Faglige interesser
- Nordisk lyrikk
- Systemdikt
- Naturframstillingar i litteratur
- Nymaterialisme
Doktorgradsprosjekt
Arbeidstittel: Brevanding i nordisk lyrikk.
Eg arbeider med nordisk lyrikk som nærmar seg, tek opp i seg eller på anna vis handlar saman med isbrear. Eg undersøker korleis isbreane vert framstilte i lyrikk: som evige, aktive og mektige og som passive, sårbare og sorgbare, som rå villskap og natur og som antropomorfiserte og kjenslevare.
Bakgrunn
- Master i nordisk litteratur frå Universitetet i Oslo.
Oppgåva (2021) er lesingar av Rasmus Nikolajsen sine systemdikt i Tilbage til unaturen (2016) og hvad skal vi med al den skønhed? (2018): “og måske har det noget // at gøre med måden man er / omgivelserne på”. - Seminarlærer på NOR1300 – Nordisk, særlig norsk, litteratur etter 1800, hausten 2021.
- Skriverettleiar for studentar ved utdanningsvitskapleg fakultet som har norsk som andrespråk, 2021.
- Høgskulelektor i norsk språk og litteratur ved Høgskulen på Vestlandet, 2021-2023.