Instituttstyret er det øvste avgjerdsorganet ved instituttet. Styret vedtek overordna mål, prioriteringar og strategiar for instituttet.
Instituttleiar er leiar i styret, og førebur sakene som skal behandlast. Administrativ leiar (eller den oppgåva er delegert til) er sekretær.
Alle møter i instituttstyret er normalt opne. Styret kan lukke møtet i nokre saker, slik at berre styremedlemmer og sekretær er til stades.
Styret praktiserer ansvaret sitt basert på vedtak i universitets- og fakultetsstyret, og innanfor dei lovene, forskriftene og reglane som til kvar tid gjeld.
Saker
Dei fleste sakene styret behandlar er regulerte i styrings- og administrasjonsreglementet ved instituttet
Styret behandlar
- Årsplan og budsjett.
- Overordna planar, prinsipp og prioriteringar for verksemda, nedfelt i langtidsplanar, som for eksempel strategisk plan og faglege prioriteringar for instituttet
- Godkjenning av rekneskap og årsrapport er eit av instrumenta styret har for å følgje opp verksemda.
- Ved tilsetjingar av instituttleiar innstiller styret kven som bør tilsetjast. Innstillinga blir behandla av fakultetsstyret, som har avgjerdsmakt ved tilsetjingar.
- Innstillingar til faste og midlertidige faglege stillingar blir gjorde av Innstillings- og tilsettingsutvalet ved instituttet. Innstillinga blir behandla av tilsetjingsutvalet ved fakultetet (TUV), som har avgjerdsmakt ved tilsetjingar.