tek nordisk innanfor rammene av dette integrerte femårige programmet, er kurset NOR 1103 Nordisk, særlig norsk, språk og litteratur før 1800 (10 stp.) obligatorisk i den såkalla 60- og 80-gruppa. Dette kurset inneheld ein svært kursorisk gjennomgang av norrønt språk og norrøn litteratur; vesentleg mindre enn på det gamle grunnfaget i nordisk. Det er ingen andre obligatoriske kurs som omfattar norrønt, men det er mogleg å leggje inn valfrie kurs som del av masterspesialiseringa.

Studieprogram i vesteuropeiske middelalderstudier er delt i tre studieretningar, der eit kurs på 10 stp. i mellomalderlatin er obligatorisk på alle retningene, MAS 1120 Middelalderlatin. I studieretninga Fordypning i middelalderens språk og litteratur er det fleire valfrie kurs i norrønt: NFI 1101 Norrøn grammatikk og eldre språkhistorie (10 stp.), NFI 1320 Norrøn litteratur 1 (10 stp.), NFI 2320 Norrøn litteratur 2 (10 stp.), NFI 2321 Norrøn litteratur 3 (10 stp.) og NFI2100 Norrøn paleografi og kodikologi (5 stp.). Som del av dette programmet er det også ei valfri 40-gruppe i runologi, som omfatter 4 kurs i ulike delar av runologien, MAS 1100 Runologi - generell innføring (10 stp.), MAS 2100 Runologi - runeinnskrifter fra folkevandringstiden til og med vikingtid (10 stp.), MAS 2101 Runologi - middelalderens runeinnskrifter (10 stp.) og MAS 3000 Runologi - som gjenstands- og museumsfag (10 stp.)

Ved Senter for studier i vikingtid og nordisk middelalder blir det gjeve engelskspråklege kurs i norrønt som del av det tverrfaglege masterprogrammet i Nordic Viking and Medieval Culture. I dette programmet må dei studentane som ikkje har eit mellomalderspråk minst ta eit kurs på 10 stp. i eit mellomalderspråk, t.d. i latin, engelsk, irsk eller norrønt. For norrønt heiter kurset MAS 4120 Old Norse (10 stp.), men som nemnt kan studentane velje andre mellomalderspråk. Utover dette er det fleire valfrie engelskspråklege tilbod, m.a. MAS 4121 The Poetic Edda - from Orality to Literacy (10 stp.)

Høgskolen i Agder (rapport ved Marit Christoffersen). Norrønt er noko redusert i den nye studieplanen for bachelorstudiet i norsk og medier, men er stadig obligatorisk. I norsk og medier inngår norrønt språk i fleire av dei obligatoriske emna, både språk og variasjon i utvikling (10 stp.) og i lyd og ordlære (10 stp.). Pensumomfanget er om lag som i Tromsø, dvs. ein større grammatikk og 5 sider tekst.

Institutt for nordisk og mediefag tilbyr no undervisning i tre program; i norsk og medier, i litteratur og i kommunikasjon. Det siste programmet er den store vinnaren for tida.

Høgskolen i Agder har eit særskilt femårig integrert lærarutdanningsprogram, men i motsetnad til Oslo (der LAP-programmet har teke storparten av studentane), har ikkje dette fått nokon særleg oppslutning innanfor nordisk, og vil truleg bli fasa ut.

Universitetet i Stavanger (rapport ved Randi Njå for Inge Særheim). Etter den første moduliseringa til det nye bachelorprogrammet i nordisk språk og litteratur var norrønt språk i 2003/2004 del av kurset ÅNO 130 språleg utvikling og variasjon med eit tekstpensum på ca. fire sider og utdrag frå ein større grammatikk. I tillegg var det høve til å ta det valfrie kurset ÅNO 100 språk og litteratur i norrøn tid. Dette kurset var særleg retta mot studentane på allmennlærarutdanninga og hadde om lag same omfang som norrønt hadde i det gamle, valfrie 10 vekttalskurset Norsk 2, noko mindre enn grunnfaget i nordisk.

Etter ei omlegging av kursa i bachelorprogrammet er norrønt språk del av eit obligatorisk kurs ÅNO 130 språk og historie (10 stp.) i løpet av det første studieåret. Omfanget er nå om lag det same som på det gamle grunnfaget i nordisk, ein større grammatikk og ca. 15 sider tekstpensum. Norrøn litteratur er dekt i det obligatoriske kurset ÅNO 120 tekst og historie (10 stp.), også dette i løpet av det første studieåret.

