English version of this page

INTPART 2.0 – Partnarskap med Sør-Afrika og USA (avsluttet)

Fleirspråklegheit og mangfald kjenneteiknar samfunn over heile verda. Gjennom dette partnarskapet med framifrå universitet i Sør-Afrika og USA, ynsker MultiLing å sette søkelys på opplevingar av fleirspråklegheit, mobilitet og mangfald på den sørlege halvkula

Logane til universiteta i INTPART-prosjektet

Seks universitet er med i INTPART-prosjektet. Øvst frå venstre: Stellenbosch University, University of Cape Town, Universitetet i Oslo, University of the Witwatersrand, University of the Western Cape og Georgetown University.

Om prosjektet

Hovudmålet for partnarskapsprosjektet er at MultiLing skal etablere, vidareutvikle og styrke samarbeidet med forskarar ved sørafrikanske og amerikanske universitet som arbeider med forsking som er svært relevant for MultiLing sin forskingsprofil.

Medan det er auka merksemd kring korleis mobilitet og språkleg mangfald resulterer i utbreidd fleirspråklegheit i ein europeisk kontekst, er det og aukande interesse og behov for meir merksemd kring opplevingar av fleirspråklegheit, mobilitet og mangfald på den sørlege halvkula.

Med sine elleve offisielle språk er Sør-Afrika eit ideelt miljø for studiar av fleirspråklegheit, og forskinga som går føre seg på dei fire sørafrikanske universiteta er veldig relevant for forskingsmåla til MultiLing. Utvidinga med Georgetown University i USA kjem til å styrke målet om å bygge bru mellom psykolingvistiske og sosiolingvistiske tilnærmingar til språk og fleirspråklegheit.

Mobilitetsstipend skal syrgje for utveksling av forskarar og studentar på tvers av dei tre kontinenta — for gjesteforskaropphald og deltaking på forskarskular.

Prosjektaktivitetane inkluderer seminar organiserte i fellesskap, workshopar og konferansar, besøk av gjesteforskarar, utveksling av forskarar og undervisnings- og administrasjonspersonale, utveksling av doktorgradsstudentar og samarbeid for å vidareutvikle kurs og læreplanar.

University of the Western Cape's campus
University of the Western Cape har vore ein av MultiLing sine nære samarbeidspartnarar frå byrjinga. Foto: UWC

Mål

Hovudmålet for partnarskapsprosjektet er at MultiLing skal etablere, vidareutvikle og styrke samarbeidet med forskarar ved fire leiande sørafrikanske universitet og Georgetown University i USA. Forskinga ved desse universiteta passar godt for forskingsprofilen til MultiLing, særleg det grunnleggande målet om å bygge bru mellom psykolingvistiske og sosiolingvistiske tilnærmingar til språk og fleirspråklegheit. I tråd med det sentrale målet til INTPART-ordninga, ynsker prosjektet å kople saman forsking og høgare utdanning i prosjektaktivitetane.

Campus at Stellenbosch University
Campus på Stellenbosch University. Lanseringa av INTPART 2.0 fann stad der i mars 2019. Foto: Stellenbosch University

Resultat

INTPART-partnarskapet vil vere eit viktig bidrag til MultiLings mål og visjon. Vidare vil samarbeidet bidra til felles utvikling og forsterkinga av unik og etterspurt kunnskap, i tillegg til at det vil vere med på å fremje internasjonal anerkjenning av eit stadig viktigare forskingsfelt i ei global verd.

Meir spesifikt har vi ambisjonar om at arbeidet frå det internasjonale partnarskapet mellom MultiLing/Institutt for lingvistiske og nordiske studier/UiO og dei utvalde toppinstitusjonane i Sør-Afrika og USA skal resultere i det følgande:

  • Felles kurs, seminar og utdanningsprogram som vart etablerte og institusjonaliserte innan rammeverket til partnarskapet (jf. særleg masterprogrammet i fleirspråklegheit til Institutt for lingvistiske og nordiske studium UiO)
  • Mobilitet for studentar og forskarar, i tillegg til strukturar som støttar mobilitet innanfor rammeverket til partnarskapa
  • Felles artiklar og publikasjonar mellom forskarar og/eller master- og doktorgradsstudentar i partnarskapa
  • Utarbeiding av søknadar for ny forskingsfinansiering for prosjekt innan rammeverket til partnarskapa
  • Samarbeid med offentlege sektorar i landa.

Forsking på fleirspråklegheit er særleg relevant og viktig i dagens samfunn, og formidling av forskingsresultat på feltet er difor heilt naudsynt. Det nære samarbeidet mellom MultiLing og partnarinstitusjonane i Sør-Afrika og USA vil bli framheva når ein vender seg til sentrale interessentar i offentleg sektor.

Felles kunnskapsutveksling, gjennom forsking og utdanning, frå sørlege og nordlege forskarar med ei interesse for språkleg mangfald, vil vidareutvikle global forståing av fleirspråklegheit, eit fenomen som ikkje berre inneber personlege moglegheiter og utfordringar, men også konsekvensar for samfunnet som heilskap.

Om INTPART

MultiLing-prosjektet er eit nettverksprosjekt under Internasjonale partnerskap for fremragende utdanning og forskning (ekstern lenke). Hovudmålet til INTPART er å utvikle høgare utdannings- og forskingsinstitusjonar i verdsklasse i Noreg ved å fremje og finansiere institusjonelle langtidspartnarskap med sterke akademiske miljø og institusjonar i åtte prioriterte land: Brasil, Canada, Kina, India, Japan, Russland, Sør-Afrika og USA. Ordninga ynsker å auke kvaliteten og relevansen i samarbeidet med utvalde land, særleg gjennom integrering av komponentar innafor høgare utdanning og forsking.

Partnaruniversitet

  • Universitetet i Oslo (MultiLing), Norge
  • University of the Western Cape, Sør-Afrika
  • University of Cape Town, Sør-Afrika
  • Stellenbosch University, Sør-Afrika
  • University of the Witwatersrand (Wits), Sør-Afrika
  • Georgetown University, USA
Georgetown University
Georgetown University er det nyaste universitetet i partnarskapet. Foto: Wiki Commons

Finansiering

Forskningsrådet og Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (DIKU), INTPART-ordninga (NOK 3,4M).

Varigheit

2019–21 (3 år).

INTPART 2.0 er ei vidareføring og utviding av forskings- og nettverksprosjektet INTPART (2015–18).

Emneord: Flerspråklig kompetanse, Flerspråklig praksis, Flerspråklighet ideologier og språkpolitikk
Publisert 7. juli 2020 10:07 - Sist endret 11. juni 2024 13:39