Vedtekter for Samarbeidsnemnda for norrøn filologi

Vedtekne på sirkulasjon 1.6.2002 av representantar frå Høgskolen i Agder (Marit Christoffersen), Høgskolen i Stavanger (Inge Særheim og Roger Lockertsen), Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (Jan Ragnar Hagland), Universitetet i Bergen (Odd Einar Haugen og Else Mundal), Universitetet i Oslo (Jon Gunnar Jørgensen) og Universitetet i Tromsø (Endre Mørck). Mindre revisjonar (særleg i §§ 3–4) vedtekne i møte i Trondheim 6.9.2019.

Føremål og oppgåver

Paragraf 1

Samarbeidsnemnda for norrøn filologi er eit samarbeidsorgan for fagmiljø innanfor universitets- og høgskulesektoren som har ansvar for undervisning og forsking i norrøn filologi. Samarbeidsnemnda kan drøfte og gje tilråding i alle faglege og fagpolitiske spørsmål som gjeld norrøn filologi. Nemnda skal styrkje samarbeidet mellom institusjonane både innanfor undervisning og forsking.

Paragraf 2

Samarbeidsnemnda for norrøn filologi har eit særleg ansvar for å

- sikre rekruttering til forsking i faget og samarbeide om forskarutdanning og forskarrettleiing.

- sikre at universitet og høgskular utdannar kandidatar med nødvendig kompetanse i norrøn filologi for dei stillingar i skuleverket og i samfunnet elles som krev slik kompetanse.

- utarbeide læremiddel for norrøn filologi.

- i den grad det er mogeleg arrangere nasjonale seminar for studentar på høgare grad.

- ta initiativ til felles forskingsprosjekt.

- drøfte og gje tilråding i faglege spørsmål som nemnda tek opp, eller som vert lagde fram for nemnda.

Fråsegner og vedtak frå Samarbeidsnemnda skal sendast til institusjonane som er representerte i nemnda, til dei som har lagt saka fram for nemnda, og til andre som det er naturleg å vende seg til.

Kopi av referat og fråsegner skal sendast til medlemsinstitusjonane og til generalsekretæren for Universitets- og høgskolerådet. Så langt råd er skjer dette ved bruk av e-post og eigne nettsider.

Samansetjing og oppnemning

Paragraf 3

Rett til å vere med i Samarbeidsnemnda for norrøn filologi har institusjonar med tilsette som forskar på og/eller underviser i norrøn filologi.

Paragraf 4

Institusjonane oppnemner representantar med varafolk til samarbeidsnemnda. Universitet som har eigne studieprogram i norrøn filologi, oppnemner to representantar og to vararepresentantar. Andre institusjonar som oppfyller krava til deltaking, oppnemner éin representant og éin vararepresentant. Vararepresentantar og andre interesserte som ikkje er oppnemnde som representantar, kan møte som observatørar på møta.

Paragraf 5

Representantar og vararepresentantar vert oppnemnde for 4 år om gongen. Suppleringsoppnemning skal finne stad dersom ein representant eller vararepresentant ikkje lenger er tilsett ved den institusjonen der han/ho vart oppnemnd.

Paragraf 6

Samarbeidsnemnda for norrøn filologi vel ein leiar og ein nestleiar mellom dei faste representantane. Desse to vil saman med ein tredje vald representant, som også er sekretær, utgjere arbeidsutvalet. Valet gjeld for tre år om gongen.

Sekretæren har ansvar for drift og vedlikehald av nettsidene.

For særskilde saksområde kan Samarbeidsnemnda nedsetje eigne komitear.

Arbeidsordning

Paragraf 7

Samarbeidsnemnda for norrøn filologi kjem saman annakvart år, dessutan når leiaren, arbeidsutvalet eller når minst halvparten av representantane ynskjer det.

Nemda er vedtaksfør når minst 2/3 av representantane er til stades. Vedtak vert gjorde med vanleg fleirtal. Når røystene står likt, er røysta til leiaren avgjerande.

Paragraf 8

Samarbeidsnemnda for norrøn filologi skal avgjere prinsipielle saker i plenum, men kan delegere mynde til arbeidsutvalet. Saker som høver til det, kan avgjerast på sirkulasjon.

Paragraf 9

Samarbeidsnemnda for norrøn filologi byggjer arbeidet sitt på desse vedtektene, men kan sjølv gje utfyllande vedtekter.

Paragraf 10

Endringar i vedtektene kan gjerast når minst 2/3 av representantane i Samarbeidsnemnda for norrøn filologi røystar for. Melding om vedtaksendringar skal sendast til dei institusjonane som er representerte i namnda.

Paragraf 11

Samarbeidsnemnda for norrøn filologi kan gjere vedtek om oppløysing med 2/3 fleirtal. Forslag om oppløysing må vere varsla to månader før møtet.

 

Publisert 15. nov. 2016 15:50 - Sist endret 22. aug. 2022 13:06