Begge kursa er obligatoriske for studentar på allmennlærarutdanninga som vel Norsk - halvårsstudium eller Nordisk årsstudium  4. studieåret. Kursa er også tilbod som breiddefag i Historie og kultur - bachelorprogram og Språk og litteratur - bachelorprogram (med anna fordjuping enn nordisk).

Universitetet i Bergen (rapport ved Odd Einar Haugen og Else Mundal). Utviklinga i Bergen sidan 2001 har vore dramatisk, og norrønt språk er no i praksis ute av morsmålsfaget. I den språklege delen av morsmålsstudiet er det berre ein obligatorisk komponent som inneheld norrønt, NOSP 101 Grunnemne i nordisk språk (15 stp.), og i denne har norrønt eit omfang som er mindre enn i vidaregåande skole. Det særskilde kurset i norrønt, NOFI 111 Norrønt språk (10 stp.), er no valfritt, og berre ein liten del av studentane vel dette. Omfanget av dette kurset svarar til den tilsvarande delen på det gamle grunnfaget i nordisk (ein større grammatikk og ca. 25 sider tekst). Norrøn litteratur i omsetjing inngår i same omfang som før i morsmålsfaget, NOLI 101 Nordisk: litteratur fram til 1900 (15 stp.). Tilbodet på lærarutdanningsprogrammet er det same som for dei andre morsmålsstudentane, så også for desse studentane gjeld det at kravet til norrønt språk er mindre enn pensumet i vidaregåande skole. Enn så lenge er det høve til å ta ein master i norrøn filologi, men dette tilbodet vil truleg bli lagt ned (eller på is) i nær framtid. Av omsyn til dei andre studieprogramma vil det bli gjeve ein del elementærkurs i norrønt, primært NOFI 101 Norrønt språk (15 stp.), NOFI 102 Norrøne tekstar (15 stp.) og frå tid til anna NOFI 211 Norrøn filologi I (15 stp.). Det siste kurset svarar til dei gamle valemna på mellomfagsnivå, og kan ha skiftande innhald.

Norrøn filologi kan inngå både i studieprogramma for språk og i studieprogrammet for mellomalderstudiar. Norrønt er ikkje obligatorisk i nokon av desse programma, men studentar kan ta eit elementærkurs, NOFI 101 Norrønt språk (15 stp.). I forlenginga av dette er det eit nytt kurs, NOFI 102 Norrøne tekstar (15 stp.). På studieplanen står det fleire andre kurs, men desse vil truleg måtte leggjast ned i nær framtid. Frå tid til anna vil det vere tilbod i NOFI 211 Norrøn filologi I (15 stp.).

Til slutt drøfta møtet spørsmålet om den nye læreplanen for vidaregåande skole. Det var semje om at posisjonen til norrønt i denne er eit viktig argument for posisjonen til faget på høgskolane og universiteta. Så lenge norrønt er ein obligatorisk del av norskfaget på vidaregåande skole, bør det også vere det i nordiskfaget på høgskolane og universiteta.

Vedtak: Samarbeidsnemnda ser alvorleg på utviklinga for norrøntfaget. Sekretæren utarbeider eit brev til fakulteta og morsmålsinstitutta ved dei deltakande institusjonane der situasjonen blir omtalt. Brevet blir sendt på sirkulasjon blant medlemmene av nemnda inntil det er semje om formuleringane.

2. Organisasjonsstruktur

Sak: Instituttstrukturen er nyleg omlagd ved HF i Oslo, og ei tilsvarande omlegging er på gang i Bergen.

Jon Gunnar Jørgensen orienterte om utviklinga i Oslo. Nordisk litteratur og språk, inkl. norsk som andrespråk, er slått saman med allmenn språkvitskap i eit nytt institutt som førebels har namnet Institutt V. Det permanente namnet vil truleg bli Institutt for lingvistikk og nordistikk eller ein variant av dette namnet. Samanslåinga har vore til lita glede for litteraturmiljøet, ettersom allmenn litteraturvitskap no går til eit anna institutt, på eit tidspunkt då samarbeidet mellom dei to litteraturmiljøa på gamle INL var blitt velfungerande. Samlingane blir verande ved instituttet. På denne bakgrunnen meinte JGJ at det var tenleg å halde fast ved at det norrøne fagmiljøet skulle vere ein del av nordiskfaget og av morsmålsinstituttet. Han understreka at det kan kome endringar seinare og minte om at nordiskfaget ikkje kan leve utan norrønt, men at norrønt kan leve utan nordiskfaget.

