Fagleg-sosiale og faglege midlar

Studentforeiningar kan søkje om støtte frå instituttet til faglege og fagleg-sosiale føremål. Masterstudentar kan òg søkje om å få dekt ekstraordinære kostnader til masteroppgåva si. Søknad sendast til studieinfo@media.uio.no

Studentforeiningar kan søka om støtte frå IMK

Kriteria for bruk av fagleg-sosiale midlar:

  • Fagleg-sosiale midlar skal nyttast til fagleg-sosiale aktivitetar for studentar på studieprogrammane på IMK.
  • Arrangement som er opne for alle studentar på eit program, eller alle programma, blir prioriterte framfor arrangement som berre gjeld eit enkelt emne eller eit enkelt kull.
  • Fagleg-sosiale midlar kan ikkje nyttast til kjøp av øl/vin/sprit.
  • For arrangementar som går føre seg i lokala til IMK og treng kaffeservering oppfordrar vi studentane til å nytte seg av kaffetraktaren i 2. etasje.

Ekstraordinære kostnadar til masteroppgåva

Masterstudentar ved IMK kan søkje om støtte til ekstraordinære kostnader til masteroppgåva. Søknaden sendes til studieinfo@media.uio.no

Hugs stadfesting frå rettleiar!

Reglar for tildeling av midlar til masteroppgåva:

  • Du må sende søknaden på førehånd. 
  • Masterstudentar kan søkje om inntil 1500 kr for å dekke ekstraordinære kostnader til masteroppgåva
  • Kostnadene MÅ vere relaterte til arbeidet med masteroppgåva
  • Du kan berre få støtte ein gong i studietida
  • Rettleiar må støtte søknaden

Kva er ekstraordinære kostnader til masteroppgåva?

  • Deltaking på konferansar for å presentere oppgåva eller samle data
  • Feltarbeid
  • Kjøpe data/lisens/aviser/materiell du treng til oppgåva
  • Anna materiell direkte knytt til masteroppgåva

Dette reknas ikkje som ekstraordinære kostnader til masteroppgåva:

  • Pensum
  • Teknisk utstyr som PC eller liknande

Skal du delta på ein konferanse og presentere funn fra masteroppgåva di? Ta kontakt med studieinfo@media.uio.no.

Publisert 10. mars 2016 14:02 - Sist endret 4. des. 2023 12:36