Kjære masterstudentar ved ILN, inkludert lektorstudentar
Hausten 2023 skal ILN tilsetje masterstudentar som gruppelærarar og vi treng éin til to gruppelærarar på følgande emne:
RETKOM1102 – Tekst og kommunikasjon (4 grupper à 7 gonger)
https://www.uio.no/studier/emner/hf/iln/RETKOM1102/
NOAS1100 – Innføring i norsk som andrespråk (3 grupper à 8 gonger)
https://www.uio.no/studier/emner/hf/iln/NOAS1100/
EXFAC03-SPR – Examen facultatum, språkvitskap (2 grupper à 7 gonger)
https://www.uio.no/studier/emner/hf/iln/EXFAC03-SPR/
Dersom du er masterstudent på lingvistikk, nordiske studium eller lektorprogrammet, så kan dette kanskje vere interessant for deg?
Vi ser etter masterstudentar som har tatt eitt eller fleire av emna, og som har lyst til å ha gruppeundervisning for våre studentar. Du må vere aktiv masterstudent hausten 2023. Har du undervisningserfaring er det ein fordel, men det ikkje eit krav. Sjølve opplegget for gruppeundervisninga blir gruppelærar og faglærar einige om, og du vil få oppfølging undervegs.
Søknaden må innehalde:
- Kort søknadsbrev med motivasjon for kvifor du søker stillinga.
- Informasjon om kva for emne du ønsker å ha gruppeundervising på. Dersom fleire er aktuelle, set dei opp i prioritert rekkefølge.
- CV
- Karakterutskrift
Du blir lønna i lønnstrinn 45. For kvar gruppetime får du betalt for éin time førebuing.
Søknadsfristen er 16. mai 2023. Søknaden sender du på e-post til: elise.kleivane@iln.uio.no. Merk søknad og vedlegg “Gruppelærar H23”.
Venleg helsing
Elise Kleivane, undervisingsleiar ILN og May Maria Tollerud, studieleiar ILN