Semesterregistrering
Som student ved UiO må du kvart semester betale semesteravgift og melde deg til undervisning og eksamen.
Frist for å betale semesteravgift og kopiavgift
1. september / 1. februar
Full oversikt over UiO sine sentrale fristar for å registrere deg i StudentWeb og melde deg til undervisning og eksamen finn du her.
Innleveringsfrist for masteroppgåver
Innleveringsfrist for masteroppgåver på 60 studiepoeng
15. november / 15. mai
Innleveringsfrist for masteroppgåver på 30 studiepoeng
15. desember / 1. juni
Oppgåva kan seinast leverast til instituttet kl.15:00 på dagen for innleveringsfristen. Skulle innleveringsfristen falle på ein fridag/helgedag, vil innleveringsfristen bli flytta fram til påfølgjande arbeidsdag.
Instituttet tek ikkje i mot masteroppgåver etter innleveringsfristen, med unntak av avtale med studiekonsulent. Skulle du bli sjuk på eksamen gjeld vanlege reglar for heimeeksamen.
Søknad om ekstra semester
- Frist for å søkje om eit ekstra/siste semester: 1. juni / 1. desember