Emneevaluering NORINT2115 - Dialektar, nynorsk og språkhistorie i eit framandspråksperspektiv

Materialet som denne rapporten bygger på er hentet fra en rapport om gjennomføringsfakta tatt ut fra Felles studieadministrativt system (FS), samt en elektronisk spørreundersøkelse som ble foretatt i slutten av vårsemesteret 2019 blant studentene på emnet.

Lenke til emneside

Bildet kan inneholde: tekst, linje, font, nummer.

Statestikk fra spørreundersøkelsen om NORINT2115, Våren 2019

Organisering

NORINT2115 er eit emne som me tilbyr kvart vårsemester. Studentane har tre timar seminarundervisning i veka i 14 veker. Til vanleg er me to lærarar som deler undervisninga mellom oss der den eine underviser i dialektar (6 veker) og den andre i nynorsk (8 veker). På grunn av uheldige omstende for ein av undervisarane brukte me to vikarar til tre undervisningsøkter i dialektdelen tidleg i semesteret våren 2019. Dialektdelen er eit kunnskapsemne, og nynorskdelen er i hovudsak eit ferdigheitsemne, men i vurderinga blir språkferdigheitene og det faglege innhaldet sett i samanheng i begge delane.

Ei munnleg kvalifiseringsoppgåve skal vere godkjent av faglærar før studenten kan gå opp til eksamen. Kvalifiseringsoppgåva skal gjennomførast i grupper.

Talet på påmelde og gjennomføring

Det var 30 påmelde, men berre 21 av dei møtte til undervisninga. Me enda opp med 17 reelle deltakarar som fekk godkjende kvalifiseringsoppgåver, og tok eksamen. 18 studentar var melde opp til eksamen, men den eine (mest sannsynleg ein tidlegare student) leverte ikkje eksamenssvar. Karakterfordelinga var som fylgjer:

A 2, B 9, C 4, D 1, E 1, F 0

Emneskildring

Me ynskjer å justera emneskildringa for V2020. Særleg vil me endra systemet når det gjeld kvalifiseringsoppgåvene. Me vil i tillegg i enda større grad understreka og presisera kor viktig skriftleg arbeid og aktiv deltaking er. Sjølv om studentane må ha NORINT0130 - Norsk for internasjonale studenter, trinn 3 eller tilsvarande med karakter C eller betre, både munnleg og skriftleg for å kunne få opptak på emnet, kan svake ferdigheiter i norsk vera eit problem, særleg fordi studiet òg inneheld ein del tekstlesing. Eit anna problem er norske studentar som melder seg og deretter trekkjer seg fordi dei ikkje får studiepoenga godkjend i sin grad. 

Pensum

Berre 35 %, 6 studentar, har levert eit fullstendig utfylt svarskjema. 83 % av respondentane tok kurset på grunn av interesse. Ifylgje evalueringsskjemaet er studentane nøgde med pensumet. Ein student ønsker fleire praktiske nynorskoppgåver. I verkelegheita såg vi at berre halve gruppa hadde skaffa seg dei nødvendige artiklane, kompendiet og bøkene våren 2019.

Undervisning og miljø

Ein av dei seks som har levert svar, er misnøgd med undervisninga. Forslag til betringar er mellom anna strengare krav til skriftlege innleveringar, betre informasjon om heimearbeid, samanlikningar av nynorsk med bokmål og fleire øvingar for å forstå dialektar. Ei kort samanlikning mellom nynorsk og bokmål blir gjort i oppstarten av semesteret, men i hovudsak er ikkje det kontrastive perspektivet vektlagd i dette kurset.

Me varierte undervisninga mykje: par- og gruppearbeid, individuelt arbeid, diskusjonar, førelesingar, skriving, oppgåver på nettet, skriftleg aktivitet i timane og skriftlege heimelekser, diskusjonar i plenum og individuell rettleiing. Me las autentiske og litterære tekstar, faglitteratur. Fordi studentane hadde nokså ulik studiebakgrunn og norskferdigheiter, vart også utfordringa ulik. Me legg mykje energi i å skapa eit godt læringsmiljø, men kvart år er ulikt. Våren 2019 var det nokså mykje tyngre å få studentane til å dela kunnskap og ferdigheiter enn tidlegare semester. 50 % av dei som svarer på evalueringsskjemaet seier at dei har brukt mellom 5 og 10 timar i veka på pensum, og 0 % kryssar for at dei kunne vore betre førebudde. Dette stemmer dårleg med våre oppleveringar.

Arbeidet med kvalifiseringsoppgåva var ei utfordring. Dette skuldast at me endra opplegget frå ei felles kvalifiseringsoppgåve til ei i kvart av hovudemna, nynorsk og dialektar. Til våren 2020 vil me vurdera om den nynorske kvalfiseringsoppgåva bør vera skriftleg og ikkje munnleg. I tidlegare år har bruk av blogg (Word Press) vore ein viktig del av den skriftlege aktiviteten. Dette arbeidet tek mykje tid og våren 2019 ville me prøva ut UiO si bloggplattform for å sjå om det ville medføra mindre arbeid. Diverre medførte det meir arbeid. Studentane var ikkje lenger like motiverte til å dela tekstar på internett, og dei blei nok heller frustrerte over arbeidet med bloggen. Me lyt difor revurdera også dette, og prøva å finna andre løysingar og måtar å få opp den skriftlege aktiviteten på.

Oppmøtet var i hovudsak godt gjennom semesteret. Førebuingar og innleveringar blei i liten grad gjort. Mindre enn halvparten av studentane hadde lese artiklar og anna relevant pensummateriale. Informasjon om heimearbeid blei både lagd på Canvas og opplyst om i undervisninga. Likevel var det berre mellom 1 og 4 av studentane som kom førebudde til undervisninga.

Infrastruktur

Me hadde undervisninga i seminarrom 3 i PAM våren 2019. Seminarrom 3 i PAM er eit seminarrom med PC og internett, og det er ei tavle der.

Eksamen

Me har heimeeksamen på omlag 4–5 sider. I evalueringa er halvparten av studentane nøgde med den noverande evalueringsmåten og halvparten ynskjer semesteroppgåve som evalueringsmåte. Me vil vurdera eventuelle endringar når me går gjennom emneskildringa for våren 2020.

Avsluttande kommentarar

Halve gruppa skaffa seg ikkje alle dei nødvendige artiklane, kompendiet og bøkene våren 2019. Me revurderer kontinuerleg pensumet og prøver å finna fagstoff som er på rett nivå, relevant og interessant for studentar med internasjonal bakgrunn. I evalueringsskjemaet ynskjer 50 % meir undervisning om ‘the basics’ og om dialektar.  Ein student ynskjer ikkje å vita noko om dialektsituasjonen i andre land, og ein student vil ha mindre nynorskundervisning. Andre kommentarar var mellom anna: Meir informasjon om vurderingsmåten, meir aktiv bruk av Canvas og «Takk for dette spennande kurset!». Når me skal revidera emneskildringa til våren 2020 vil me diskutera og bruka kommentarane frå evalueringskjemaet våren 2019 både til å gjera endringar og til å tydeleggjera måla med emnet.

 

Emneansvarleg V2019

Publisert 21. aug. 2019 16:44 - Sist endret 21. aug. 2019 16:44