Assosiasjonstesten

Ei friare måte å kartlegge leksikalsk prosessering på enn klassiske ordfinningstestar. 

I ein assosiasjonstest får deltakaren eitt og eitt stikkord, og dei skal svare med det første ordet dei tenkjer på. Svara kategoriserast etter korleis dei knyter seg til stikkorda, i ei av fire overordna kategoriar: tyding, form, kollokasjon eller utan klar kopling, og vidare inn i ei av 14 underkategoriar. 

Ein ny norsk assosiasjonstest vart utvikla i 2015, og ein kortversjoon av denne er for tida under utprøving på normalspråklege yngre og eldre med norsk som første- eller andrespråk, og på personar med demens.

Det finst to versjonar av den norske ordassosiasjonstesten:

Utprøving av den korte versjonen

Den korte versjonen er for tida under utprøving på normalspråklege yngre og eldre med norsk som første- eller andrespråk, og på personar med demens.

Analyser av resultater frå desse prosjekta viser at:

  • Tydingsbaserte assosiasjonar er dei vanlegaste uansett alder, men eldre deltakarar kjem oftare med synonym enn yngre.
  • Dei eldre deltakarane som hadde norsk som andrespråk hadde svarmønster som likna yngre meir enn eldre førstespråkstalarar. 
  • Deltakarar med demens kom oftare med svar utan noko klar kopling til stikkordet, eller dei svara med ei lengre ytring.

Publikasjoner om Assosiajonstesten

Publisert 28. juni 2019 23:29 - Sist endret 31. mai 2024 14:10