Jan Ragnar Hagland fortalde at i Trondheim vart Senter for mellomalderstudiar lagt inn under Institutt for historie og klassiske fag for godt og vel eitt år sidan. Utover dette var det ikkje planar om reorganisering av institutta på HF-fakultetet. Derimot var det planar om å flytte heile verksemda frå Dragvoll nærmare byen, noko som hadde møtt stor motstand og som truleg ikkje ville vere økonomisk forsvarleg.

Karl G. Johansson peika på at det låg ein styrke i at studieprogramma ikkje var så tett knytte til institutta. Det gjer det mogleg å synleggjere norrønt. Han fortalde også at eldre språk og litteratur har falle heilt ut av den svenske morsmålsutdanninga, og at ein derfor må tenkje på andre arenaer for faget. Han la vekt på at ein måtte tenkje offensivt, og ha klart for seg kvar ein ville vere om t.d. fem års tid.

Jan Ragnar Hagland peika på at splittinga av nordiskfaget i språk og litteratur kom tidleg, og at stillingsreduksjonar (m.a. tapet av den einaste stillinga i namnegransking i Trondheim) har gjort at faget no var eit anna enn for få år sidan. Jon Gunnar Jørgensen la til at einskapen i faget var i ferd med å forvitre, og dersom norrønt skulle falle ut av nordiskfaget, ville det vere grunnlag for ei revurdering av situasjonen.

Fleire av deltakarane på møtet gav uttrykk for at det kunne vere ønskeleg å skilje ut norrønt som eit eige fag, og at det i lengda var slitsamt å kjempe for posisjonen til faget på morsmålsinstitutta. Det vart likevel ikkje trekt nokon eintydig konklusjon.

Vedtak: Møtet tok saka til orientering.

3. Samarbeid om undervisning

Sak: På vidarekomande nivå er det vanskeleg å få store nok studentgrupper mange stader. På nasjonalt nivå er saka annleis. Er det råd å få til nokre enkle og ikkje altfor kostnadskrevjande ordningar for felles undervisnings- eller kurstiltak?

Møtet stilte seg positivt til konkrete samarbeid om undervisning, og tok ein runde på aktuelle kursstader:

- Rosendal. Triveleg, men relativt dyrt og vanskeleg reise.
- Kongsvoll. Feltstasjon for biologi. Fint miljø, men enkelt standard og ikkje noko vertskap.
- Dømmesmoen, Grimstad. God standard, litt usentralt. Fungerte fint under arbeidsmøtet i samarbeidsnemnda i 2003.
- Isegran, Fredrikstad. Fint miljø. Pris ca. 600 kr per døgn med heilpensjon.
Granavollen. Høgare standard og pris enn Isegran.
- Hytte i Bymarka, Trondheim. Enkel og lite brukt.
- Vangen i Østmarka, Oslo. Tilsvarande.

I diskusjonen vart fleire typar av kurs drøfta, og deltakarane vart oppmoda om å arbeide vidare med saka kvar på sine lærestader.

KGJ orienterte deretter om ein plan om å opprette eit Nordplus-finansiert studietilbod for ein mastergrad i norrøn filologi. Dette tilbodet ville vere administrert frå Universitetet i Århus, men elles ha deltaking frå Reykjavík, Bergen, Oslo, København og Uppsala. Studiet vil gå over to år, der 1. semester skal vere ved heimeuniversitetet, 2. semester ved eit anna, samarbeidande universitet, og 3. og 4. semester skal vere avsett til skrivinga av avhandlinga, anten ved heimeuniversitetet eller eitt av dei samarbeidande universiteta.

Møtet drøfta ulike sider ved eit slikt studietilbod, men peika på uklare sider ved ordninga, og at den også kunne gje argument for ytterlegare nedbygging av faget enkelte stader. Det var likevel ei positiv haldning til initiativet.

Vedtak: Møtet tok saka til orientering, og gjekk inn for at planen måtte behandlast lokalt ved dei institusjonane som eventuelt blir med på samarbeidet.

