Om prosjektet
Bokstavar mellom runer og manuskript. Innskrifter med latinske bokstavar i Noreg i vikingtid og mellomalder fokuserer på ein type skriftlege dokument som har fått overraskande lite merksemd: innskrifter frå Noreg skrivne med latinske bokstavar. Norske manuskript og runeinnskrifter er allereie godt dokumenterte og analyserte.
Hovudmålet for dette prosjektet var å gjennomføre ei omfattande studie av innskriftene med latinske bokstavar frå norsk vikingtid og mellomalder. Bokstavinnskriftene er ikkje dokumenterte eller studerte som ei gruppe, slik runeinnskriftene er det. Dersom vi ikkje får betre forståing av forholdet mellom manuskript, runer og bokstavinnskrifter, vil det ikkje vere mogleg å forstå omfanget av skriftbruken i vikingtid og mellomalder. Og dette forholdet kan vi ikkje gjere greie for dersom vi ikkje først aukar kunnskapen vår om bokstavinnskriftene.
Innskrifter med bokstavar finst på ei lang rekkje gjenstandar. Dei eldste norske døma er myntar. Seinare kjem innskrifter på gravsteinar, kyrkjeklokker, dekor i kyrkjer og andre gjenstandar knytt til kyrkjelege handlingar slik som nattverdskalkar. Utanfor kyrkjene finst det innskrifter på blyblekk, drikkehorn, segl og smykke – for å nemne noko. I tillegg finst det fleire innskrifter som må karakteriserast som graffiti. Interessant nok finn ein dei fleste av desse typane av gjenstandar òg i runematerialet.
Mål
Prosjektet var organisert i to steg, og begge stega bidro til å nå hovudmålet for prosjektet. Det første steget var å byggje opp ein database for norske bokstavinnskrifter. Databasen var grunnlaget for dei vidare analysane i det andre steget, der bokstavinnskriftene ble studerte for
- a) å vise korleis den framande latinske skrifta som blei introdusert i vikingtida, gradvis blei omforma til ei vernakulær skrift,
- b) å få fram ny kunnskap om korleis skrift blei brukt og fungerte utanfor manuskriptskulturen, og;
- c) greie ut om bokstavinnskriftene helst bør bli sett i relasjon til runeinnskriftene fordi begge er epigrafikk, eller til den lærde og importerte manuskriptkulturen fordi dei begge er skrivne med latinske bokstavar, eller om dei helst bør forståast som ein eigen skriftkultur.
Varighet
Prosjektet varte frå august 2017 til februar 2021.
Finansiering
Arrangementer
Se oversikt på prosjektets engelske nettside.