Emneevaluering NORINT2115 - Dialektar, nynorsk og språkhistorie i eit framandspråksperspektiv

Materialet som denne rapporten bygger på er hentet fra en rapport om gjennomføringsfakta tatt ut fra Felles studieadministrativt system (FS), samt en elektronisk spørreundersøkelse som ble foretatt i slutten av vårsemesteret 2016 blant studentene på emnet.

Lenke til emneside

Organisering

NORINT2115 er eit emne som vi tilbyr kvart vårsemester. Studentane har tre timar seminarundervisning i veka i 14 veker. På grunn av påske fekk studentane undervisningsfri i to veker våren 2016. Vi var to lærarar på emnet: den eine underviste i dialektar (6 veker) og den andre i nynorsk (8 veker). Dialektdelen er eit kunnskapsemne, og nynorskdelen er ikkje berre eit ferdigheitsemne, men også eit kunnskapsemne.

Ei munnleg kvalifiseringsoppgåve skal vere godkjent av faglærar før studenten kan gå opp til eksamen. Kvalifiseringsoppgåva skal gjennomførast i grupper.

Talet på påmelde og gjennomføring

Det var 30 påmelde, men mange av dei møtte aldri opp til undervisninga. Vi enda opp med 14 reelle, derav 13  presenterte ei kvalifiseringsoppgåve som vi godkjende, og 13 tok eksamen. Karakterfordelinga var som fylgjer:

A 1, B 1, C 4, D 3, E 2, F 2

Emneskildring

Det ser ut som emneskildringa fungerer brukbart. Sjølv om studentane må ha NORINT0130 - Norsk for internasjonale studenter, trinn 3 eller tilsvarande med karakter C eller betre, både munnleg og skriftleg for å kunne få opptak på emnet, kan svake ferdigheiter i norsk vera eit problem, og dette har også vore påpeika av enkelte studentar.

Pensum

Berre 21%, 3 studentar, har levert et fullstendig utfylt svarskjema, og ifylgje evalueringsskjemaet er studentane nøgde med pensumet. Ein student ønsker fleire praktiske nynorskoppgåver. I verkelegheita såg vi at berre halve gruppa hadde skaffa seg dei nødvendige artiklane, kompendiet og bøkene våren 2016.

Undervisning og miljø

Berre 3 studentar har levert et fullstendig utfylt svarskjema, og av den grunn er det vanskeleg å seie noko avgjerande om undervisninga og miljøet. Ein av studentane skriv at hen er i stor grad nøgd med undervisninga, ein student skriv at hen er i nokon grad nøgd med undervisninga, og ein student er ikkje nøgd med undervisninga.

Vi brukte mykje variasjon i undervisninga: par- og gruppearbeid, individuelt arbeid, diskusjonar, forelesingar, samanskriving, oppgåver på nettet, oppgåver på Facebook, pugging av grammatikkreglar med Quizlet, skriftlege heimelekser, diskusjonar i plenum og individuell rettleiing. Vi las autentiske og litterære tekstar, faglitteratur. Fordi studentane hadde nokså ulik studiebakgrunn og norskferdigheiter, vart også utfordringa ulik.

Arbeidet med kvalifiseringsoppgåva var ei utfordring. Uheldigvis var det ein merkbar skilnad på norskferdigheitene hos studentane våren 2016, og dessutan hadde det oppstått ein del mellommenneskelege motsetningar utanfor klasserommet. Av den grunn måtte lærarane endre gruppesamansetnaden fleire gongar.

Infrastruktur

Vi hadde undervisninga i seminarrom 15 i PAM og i PC-stue R301 i HW våren 2016. Seminarrom 15 i PAM er eit seminarrom med PC og internett, og det er ei tavle der. I PC-stue R301 i HW kunne studentane bruke stasjonære PC-ar, og det var også ei smarttavle der.

Eksamen

Vi har heimeeksamen på omlag 4-5 sider. Ein av dei studentane som har evaluert emnet, er nøgd med den nåverande vurderingsforma, men kanskje vi bør ha semesteroppgåve eller ein munnleg eksamen som enkelte studentar foreslår?

Avsluttande kommentarar

Halve gruppa skaffa seg ikkje alle dei nødvendige artiklane, kompendiet og bøkene våren 2016, men var dette eit tilfeldig samantreff eller bør vi revurdere pensumet?  Fleire studentar påpeika at dei svake norskferdigheitene deira var ei utfordring for dei, og dei ønskte fleire praktiske nynorskoppgåver for å kunne vera i stand til å skrive ein heimeeksamen på nynorsk. Dessutan kunne vi kanskje ha ei anna eksamensform?  Desse momenta bør vi forbetre til våren 2017.

 

Emneansvarleg V2016

 

Publisert 10. aug. 2016 10:44 - Sist endret 4. okt. 2016 15:19