English version of this page

Lureriet som alle er fornøgde med

Vi les omsette romanar med ei førestelling om at vi les originaltekstar. Og slik ønskjer vi å ha det, ifølgje HF-forskar Cecilia Alvstad.

Omsetjarens arbeid er ofte lite synlig for lesaren. Men omsetjarar er kreative medskaparar med stor påverknad på teksten. (Foto: Annica Thomsson)

Kanskje var forfattaren eigentleg latin-amerikansk. Eller fransk. Eller arabisk. Og kanskje hadde ho nokre setningar som vi eigentleg ikkje ville forstått. Men kva gjer vel det, når omsetjarar og forlagsfolk svingar tryllestaven og gjev oss verdslitteraturen på vårt eige språk, med fullt forståelege formuleringar?

Cecilia Alvstad, leiar for forskingsprosjektet Voices of Translation, meiner at det finst ei pakt mellom alle involverte partar, frå originalmanuskript til sengelektyre. Denne pakta gjer at vi som lesarar glatt ser vekk frå mellomledda og les ei Dostojevskij-forteljing som om det faktisk var Dostojevskij som skreiv ho akkurat slik. Røynda er ei anna.

– Lesaren ønskjer å lese Dostojevski eller Shakespeare, ho er ikkje interessert i den norske omsetjaren. Men sjølvsagt set omsetjaren, og alle andre partar som er involverte, eit sterkt preg på sluttproduktet, seier Alvstad.

Feminine trekk forsvann

Forskarane i prosjektet har studert litteratur som er omsett til norsk, svensk, finsk og dansk, og dei har sett spesielt på omsetjarar si rolle. Dei har mellom anna sett korleis omsetjarar i dei ulike nordiske landa har omsett bøker på ulikt vis, der kulturelle stereotypar truleg har medverka til å gje ulike sluttprodukt.

Doktorgradsstipendiat Eva Refsdal fann døme på dette då ho studerte omsetjinga av tre latin-amerikanske bøker frå 1960-talet. Her hadde dei norske omsetjarane nedtona feminine trekk ved mannlege karakterar. Til dømes hadde ein mann som i originalversjonen «snakka som ei kvinne», med ei mild, pipande og falsk røyst, i den norske versjonen blitt til ein mann med «stygg og pipande» stemme. Også homofili vart nedtona i dei norske omsetjingane. Desse mønstra såg ein ikkje i dei andre nordiske landa.

Cecilia Alvstad, Institutt for litteratur, områdestudier og europeiske språk, UiO
Cecilia Alvstad leiar prosjektet som utforskar omsetjarens stemme i litterære verk. (Foto: Annica Thomsson)

– Kanskje kan dette bety at homoseksualitet var eit meir følsamt tema i Noreg enn i andre nordiske land på 1960-talet. Eller det kan bety at ein i Noreg hadde sterkare førestellingar om latin-amerikanske menn. Vi meiner ikkje å seie at omsetjaren har gjort ein feil, men derimot å vise at det ofte ligg ein viss grad av endring og kreativitet i omsetjingsarbeidet, seier Alvstad.

Tilpassast kulturelle forventningar

Ho meiner at også dagens omsette tekstar ber preg av kultur og forventningar i samfunnet.

– Det er vanskeleg for oss å sjå korleis omsetjarar påverkar tekstar, fordi vi er del av det. Det omsetjarane gjer, byggjer på dei forventningane vi har, seier ho.

– Om det på 1960-talet fanst forventningar om at det ikkje var truverdig med feminine trekk hos latin-amerikanske menn, ville ei direkte omsetjing frå spansk virka lite truverdig i Noreg. Omsetjaren ville risikert å bryte den pakta som eksisterer, lesaren ville stoppa opp og stussa. Akkurat slik endrast ting i dag også. Ting som kan stikke seg ut som lite truverdige, endrast.

Eit døme i dag kan vere at eksperimentelt språk med avvikande grammatikk og staving blir omsett til heilt normalt norsk språk.

– Viss ein omset det eksperimentelle språket direkte, risikerer ein at lesaren trur omsetjaren ikkje kan grammatikk. Slik kan ein omsetjar som omset teksten utan tanke på kulturelle forventningar, ende med å trekkje merksemda mot seg sjølv.

Ønskjer å bli lurt

Innpakninga til ei bok medverkar til å oppretthalde den pakta som Alvstad skildrar. Boktittel og forfattarens namn blir framheva, medan omsetjaren sitt namn står med lita skrift inni boka. Nokre gonger vel omsetjaren likevel å skrive eit avsnitt der han diskuterer vanskar i omsetjingsarbeidet. Medan tidlegare studiar har peika på at dette kan gjere lesaren meir medviten omsetjaren si rolle, meiner Alvstad at det heller kan styrke oppfatninga av at teksten er omsett frå originalspråket utan store endringar.

– Vi såg til dømes at ein omsetjar skreiv at ordet «centro» var vanskeleg å omsetje, og han forklarte bakgrunnen for valet sitt. Som lesar er det då lett å få inntrykk av at det kun var dét ordet som var problematisk, og at resten av jobben var veldig enkel. Slik kan omsetjaren lure lesaren litt, og pakta kan bli forsterka, seier Alvstad.

Ho påpeikar at det nettopp er dette lesaren ønskjer: å bli lurt.

– Lesaren ønskjer å ta vare på førestellinga om at omsetjinga ikkje endrar teksten. Det er eit spel som alle er med på.

Det er ikkje berre den gjennomsnittlege lesar som vel å sjå bort frå omsetjaren si rolle. Det gjer også kritikarar og lærebokforfattarar. Tidlegare studiar har tyda på at omsetjaren ofte blir gløymt, til dømes kan kritikarar referere til konkrete formuleringar som om dei var forfattarens eigne, medan dei like gjerne kan vere omsetjaren sitt verk.

Kreative medskaparar

Den pakta som Alvstad skildrar i forskinga si, kan tenkast å gjere leseopplevinga betre fordi vi kjenner oss nært originalteksten. Alvstad vil slett ikkje denne pakta til livs. Ho peikar likevel på at pakta kan ha negative konsekvensar: Til dømes risikerer vi å oppretthalde fordommar i samfunnet. At omsetjaren er nesten usynleg, kan også medverke til at lesarar ser på dette arbeidet som veldig mekanisk og enkelt, trur ho.

– Om ein verkeleg går inn og ser på kva omsetjarane gjer, vil ein sjå at dei er kreative medskaparar, og at dei har ein stor påverknad på teksten, seier Cecilia Alvstad.

Av Silje Pileberg, journalist
Publisert 11. juni 2015 12:30 - Sist endret 11. jan. 2019 15:39