Arnfinn Bø-Rygg

Ein sentral aktør ved IMV, særlig innan områda estetisk teori, tverrestetiske prosjekt og modernisme og post-modernisme

Foto: Universitetet i Stavanger

Etter å ha oppnådd magistergrad i filosofi med avhandlinga Estetisk erfaring i det moderne. En studie i W. Benjamins og Th.W. Adornos filosofiske estetikk vart Bø-Rygg amanuensis i estetiske fag ved Rogaland Distriktshøgskole (seinare Universitetet i Stavanger), og frå 1994 professor i filosofisk estetikk same sted. Bø-Rygg hadde mellom 1987 og 2002 fleire professor II-stillingar, blant anna ved NTH, Institutt for form og farge, Statens kunstakademi, Oslo, Institutt for kunsthistorie ved Universitetet i Bergen og Institut for literaturvidenskab, Københavns universitet (NorFA-finansiert gjesteprofessor i estetikk).

Hausten 1997 tiltredde Bø-Rygg som professor i allmenn estetikk ved UiO, under HF-fakultetet, med kontorplass på IMV. Undervisninga hans var i hovudsak tverrfaglige forskarutdanningskurs, seinare også eit masterkurs i Estetisk teori på Estetiske studiar og frå 2010 førelesningar i musikkestetikk.

Frå 1989–93 var Bø-Rygg medlem av NAVF-programmet ”Grunnlagsproblemer i estetisk forskning” som utløyste Estetisk seminar ved UiO. Han var leder for Estetisk seminar frå 1999 til 2010, frå 2004 saman med Knut Stene-Johansen. Bø-Rygg arrangerte i fleire år ”The For Art Lectures”, der store namn innan estetikk og kunstteori vart inviterte.

Blant Bø-Ryggs viktigaste publikasjonar kan nemnast Kjersti Bale og Arnfinn Bø-Rygg red.: Estetisk teori. En antologi og Arnfinn Bø-Rygg og Trond Berg Eriksen red. Estetisk teori – fra Platon til Diderot.

 

Publisert 30. juni 2014 17:22 - Sist endret 29. mars 2024 12:25