Periodisk emneevaluering NOR4340 høst 2017

Periodisk emnerapport for NOR4340 hausten 2018

Emnet NOR4340 - Sjangerstudium i nordisk litteratur C er eit emne som går kvar haust. Det er eit emne som skal konsentrere seg om ein av hovudsjangrane (drama, lyrikk, narrative tekstar) eller om blandingssjangrar. Temaet for emnet hausten 2018 var «Historieskriving og romanen». Pensum har vore nyare nordiske romanar som legg seg tett på eller dreg vekslar på historieskrivinga på ulike vis, og studentane har lese døme på historieskriving for kunna samanlikne sjangrane med kvarandre. Romanane på pensum var Grand Manila (2006) og Grense Jakobselv (2009) av Kjartan Fløgstad, Happy Sally (2004) av Sara Stridsberg, Den røde fangen ([2003] 2007) av Leena Lander, Hoggerne (2005) av Roy Jacobsen og Det uoppløselige episke element i Telemark i perioden 1591–1896 (2013) av Dag Solstad. Døma på historieskriving var frå Stalingrad ([1998] 2002) av Antony Beevor og frå Den største forbrytelsen (2014) av Marte Michelet. I tillegg kom døme frå Solstads og Fløgstads sakprosaforfattarskap. Teorien på pensum var særleg strukturalistisk og poststrukturalistisk teori som utforskar likskapar mellom sjangrane og som problematiserte historisk kunnskap. Studentane hadde Linda Hutcheons A Poetics of Postmodernism. History, Theory, Fiction (1988) som teoribok i tillegg til eit kompendium med andre teoritekstar.

I alt var det ti studentar som leverte kvalifiseringsoppgåve på emnet og ti studentar som gjekk opp til eksamen. Alle fekk ståkarakter. Åtte studentar svara på spørjeundersøkinga sendt ut av studieadministrasjonen (studentevalueringa). Der kjem det fram at studentane var positive til emnet. Svara fordeler seg på «svært godt fornøyd» (25 %), «godt

Vidare i emnerapporten gir eg ei vurdering av emnet, basert på studentevalueringa, statistikk over karakterar, eigne refleksjonar og innspel frå medsensor på eksamen.Vurderinga er skriven etter malen for periodiske emnerapportar.

Pensum

NOR4340 er eit emne der temaet varierer for kvar gong det blir tilbode, og pensum var dermed heilt nytt hausten 2017. Pensumet vart lagt opp for å kaste lys over narrative tekstar og dei to sjangrane (historieskriving og romanen), og det var lagt opp i samsvar med det generelle pensumkravet for emnet (6–10 litterære verk og 300–400 sider teori, sekundær- og faglitteratur). Til saman var det 6 romanar på pensum og utdrag frå 5 sakprosatekstar. Sidan det var fleire omfangsrike romanar, vart mengda teori og sekundærlitteratur gjort mindre (ca 250 sider). Undervegs i semesteret vart noko meir sekundærlitteratur tilført.

Få studentar kommenterer på pensumet (innhald og omfang), men ein student oppgir at det kunne ha vore færre romanar på pensum, og at vi i staden kunne ha gått meir i djupna med dei. Det er ei moglegheit til seinare tema av liknande karakter. Ein annan student er positiv til utvalet og samansetjinga: «Emnet har vært svært lærerikt. Det er godt planlagt med utvalg av litteratur og teori.» Eiga vurdering av innhaldet er at det har vore utbyterikt å diskutere romanane opp mot teoripensumet, men at eit alternativt teoretisk syn burde vore betre representert i teoripensumet. Det ville ha gjort det tydelegare at det finst mange innfallsvinklar til denne typen litteratur, og teoritekstar med konfronterande synspunkt kunne ha tilført ny teoretisk energi i andre halvdel av semesteret. Eit anna forslag, lagt fram av medsensor i etterkant av eksamen, er å fokusere meir på tradisjonen med historiske romanar, blant anna ved å lesa eit døme på ein eldre historisk roman. Det er også ei moglegheit.

Undervising

Studentane oppgir at undervisinga (seminar) har bidrege til læringsutbytet i «stor grad» (50 %) og i «noen grad» (37,5 %). Ein student (12,5 %) oppgir «ikke i det hele tatt». Hovuddelen av studentane er samde i at emnet har lært dei å analysere problem (87,5 %) og at dei har lært fakta, idear og metodar (75 %). På spørsmålet om dei er samde i at dei har lært praktiske metodar, fordeler svara seg på samde (37,5 %), veit ikkje (37,5 %) og usamd (25 %).

Oppmøtet har vore gjennomgåande godt og årsakene som blir oppgitt til at dei ikkje har møtt opp, er slikt som jobb, sjukdom og tidspress. Ein student oppgir å ha møtt opp på under 25 prosent av seminara både første og andre halvdel, medan dei resterande sju oppgir å ha vore der anten mellom 50 og 75 % eller meir enn 75 % av seminara.

