– Vi må ta etikken meir på alvor

Etikk har lenge vore oversett i litteraturdebatten, men romanar som ligg tett opp til røynda tvingar temaet fram, ifølgje litteraturprofessor Jakob Lothe.

 – Litterære tekstar og filmar gir uttrykk for verdiar, seier litteraturprofessor Jakob Lothe, som har skrive ei bok om eit tema det er forska lite på. (Foto: Alf Øksdal)

Det blir for enkelt berre å vise til kunstnarleg fridom, meiner litteraturprofessor Jakob Lothe. Den tilliten som ligg i fridomen til å dikte, inneber ansvar for både forfattarar og forlag.

 – Vi lever i eit land med kunstnarleg fridom, men forfattarar har òg eit ansvar. Dei skal ikkje misbruke den makta dei har, seier Lothe, som er aktuell med boka Etikk i litteratur og film.

Boklansering hos Fritt Ord tirsdag 6. desember

Må ikkje misbruke kunstnarleg fridom 

Dei siste vekene har boka «Historie fra et ekteskap» blitt debattert i Aftenposten etter at eks-kona til forfattar Geir Gulliksen, Marianne Bang Hansen, skreiv ein kronikk om at ho følte seg utlevert. «Kunsten gir rom for utlevering av de nære relasjoner. Bare kall det for kunst, og det er ikke rom for etiske refleksjoner,» skreiv ho.

I boka diskuterer Jacob Lothe etikken i utvalde romanar, noveller, filmar og dokumentarar.

Lothe vil ikkje uttale seg direkte om denne saka, men han meiner at forlag og forfattarar må vedgå at slike saker kan vere problematiske.

– Vi må bli meir medvitne på dette, og vi må ta dei som reagerer, på alvor. Eg håper at både forlag og forfattarar blir litt meir varsame i skildringar av faktiske personar som lesaren kan kjenne igjen. Bruker du slike personar, så gjer det med respekt, ikkje misbruk den makta du har som forfattar, seier Lothe.

Omtanke og empati

Verken kunstnaren eller lesaren er etisk nøytral. Historieforteljarar bruker sterke verkemiddel som appellerer til lesaren sine kjensler. I dokumentarlitteraturen, der faktiske personar og hendingar blir skildra, bør forfattaren vere spesielt forsiktig, ifølgje Lothe. Men også skjønnlitteratur kan i stor grad byggje på eigne opplevingar, og personar kan kjenne seg att..

– I romanen «Syngja» skriv Lars Amund Vaage om å leve med ei dotter med autisme. Sjølv om forteljinga er ein roman og ikkje ein sjølvbiografi, er det tydeleg at det er si eiga dotter han skriv om. Han gjer det på ein var og respektfull måte. Slik litteratur er etisk verdifull. Mange forfattarar viser stor omtanke og empati med dei som er svake i samfunnet, seier Lothe.

Etiske retningslinjer

Pressa har Ver varsam-plakaten med etiske normer for journalistar, og saker kan klagast inn for Pressens faglege utval. Forfattarar har på si side ingen etiske retningslinjer å halde seg til.

– Meiner du at det trengs slike retningslinjer eller eit regelverk?

– Eg synest ikkje at det er uproblematisk som det er, men eg er usikker på om eit regelverk vil fungere i eit samfunn med kunstnarleg fridom. Og det ønskjer vi å ha. Kanskje treng vi eit regelverk eller etiske retningslinjer for dokumentarjournalistikken, seier Lothe.

Form og verdiar heng saman

Litteraturen kan også reise ei rekkje etiske spørsmål, dette skjer særleg når forfattaren framstiller personar som markerer seg moralsk. Dei etiske spørsmåla blir prega av tekstens form og forfattarens forteljemåte. Slik går litterær form og etikk hand i hand, ifølgje Lothe.

Lothe meinar at boka "Her lå Tirpitz" er eit døme på litteratur som får lesaren til å reflektere over kva det vil seie å vere menneske i krig. Forfattar Ingrid Storholmen gjev stemmer til mannskapet ombord på krigsskipet – før, under og etter krigen.

– Forma påverkar etikken, men det er også omvendt. Desse er nært samanfiltra, og vi må kunne snakke om etikk i litteraturen utan å slutte å snakke om form og estetikk, seier han.

– Verdiar ligg alltid til grunn for litteratur. Du kan ikkje skrive litteratur utan å vere interessert i kva personane gjer og tenkjer og kva verdiar dei står for. Og ein lesar vil spørje seg kva forfattaren meiner og vurdere kva som er interessant for hennar liv.

«Kva ville eg ha gjort?»

Filmen Turist utforskar ein maskulin krise. (Foto: Arthaus)

Mange bøker, og også filmar, tar opp etiske spørsmål og kan stimulere lesaren til å reflektere over sine eigne liv. Lothe løftar fram fleire eksempel som han diskuterer i boka:

I filmen «Turist» stikk ein far av frå familien når dei står i fare for å bli råka av eit snøskred. Etterpå nektar han for å ha forlate dei. I filmen «Amour» reagerer ektemannen med irritasjon når kona får hjerneslag. Han trur ho spøkjer med han, men når han forstår alvoret, pleier han henne.

Og i romanen  «Nåde» av Linn Ullmann opplever ei kvinne at den sjuke mannen hennar ber henne love å gjere slutt på livet hans viss han ein dag ønskjer det. Då reiser ho seg og slår han i ansiktet, fordi ho er glad i han.

– Dette blir så sterkt presentert av Linn Ullmann at det er umogleg for lesaren å la vere å spørje seg: Kva ville eg ha gjort, seier Jakob Lothe og legg til: 

– Litteratur og film kan løfte fram etiske problemstillingar utan å vere moraliserande. Tvert imot kan dei som står bak, vise lesaren og tilskodaren stor tillit ved å invitere dei til sjølve å reflektere. Denne kvaliteten ved litteratur og film utgjer ein umisteleg verdi.

Aftenposten: Jakob Lothe: – Etikk har vært forsømt innenfor litteraturforskningen.

 

Emneord: Litteratur og litteraturvitenskap, Etikk Av Silje Pileberg
Publisert 7. nov. 2016 14:46 - Sist endret 4. aug. 2022 10:04