4. Utgjevingsprofil for Kjeldeskriftkommisjonen

Sak: Etter eit lengre opphald er den nye kjeldeskriftkommisjonen i Riksarkivet oppnemnd. Karin F. Seim representerer runologien, Jon Gunnar Jørgensen og Odd Einar Haugen den norrøne filologien, og Jon Gunnar Jørgensen vart vald som leiar av kommisjonen på det første ordinære møtet hausten 2004.

Jon Gunnar Jørgensen orienterte om utgjevinga av eldre tekster i Riksarkivet. Denne fordeler seg på utgjeving av (a) runer, (b) lover, (c) diplom og (d) andre tekstar. Kommisjonen prioriterer mellom dei ulike utgjevingsprosjekta, men det er Riksarkivaren som avgjer kor stor tildelinga skal vere. For tida er det uklart om det skal utarbeidast nye statuttar for kommisjonen, som i så fall skal godkjennast av Departementet. Det kan sjå ut til at Riksarkivaren ønskjer dette, men det er ikkje opplagt at det er nødvendig å endre statuttane. Dette vil truleg bli avklart på eit ekstraordinært møte i løpet av 2005.

Det har vore eit ønske i delar av Riksarkivet å forskyve tyngdepunktet av utgjevinga frå eldre til nyare tekstar, men dette er ikkje endeleg avgjort.

Møtet drøfta korleis den framtidige utgjevinga burde leggjast opp. Fleire av deltakarane understreka at det sjette bandet av Norges Innskrifter med de yngre Runer (med innskrifter frå utgravingane i Trondheim) måtte prioriterast. Jan Ragnar Hagland har gjort klar manuset, men av ulike grunnar er bandet ikkje kome ut. Møtet drøfta korleis denne saka skulle løysast. Det vart peika på at mykje anna runemateriale står att, m.a. det aller meste av materialet frå Bergen, forutan mange innskrifter frå Oslo og Tønsberg.

Ei ny utgåve av dei gamle norske lovene vart drøfta. Det var semje om at dette er eit stort prosjekt som krev ekstern finansiering. Det er også eit krevjande forskingsprosjekt.

Møtet drøfta også spørsmålet om kvalitetssikring av utgjevingane. Odd Einar Haugen meinte at dette arbeidet måtte lokaliserast til Riksarkivet. Ei slik ordning har ein ved dei arnamagnæanske samlingane, der det blir oppnemnt ein eller to interne redaktørar for kvar utgåve.

Odd Einar Haugen tok vidare til orde for at det vart utarbeidd eit utgjevingsregulativ for Kjeldeskriftkommisjonen, etter mønster av det som finst for nyspråkleg tekstutgjeving. Han viste også til at eit svensk regulativ no er under utarbeiding ved Paula Henriksson i Uppsala.

Vedtak: Møtet tok saka til orientering, og bad medlemmene av kjeldeskriftkommisjonen følgje opp dei synspunkta som kom fram i debatten.

5. Nasjonale arbeidsoppgåver

Sak: Odd Einar Haugen fortalde at han kom til å trekkje seg som redaktør av Maal og Minne når 2005-årgangen av tidsskriftet er fullført. Då ville han ha bak seg 10 år som redaktør (saman med Kjell Ivar Vannebo i Oslo), og han tykte det no var på tide med eit skifte. Han har også hatt fleire andre og store redaksjonelle oppgåver i denne perioden, m.a. dei posthume utgjevingane av Bjarne Fidjestøls arbeid, Selected papers (1997, saman med Else Mundal) og Dating Eddic poetry (1999), fleire versjonar av Menota handbook (2001-) og Handbok i norrøn filologi (2004). Han viste til at i andre tidsskrift, som t.d. Norsk Lingvistisk TidsskriftEdda og Historisk tidsskrift går redaktørverva på omgang, ofte med femårige periodar, og ikkje meir enn 10 år. Dei nye retningslinjene for måling av vitskapleg arbeid (framlagde for Universitets- og høgskolerådet hausten 2004) inneber også at redaksjonelt arbeid, særleg av tidsskrift, ikkje gjev noka som helst utteljing, og at ein derfor i høgare grad enn tidlegare må sjå redaktørvervet i Maal og Minne som ei nasjonal oppgåve for faget, og ei oppgåve som må sirkulere i fagmiljøet.

