Liv Greni

Ein viktig musikkvitar, og den andre personen ved UiO som vart mag.art. i musikkvitskap.  

Liv Greni (født 1919) var eit stort talent innan musikkforsking. I 1941 oppnådde ho magistergrad med si avhandling om Richard Nordraak, og blei dermed den andre ved UiO som vart mag.art. i musikkvitskap. Greni fekk mykje hjelp frå Olav Gurvin. Ho var stipendiat i musikkvitskap ved UiO frå 1954 til 1959, og seinare programsekretær i NRK. Greni publiserte fleire artiklar og bøkar både på norsk og engelsk. Blant dei viktigaste utgivingane er avhandlinga hennar, Richard Nordraak, (utgitt som monograf i 1942), Bånsuller i Setesdal: om bruken av tradisjonelle melodiformler (Universitetsforlaget 1960) og Griegs musikk og folkemusikken (i Syn og segn, 1954).

Publisert 2. apr. 2014 17:49 - Sist endret 9. apr. 2014 10:37