Undervisinga har elles vore lagt opp ut frå at vi både skulle diskutere og analysere romanane, og det har vore tenkt at seminara skulle bidra til at studentane kunne formulere sjølvstendige tankar, innspel til og tolkingar av romanane. I undersøkinga kjem det fram at fleire av studentane synest det kanskje vart vel mykje dialog og venting på svar frå dei, og ein skriv at det «var vanskelig å få samtalene til å flyte naturlig de første gangene». Samstundes gir dei fleire gode idear til vidareutvikling av den undervisingsforma (ein kan gi spørsmål eller oppgåver på førehand, ein kan gå etter «rundeprinsippet»). Eit innspel (i sin heilskap) er slik: «Faglærer har i stor grad gitt studentene tid og anledning til å bidra med egne innspill og til å svare på spørsmål. Det har bidratt til å skape et godt læringsmiljø. For å gjøre det bedre mener jeg faglærer kan være noe mer aktiv i å følge opp spørsmål når disse ikke blir besvart av studentene. Da vil en del dødtid kunne utgå, og det blir tydeligere hva faglærer mener.» Alt er nyttige innspel til eit seinare emne som blir lagt opp ut frå eit ønske om å få til ein større diskusjon om fagstoffet. Ein annan student svarar slik: «Undervisningen har vært strukturert og faglærers engasjement er tydelig. Seminarformen har i stor grad åpnet for studentenes deltakelse og læring.» To andre innspel frå studentane er å gjera tilknytinga til læringskravet for emnet synlegare og å ha meir førelesing, mindre seminar.

Infrastruktur

Undervisinga har funne stad i seminarrom 210, Henrik Wergelands hus. Rommet var ikkje heilt godt eigna til både å vise ein powerpoint og å ha ein diskusjon gåande med studentane, mykje sidan rommet var så avlangt (og ein fort hamna i kvar sin ende av rommet). Løysinga vart å halde undervisinga som ein del av hesteskoen i rommet, men samstundes ha powerpointen oppe. Det har fungert, men til ei slik studentgruppe (på opp til åtte eller ni som møtte opp), og eit opplegg basert på mykje diskusjon, kunne rommet godt ha vore mindre.

Eksamen

Eksamensresultata må seiast å vera gode: 3 B, 5 C, 1 D og 1 E. Dei aller fleste kandidatane skreiv gode oppgåver, og det var tydeleg at dei hadde lært mykje gjennom arbeidet med problemstillingane i emnet og ut frå teorien dei hadde lese. Eiga vurdering er at tre dagar med heimeeksamen er eigna som vurderingsform på emnet, for studentane fekk eit fullgodt høve til å syne fram dugleikane, kunnskap og kjennskap til pensumet, og eksamenssvara syner at kandidatane hadde god nok tid til å kunna formulere ei inngåande litterær analyse.

Blant studentane er derimot oppfatningane om vurderingsform delte. 25 % oppgir at dei ville hatt semesteroppgåve, 12,5 % munnleg eksamen og 12,5 % mappeevaluering. Men 50 % oppgir tre dagar med heimeeksamen, så den noverande eksamensforma er det mest populære alternativet blant studentane.

Emneskildringa

Studentane synest at informasjonen som blir gitt på UiO sine emnesider er bra. Alle utanom ein student har kryssa av for at det som står om innhald og læringsformer, er bra, og for at det som står om vurderingsformer, er bra. Alle har kryssa av for at informasjonen om undervisingsformer er bra.

Framlegg til forbetringar

Siden sjangeremnet blir fylt med ulikt innhald frå semester til semester avhengig av faglæraren som legg opp temaet, er det vanskeleg å koma med konkrete framlegg til neste gjennomføring av emnet, men to generelle framlegg kan nemnast. Det første går ut på at pensumet som blir valt ut, og undervisinga som blir halden, i størst mogleg grad siktar mot å tilfredsstille læringskrava. Sjølv om ein som faglærer står fritt til å leggje opp emnet, bør tilhøvet mellom pensum, undervising og punktlista under «Hva lærer du?» stå sentralt i utforminga av temaet og i forventningane til studentane. Det andre framlegget er kanskje meir eit ope spørsmål, og spørsmålet går på om det er rom for eit komparativt perspektiv innanfor eit sjangerstudium. Innspel frå studenthald og frå medsensor peikar i retning av at ein større konsentrasjon om den historiske romanen kunne ha fungert godt, men samstundes har det å lesa to sjangrar opp mot kvarandre vore både innsiktsgivande og augeopnande for studentane, og emnet har gitt nyttig sjangerforståing.

Kristian Lødemel Sandberg, faglærar for NOR4340 hausten 2017

Publisert 26. jan. 2018 08:07 - Sist endret 26. jan. 2018 08:07