ILN søkjer gruppelærarar for hausten 2024

Er du masterstudent på lingvistikk, nordiske studium eller lektorprogrammet? Då kan dette kanskje vere interessant for deg.

Vi ønsker gruppelærarar til følgande emne: 

Kven er du? 

Vi ser etter masterstudentar som har tatt eitt eller fleire av emna ovanfor og som har lyst til å ha gruppeundervising for studentane våre. Du må være aktiv masterstudent våren 2024. 

Det er ein fordel om du har undervisingserfaring, men det er ikkje eit krav. Den undervisaren som har emneansvaret har det faglege ansvaret for gruppeundervisinga, og de vil samarbeide om korleis sjølve opplegget skal utarbeidast. Du skal få oppfølging undervegs. 

 

Korleis skal du søke? 

(NY!) Søknadsfrist er onsdag 29. mai 2024. 

Søknaden sender du på e-post til elise.kleivane@hf.uio.no. Søknaden skal innehalde: 

  • Ein kort tekst med motivasjon for kvifor du søker stillinga. 
  • Informasjon om kva for emne du ønsker å undervise på, gjerne fleire i prioritert rekkefølge. 
  • CV 
  • Karakterutskrift, gjerne frå Vitnemålsportalen. 

Kvar gruppeundervising varer i 2 undervisingstimar. Du får betalt for éin time førebuing til kvar undervisingstime.

Du blir lønna i lønnstrinn 45. Du finn lønstabellar på regjeringen.no.   

Kontakt 

Publisert 10. mai 2024 15:37 - Sist endret 23. mai 2024 12:37