English version of this page

Bibelen i mellomalderen: historie og heilag bodskap (avsluttet)

Dette prosjektet studerte nordiske omsettingar frå den latinske Vulgatabibelen for å lære meir om språkleg og tekstleg autoritet, og om korleis Bibelens bodskap blei forkynt i mellomalderen.

Gammel bokside med tekst.

AM 226 fol, blad 81v. Handskriftet er datert til ca. 1350–1370 og blir oppbevart i Den arnamagnæanske samling i København. Initialen viser Samuel som salvar Saul til konge (1. Samuelsbok kapittel 10).

Foto: Suzann Reitz. © Den Arnamagnæanske Samling, København.

Om prosjektet

I mellomalderen var Bibelen på latin. Slik skulle det vere. Likevel blei nokre kortare og lengre delar omsette til norrønt, fornsvensk og gammeldansk.

I prosjektet "Retracing the Reformation. The dissemination of the Bible in Medieval Scandinavian Culture" tok vi utgangspunkt i dei tekstdelane som faktisk blei omsette. Vi studerte kva som blei omsett, kva form det fekk og om ein kan sjå påverknad frå desse delane i dei etterreformatoriske Biblane som blei trykte i Sverige, Danmark og på Island.

Vidare utforska vi mellom anna kvifor ein i mellomalderen ikkje omsette heile Bibelen, og kva som blei endra ved dei tekstdelane som likevel blei omsette: Var det framleis Bibeltekst?

Mål

Gjennom dette prosjektet lærte vi meir om korleis bibelfortellingane og frelsebodskapen blei formidla til folk, trass i at Bibelen var på latin. 

Vi fikk også ny kunnskap om korleis folkespråket gradvis fekk meir autoritet som skriftspråk og dermed kunne bli tatt i bruk på stadig nye typar tekstar.

Samarbeid

Prosjektet var eit samarbeid mellom forskarar ved:

Varighet

2013–2017.

Finansiering

NORDCORP.

Publisert 5. okt. 2020 14:05 - Sist endret 29. jan. 2021 02:41