Møtet tok meldinga til orientering og takka Haugen for innsatsen, men gav uttrykk for at han gjerne skulle ha halde fram i vervet.

Møtet drøfta vidare konsekvensane av det nye målingssystemet for eit tidsskrift som Maal og Minne og generelt for publikasjonsprofilen i faget. Her vart det også peika på at utgjevingsarbeid såg ut til å vere utegløymd, og at arbeid med læremiddel gav lita utteljing. Else Mundal orienterte om at Senter for mellomalderstudiar hadde sendt ein kritisk merknad til Universitets- og høgskolerådet hausten 2004.

Vedtak: Leiinga av nemnda skriv ei fråsegn som peikar på det uheldige i (a) at nasjonale og internasjonale tidsskrift blir så ulikt vurderte, (b) at redaksjonelt arbeid blir usynleggjort, (c) at arbeid med læremiddel gjev så lita utteljing og (d) at tekstutgjeving ikkje ser ut til å vere rekna som vitskapleg publisering. Etter sirkulasjon blant medlemmene i nemnda blir fråsegna send til Universitets- og høgskolerådet og til det nasjonale fagrådet for nordisk.

Brev til Nasjonalt fagråd for nordisk om plassering av Maal og Minne, 23.06.2005

[Merknad: Som følgje av dette brevet vart Maal og Minne hausten 2005 løfta opp på nivå 2.]

 

6. Eventuelt

Sak (a): På grunnlag av førespurnad frå Karin F. Seim tok Jan Ragnar Hagland opp spørsmålet om innlevering av ekstra eksemplar av oppgåver i mellomnorsk. I dag er ordninga at hovudfags/mastergradsoppgåver i norrønt skal leverast inn i åtte eksemplar, mot elles fem, slik at tre av dei kan sendast til andre universitet. Det er uklart om dette også gjeld oppgåver i mellomnorsk.

Møtet slutta seg til at denne ordninga også bør gjelde oppgåver i mellomnorsk, og gav uttrykk for at denne saka burde sendast over til det nasjonale fagrådet i nordisk.

Sak (b): Else Mundal og Odd Einar Haugen har vore kontakta med førespurnad om omsetjing av Handbok i norrøn filologi til tysk. Førespurnaden har kome frå ein tysk omsetjar som har god kontakt med fleire tyske forlag, m.a. Walter de Gruyter i Berlin og Helmut Buske i Hamburg. Det er enno uvisst om noko forlag finn det rekningssvarande å gje ut boka.

Haugen orienterte om kontraktsforholda og sa at ettersom forfattarane av handboka ikkje hadde underteikna nokon agentavtale med Fagbokforlaget, stod dei fritt i om dei ville bruke Fagbokforlaget som agent overfor det tyske forlaget eller om dei ønskte å forhandle direkte med det tyske forlaget - om det no skulle vise seg at det var interesse i Tyskland for å gje ut boka.

Jan Ragnar Hagland gav uttrykk for at det kunne vere praktisk med ein agentavtale i denne saka, ettersom ein elles måtte avklare opphavsrettane til ein del av illustrasjonsmaterialet i boka. Else Mundal støtta han i dette, men peika på at det kunne vere tenleg å la redaktøren vurdere dette på fritt grunnlag, alt etter kva for tilbod som forlaget kom med.

Sak (c): Jónas Kristjánsson tok for over eitt år sidan eit initiativ for å trekkje med norske forskarar (og norsk finansiering) i utgjevinga av kongesoger i serien Íslenzk fornrit, nærmare bestemt MorkinskinnaHákonar saga HákonarsonarBöglunga sögur [her skal "ö" lesast som "o med kvist"] og Óláfs saga Tryggvasonar.

Jon Gunnar Jørgensen orienterte meir om denne saka, og sa at det i utgangspunktet var ei god sak og lovande at ein frå islandsk side tenkte seg eit samarbeid med Noreg. Det ligg ein vanske i at Hákonar saga Hákonarsonar alt har kome svært langt i utgåva til Tor Ulset. Møtet tok dette til orientering.

 

Else Mundal (leiar) - Odd Einar Haugen (sekretær)
Dato: 08.02.2005
Oppdatering av lenkje: 26.06.2008

Publisert 21. mars 2019 14:19 - Sist endret 21. mars 2019 14:33