200-årsjubileum: Med tvisyn på Vinje

Aasmund Olavsson Vinje såg retta og vranga på livsens vev – med eit glimt i auga. Han kunne gråta med det eine auga og le med det andre. Professor Jon Haarberg ser både det seriøse og det humoristiske i Vinje sin forfattarskap.

DEN UORTODOKSE VINJE: Professor Jon Haarberg les Vinje sin prosa mykje meir uortodoks enn det som har vore vanleg i tolkingstradisjonen. Her gjer han Vinje visitt ved statuen i Sogn studentby. Dyra Vaa har laga vandraren Vinje i heilfigur med fjellstaven og skreppa på rygg. Bronsestatuen vart avduka i 1968. På sokkelen står to linjer frå diktet «Frå byen det berer », som opna «Ferdaminni»: «Her fann eg dei beste. Her lærde eg mest.» FOTO: OLA SÆTHER

Det er 200 år sidan Vinje vart fødd. Og mykje av det han skreiv, har funne vegen frå leseboka til gløymeboka, men noko av det beste lever. Vinje skreiv ikkje for moro skuld, men han hadde tydeleg stor glede av å skriva. Og han forarga mange med mykje av det han skreiv, og måten og målet han skreiv på, men har seinare gledt mange fleire. Jon Haarberg, professor i allmenn litteraturvitskap ved Institutt for litteratur, områdestudium og europeiske språk på Universitetet i Oslo, ser både det seriøse og det humoristiske i Vinje sin forfattarskap.

FORFATTAR OG BLADMANN: Vinje skreiv meir enn 2000 dikt, songar og prosatekstar, og sette standard for for profesjonell journalistikk. (Foto: Ukjend/ Nasjonalbiblioteket) 

Men han vil aller helst få fram den friske og frodige humoren i det Vinje skreiv, i hovudsak i prosaen, eit svært viktig trekk ved Vinje sine essay, kommentarar og reiseskildringar, oversett eller tagt i hel av både målfolk og motstandarar.

Vinje på vranga

Allereie i 1983 skreiv Haarberg si nytolkande magistergradsavhandling om Vinje og delar av hans verk, «Vinje på vrangen. Momenter til revurdering av en nasjonal klassiker». Kom som bok i 1985. Der vrengjer han den tilvande måten å lesa Vinje på – iallfall prosaen hans.

– Fyrst; me feirar Vinje i år, men vert verka hans studerte og forska på ved UiO no?

– Ikkje mykje. Det blir framleis undervist i Vinje; Ståle Dingstad har hatt seminar om norske essaytradisjonar i vår, og der er Vinje viktig. Elles vert Vinje gjort visitt i undervisninga om norsk litteratur frå tida 1800–2000 og i språkhistorie.

– Du har kalla avhandlinga di «Vinje på vrangen.» Det kan lesast slik at du vrengjer innsida eller ukjende sider av Vinje ut eller at Vinje var vrang, vanskeleg?

– Begge delar. I resepsjonsperspektiv, slik Vinje vart teken imot og opplevd i si tid, blei han nok oppfatta dels som vrang, kranglevoren, især av riksmålssida – ikkje berre debattglad. Og han var utan tvil i opposisjon og motkulturell. Men målfolka prøvde å feia det vrange og antiautoritære ved Vinje under teppet og forsvara han som ein seriøs forfattar. Vinje vart etter kvart framstilt som ein martyr og eit offer, ikkje minst i målstriden.

Les heile saka hos Apollon

Publisert 5. nov. 2018 14:35 - Sist endret 5. nov. 2018 14:38