Øyvind Eckhoff

Ein sentral figur innan høyrelære og musikkvitskap ved UiO.

Foto: Mimsy Møller

Øivind Eckhoff (1916 - 2001) var tilsett som lektor i musikkhistorie og høyrelære ved Noregs Lærarhøgskule i Trondheim frå 1962-1964, og arbeidde der saman med Finn Benestad. I 1965 vart han tilsett som universitetslektor (amanuensis) i musikkvitskap ved Universitetet i Oslo. Eckhoff blir beskreve som ein varm og hjerteleg person med fantastisk musikalsk hukommelse og absolutt gehør. Eckhoff tok magistergraden i musikkvitskap med avhandlinga Johan Svendsens Symfoni nr 1 i D-dur. Et tidlig vitnesbyrd om vesentlige trekk ved hans egenart som komponist. Blant hans publikasjonar i musikkvitskap er høyrelæreverket Sang fra bladet: elementærkurs i hørelære med grunndrag av musikklæren. Eckhoff var også ein anerkjent Haydnspesialist, og hans arbeid om Haydn fekk internasjonal merksemd, særleg artikkelen The enigma of 'Haydn's opus 3', som vart trykt i Studia musicologica Norvegica i 1978. Eckhoff arbeidde på Institutt for musikkvitskap i nesten 20 år inntil han gjekk av med pensjon i 1983.

I tillegg til å ha vore ein sentral aktør ved IMV, var Øivind Eckhoff viktig i kampen for homofiles rettar. Han deltok i etableringa av Det Norske Forbund av 1948. I tillegg skreiv han den første vitskaplege, norskspråklege boka om homoseksualitet, den omfattande publikasjonen Vi som føler annerledes. Homoseksualiteten og samfunnet. Boka blei utgitt i 1957 under pseudonymet Finn Grodal.

Les meir om Øivind Eckhoff i Norsk biografisk leksikon.

Kjelder: Norsk biografisk leksikon, Arvid O. Vollsnes og Asbjørn Eriksen.

Publisert 2. apr. 2014 17:50 - Sist endret 25. jan. 2019 09:38