English version of this page

Styremedlemar ILOS

Medlemar 2024

Frå leiinga

  • Christine Meklenborg Nilsen, instituttleiar
  • Anne Birgitte Rønning, nestleiar (vara)

For fast vitskapeleg tilsette

  • Eva Sarfi
  • Atle L. Wold
  • Kathrine Asla Østby
  • Diana Santos (fast møtende vara i 2024)
  • Inger Østenstad, 1. vara
  • Geir Flikke, 2. vara

For mellombels tilsette

  • Daniella Slabinski
  • Lukas Lehner, 1. vara
  • Alexandra Effe, 2. vara

For administrativt tilsette

  • Kristin Bjørneboe Eide
  • Sarah Margrethe Øverlie Eiene, 1. vara
  • Kirsti Sellevold, 2. vara

Studentrepresentantar

  • Eleonora Yancheva Mincheva
  • Kristian Lie-Haugen
  • Kurt Arthur Seljeseth, 1. vara

Eksternt medlem

  • Brit Holtebekk
  • Knut Skansen, vara

Sekretær

  • Karina Kleiva

Rolle

Instituttstyret er instituttet sitt øvste styringsorgan. Styret vedtek overordna mål, prioriteringar og strategiar for instituttet.

Instituttleiar er leiar for styret, og førebur sakene som skal handsamast. Administrativ leiar er sekretær, men ikkje styremedlem.

Alle møta i instituttstyret er normalt opne. Styret kan lukke møtet i nokre saker, slik at berre styremedlemar og sekretær er tilstades.

Styret utøver ansvaret sitt ut frå vedtak i universitets- og fakultetsstyret, og innanfor dei lover, forskrifter og reglar som gjeld til eikvar tid.

Saker

Instituttet sitt styrings- og administrasjonsreglement regulerer kva slags saker styret skal handsame.

Styret handsamar til dømes:

  • Årsplan og budsjett
  • Overordna planar, prinsipp og prioriteringar for verksemda, slik desse er nedfelte i langtidsplanar som til dømes strategisk plan og faglege prioriteringar for instituttet.
  • Godkjenning av rekneskap og årsrapport, som er to av styret sine instrument for å følgje opp verksemda.
  • Den interne organiseringa i avdelingar, faggrupper med meir vert også handsama av styret, innanfor rammer fastsette av fakultetsstyret.

Ved tilsetjing av instituttleiar og vitskapelege ansatte, innstiller styret kven som bør tilsetjast. Innstillinga blir send til fakultetsstyret, som har vedtaksmynde ved tilsetjingar.

Møte

Instituttstyret har rundt ti møte i året. Ved instituttleiars fråver leiar nestleiaren styremøtet. Nestleiaren møter med fast tale- og forslagsrett i styret.

Sjå dato og protokoll for instituttstyremøta.

Val til styret

Gruppene fast vitskapeleg tilsette og teknisk-administrativt tilsette veljer styremedlemar kvart fjerde år.

Medlemane for studentane og for mellombels vitskapeleg tilsette blir valde kvart år.

Den eksterne styremedlemen vert oppnemnd kvart fjerde år av fakultetsstyret, etter framlegg frå instituttstyret.

Publisert 22. apr. 2010 12:07 - Sist endra 24. jan. 2024 15:35