Høst 2018

Periodisk emnerapport for NOR 4100 Vitskapsteori i nordisk, særleg norsk, språkvitskap – haust 2018

Hausten 2018 vart dette emnet gjeve for 10 studentar – i utgangspunktet. To av dei trekte seg seinare på grunn av arbeidspress. Underteikna stod for undervisninga. Kvalifiseringsoppgåvene er i form av munnlege framlegg der ein student presenterer ein tekst frå pensum, og jamt over fungerte det veldig bra.

Det var åtte studentar som gjekk opp til eksamen, som er ei semesteroppgåve. Åtte kandidatar leverte, sju vart godkjende – og for dei låg karaktersnittet høgt.  

Av dei åtte studentane er det berre to som har svart på emneevaluering ved nettskjema. Det stemmer godt med at frammøtet var nokså varierande, iallfall ein del av semesteret. Det er vanskeleg å få til engasjert og engasjerande undervisning når berre nokre få møter – slik det altså var ein del av semesteret. Det varierande frammøtet kom nok av andre forpliktingar heller enn mislykka undervisning. Det var iallfall det studentane sa da dei vart spurde, og det blir også sagt i nettskjemaet.  

Pensum hausten 2018 vart overteke nokså direkte frå Urd Vindenes og Signe Laake, som hadde undervisninga hausten 2017. I rapporten for 2016 vart det sagt at pensum nok trong å endrast ein del, og det har altså no blitt gjort. Stort sett har dette nye pensumet fungert bra – det klaraste unntaket er Cedric Boeckx’ artikkel. Det er absolutt rimeleg å ha med noko om minimalisme på dette kurset, men etter mitt syn var Boeckx’ artikkel ubrukeleg.  I timane vart pensum sjeldan kommentert, men iallfall nokre studentar syntest utdraget frå Hudson var vanskeleg, ettersom det er frå slutten av ei bok.

Det varierer nokså mykje frå semester til semester kva for interesser studentane har. Eine semesteret er det flest NOAS-studentar, neste semester ikkje. Dermed er det vanskeleg å seia kva for pensum som vil vera relevant for studentane. Ettersom pensum skal spikrast lenge før ein veit kven studentane blir, er det også uråd å ta omsyn til kva for interesser studentane har.

Om ein kan dømme etter nettskjemaet, er studentane jamt nøgde (ein svært godt, ein middels). Ettersom underteikna har undervist kurset mange gonger etter kvart, må eg få seia at eg også er jamt nøgd denne gongen – kurset har nok fungert betre enn det gjorde i 2016, for eksempel. Dette er eit triveleg kurs å undervise i; samtidig er det vanskeleg fordi studentane har så varierande bakgrunn; ein veit ikkje på førehand kva for vitskapsteori som kan vera relevant for dei. Kurset vart også evaluert hausten 2013 og hausten 2016.

Av Hans-OIav Enger
Publisert 29. jan. 2019 16:32 - Sist endret 29. jan. 2019 16:32