Periodisk emneevaluering for NOR4515 Nynorsk med praksis

Høsten 2018 ble emnet NOR4515 – Nynorsk med praksis for lektorstudentar tilbudt for første gang. Nedenfor kan du lese periodisk emneevaulering etter første gjennomføring av emnet. 

Oppmøtet heldt seg stabilt gjennom første del av semesteret, men berre 8 av 28 møtte til siste gruppeundervising – nokre studentar måtte velje praksis i staden i november. Studentane var i stor grad aktive på seminara. Berre 9 studentar fylte ut evalueringsskjema, og de var til dels negative til emnet. Av dei 9 møtte 7 til 75–100 % av undervisinga i første del av semesteret, men berre 4 av dei til 75–100 % av undervisinga i andre del av semesteret. 3 av dei 9 har vært på under halvparten av undervisinga. 6 av dei 9 skulle ønske det hadde vore brukt mindre tid på praksis, litteratur, språkhistorie og etablering av undervisingsopplegg. Kva dei meiner skulle ha vore prioritert, kjem ikkje fram i skjemaet.

På spørsmålet «Kor fornøgd er du alt i alt med at du tok dette emnet?» svarte ingen at dei var «svært godt fornøgd», medan 11,1 % svarte at dei var «godt fornøgd». 44,4% var middels og 44,4% var lite nøgd. 0% var misnøgd. Fleire av studentane meiner at opplegga på seminara har vore didaktiske og gode. Likevel melder 66,7 % at undervisinga berre har bidrege til læringsutbytte «i nokon grad», 33,3 % «Ikkje i det hele teke!». Mange studentar var ikkje nøgd med praksis, som var spreidd utover semesteret. Dermed blei det avgjerande kva for praksisskule ein hadde. Økter på seks timar blei òg for massivt. Hausten 2019 kan det vere betre med kortare økter. Studentane sakna klare kriterier, men sensorrettleiinga som blei etablert til eksamen, vil vere tilgjengeleg frå studiestart for neste kull.

Meir intensiv organisering av praksis vil nok fungere betre – ordninga blei for fleksibel, og dermed uoversiktleg, hausten 2018. Dermed får det større utslag kva for skule ein har praksis ved. Faste rammer kan sikre større einskap.

Gjennom semesteret har studentane levert respons til éin tekst av medstudent samt tre utkast til mappetekstar. Dei fekk respons frå faglærar på ein av dei tre utkasta.
Tidleg i semesteret fann dei det kritikkverdig og frustrerande at dei fann premissene for mappeoppgåvene uklare, at dei ikkje hadde fått utdelt vurderingskriterier. Sensorrettleiing ble ikkje tilgjengeleg før ved sensurfall, men emneskildringa inneheld svært klare kriterier for kva emnet skal vere og dermed kva som ville bli vurdert. Kritikken er derfor noko urimeleg og signaliserer studentar som er lite sjølvstendige, dei er vant til å få servert klare rammer og kriterier for einkvar detalj. Men fleirtalet av studentane har meldt frå at dei var særs nøgd med den responsen dei fekk på oppgåvene og med vurderingsforma.
24 studentar leverte mappeeksamen. Ingen kandidatar strauk, og resultata var særs gode og fordelte seg slik for NOR4515: 7A, 14B, 2C, 1D.

Det fungerte godt å undervise i NOR4515 hausten 2018, men emnet vil bli meir vellukka H2019 når vi har fått revidert bort det som er uklart og motstridande i emneskildringa og praksiskortet. Til dømes sto det i praksiskortet at gruppeundervisinga var obligatorisk medan ho ikkje var det i emneskildringa. Det var dessutan uklart om dei skulle få respons på utkasta eller ikkje – hausten 2019 vil alle gi respons til utkastet frå eige fagfelt, og responsen vil bli gitt på same måte for alle. Emnet har lidd under at vi er mange kokkar med ulik praksis. Men det tek tid å bli samkøyrde.

Av Aasta Marie Bjorvand Bjørkøy
Publisert 5. feb. 2019 13:56 - Sist endret 5. feb. 2019 13:57