Kjell Skyllstad

Ein initiativtakar på mange felt, professor og kritikar. 

Bildet kan inneholde: offentlig tale, tale, talsperson, høyttaler, offisielt.

Kjell Skyllstad (fødd 1928) var tilknytt instituttet frå 1962, frå 1995 som professor. Ved sida av sitt verke som forskar fungerte han som musikkritikar i ei årrekke. Skyllstad var og tilknytt musikkhøgskulen i Graz og Ludwig-Maximilians-Universität München som stipendiat, og Walla Walla College i USA der han tok mastergraden i pedagogikk i 1952. Mellom 1968 og 1970 var han leiar i Ny Musikk.

Møter på tvers av kulturar og landegrensar har vore ein grunntone i Skyllstad sitt arbeid. Han arbeida for openheit, samhandling og inkludering, både i samfunnet og i vitskapen. Skyllstad ville bryte ned bås-tenkingar, og vart ein pådrivar for musikkmøte på tvers av sjangrar og tradisjonar. Arbeidet spenner frå tidlegmusikk til samtidsmusikk.

Etter opphaldet i Graz grunnla Skyllstad Intermusic Center i 1975. Organisasjonen arbeider med fleirkulturell musikkformidling. Gjennom arbeidet med dette vart Skyllstad meir og meir interessert i musikken som dialogskapande og konfliktløysande middel. Skyllstad var forskingsleiar for Rikskonsertanes innvandringsprosjekt mellom 1989 og 1992. Han har drive forskingssamarbeid med ei rekke institusjonar, særleg på Sri Lanka og i Thailand. Sidan 2009 har han vore tilknytt Faculty of Fine and Applied Arts ved Chulalongkornuniversitetet i Bangkok.

Skyllstad er redaktør i tidsskriftet Journal of Urban Culture Research.

Les meir om Kjell Skyllstad i Norsk biografisk leksikon her.

Publisert 29. nov. 2019 22:51 - Sist endret 29. nov. 2019 22:51